Bunad Kolgeirsdotter: Blodhemn

En 'islandsk' saga, bra innhold
Sjanger
Annet
Språkform
Bokmål
Lastet opp
2000.05.15

Alvbann, heitte ein mann og var berserk. Han budde i eit lite hus i utkanten av staden Bergbunn, med kona si, Bjørkband, som vart kalla Isgjerda. Dei levde av vekster og bær i området kring huset deira, og møtte aldri folk. I Bergbunn, heitte ein mann Vekjerr, og var også berserk. Han hadde høyrd om Alvbann, og kona, og likte dei ikkje. Derfor drog han til huset deira og bad Alvbann til holmgang. Alvbann, som også var berserk, blei med, og døydde. Vekjerr tok så Bjørkband til viv, og ein stund etter, fand Vekjerr ut at Bjørkband var med børn. Alvbanns børn.

 

Kolgeir heitte han, og gret ikkje då han kom til verda, Bjørkband og Alvbanns son. Vekjerr meinte at sonen måtte døy, fordi han var redd for at Kolgeir ville drepa han for att hemna far sin då han blei eldre. Bjørkband gav derfor sonen til Gauda, syster si, og sa til Vekjerr at ho hadde kasta guten i havet. Eit år seinare gåv Bjørkband liv til nok ein gut. Storbrak, vart han kalla, som far til Vekjerr. Natten Storbrak vart fødd, var det tordevær ute, som aldri føre. Men Storbrak lyt seg ikkje skremme, han berre lo då torden braka, og lyn blinka. I Veneby, hos ho Gauda, vaksa Kolgeir opp til å blive ein rank og sterk mann. Då han fylde atten vintre fortalde Gauda han om Vekjerr og Alvbann. Han bestemde seg med ein gong å finne Vekjerr, og hemne Alvbann. Etter to år med leiting fann Kolgeir Vekjerr, og bad han til holmgang. Vekjerr var ein gamal og skrøpeleg mann, og svara Kolgeir med eit kvad:

 

		1
		Eg vil slett ikkje gå holmgang,
		for mine ben er skrøpelege,
		og min rygg er også skrøpeleg,
		og det gjer ondt når eg går.

 

 

Då kvad Kolgeir:

 

		2
		Om du ikkje tør slost,
		er du ikkje verdt å drepe,
		men korleis skulle eg då hemna far?
		Ikkje vet eg.

 

Kolgeir lyfte så spydet, og spidda Vekjerr. Han døydde, og Kolgeir drog tilbake til Gauda. Bjørkband møtte han aldri, for ho var i Bjørgvin på handelsreise. Då Storbrak kom heim og fekk vite kva som hadde hend, svor han å hemna far sin. Men inga tårer felde han.

 

II.

 

To år etter, møtte Kolgeir ei jente, Kvalbjørg, då han var på handelsreise i Kristiania. Han tok ho til viv, og året etter fekk dei ei dotter, Bunad. Då Bunad fylde ti vintre kom ein stor mann til garden, og spurde etter Kolgeir. Kolgeir kom, og mannen, Plankbjørn Vidarhaug, fortalde at ein mann ved namn, Storbrak hadde spurd etter Kolgeir i staden. Kolgeir forstod at det var Vekjerr sin son, og gjekk for å møte han. Då Kolgeir kom til staden, fann han inga Storbrak. Han spurde folk, og dei sa at han hadde vore her for nokre timar siden. Så Kolgeir drog heim. Då han kom inn i huset fann han kona si, Kvalbjørg, på gulvet, med ein kniv i magen. Ho såg opp på mannen sin og kvad:

 

		3
		Ein mann kom,
		han tok meg,
		og stakk meg,
		no må eg døy,

 

Så døydde ho, og Kolgeir sjøna kven som hadde drepe ho. Mannen frå staden. Kolgeir snudde seg, og der stod Storbrak og glisa.

		4
		Ho var god,
		men måtte døy,
		Du er ikkje god,
		men må også døy.
kvad han. Denne mannen kunne ikkje kvade i det heile tatt, tenkte Kolgeir, og lyfte spydet. Storbrak gjorde det samme, og dei slost. Etter ein lang kamp hadde Kolgeir falle, og Storbrak drog heim til Bergbunn, fornøyd.

 

III.

 

Flimmer, heitte ei gamal dame. Ho tok hand om Bunad, dotter til Kolgeir, etter han døydde. Då Bunad vart atten vintre gamal bestemde ho seg for å finne Storbrak, og hemne far og mor si. På vegen til Bergbunn kjøpte ho ein træl ved navn Skabb. Skabb var ein snill og varm mann, og ho blei fort kjær i han. Ein kveld hadde Skabb og Bunad ein stor krangel, og ho selde han til Torbjørn, ein reisande bonde. Så fortsatte ho å leite etter Storbrak. Det ho ikkje visste var at Torbjørn, som åtte Skabb, hadde selt Skabb til ein annen bonde, Reim-Aslak Blodgytsson, som igjen hadde selt Skabb til Storbrak. To år seinere fann Bunad garden til Storbrak. Det var natt, og ho sneik seg inn på soverommet i huset. Der låg ein mann, og ho stakk han i brystet med kniven hennar. Han stønna, og ho såg at han slett ikkje var Storbrak, men Skabb. Ho braut saman i tårar. Ho hadde drepe mannen ho eingong hadde elska. Før Skabb tok kvelden kvad han:

 

		5
		Vakre Bunad, hør du meg,
		eg har alltid elska deg,
		men no har du drepe meg.
Bunad kysste panna hans, og lukka hans glinsande augo. Bak ho, opna døra seg og Storbrak kom inn. "Kva hender?" ropte han sint. Bunad snudde seg, og sjøna kven det var. Ho drog kniven ut av brystet til Skabb, og kasta den mot Storbrak. Ho var ein mester i knivkast, og kniven traff mannen i det venstre auge. Han døydde med ein gong, og ho forta seg ut av træl-huset, før nokon ville finne ut kva som hadde hend. Hadde ho vore ein mann, ville ho ikkje ha rømd, men folk var ikkje vant til at kvinner hemna sine døde, og ho visste at dei ikkje ville like det. Då ho var på veg ut av område hans Storbrak, møtte ho ei gamal dame med krokete rygg. Den gamle såg på Bunad, og kvad:

 

		6
		Å, Bunad, hadde du berre visst,
		Alle har drepe kvarandre,
		Min son, drap min mann, som
		drap hans far. Så drap min andre	
		son min fyste son, og no har du drepe
		han. Berre du er igjen, og inga kan
		drepe deg. Æsene vil gjere det rette.

 

Bunad tok seg nær av dette, og løp bort i gråt. Den gamle døydde dager etter, med eit smil om leppene.

 

IV.

 

I åra som kom blei livet hardt for Bunad. Æsene hadde begynt å snakke til ho om kveldane. Først hadde det berre vore kviskring, men nå kunne ho høyra dei tydeleg. Dei sa at ho måtte døy, fordi ho var dotter av ein jotun, og ho hadde ingening å gjere i denne verda. Dei sa ho høyrde heime hos jotnene i Utgaard. Nokre gonger høyrde ho også Skabb. Han sa han sakna ho, og at ho måtte følge han i døden. Så ho gjorde som han sa. Ein somarnatt tende ho på huset sitt, mens ho selv var inne. Folk som så brannen, sagde i ettertid, efter mangt eit beger mjød, at dei hadde høyrd Bunad si stemme frå flammehavet rope:

 

	           7
		Pass på Æser!
		Her kjem eg!
		De skal alle døy!
		Ragnarok er nær!

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst