Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Trixie - Ein hund"s kjærleik

Trixie - Ein hund"s kjærleik

En jente som mister hunden sin i en surfe-ulykke.

Karakter: 5-

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
28.02.2004
Tema
Dyr

Eg sat på svaberget og kika ut over den stille sjøen som no var farga oransje av den gylne kveldssola. Havet, som ein gong hadde vore mitt, hadde no tatt frå meg det eg brydde meg mest om. Eg la meg på ryggen og kika opp på himmelen der skyene forma fuglar og dyr. Det var rart kor fort alt hadde skjedd. Ei tåre trilla ned over kinnet mitt. Eg tenkte på  Trixie.

 

Trixie hadde alltid vore ei trøyst for meg, hadde alltid meg på kor godt eg hadde det. Ho hadde gitt meg ei form for nærleik som ikkje kunne erstattast for noko i heile verda. Men no skulle det altså vere over. Aldri meir skulle eg møtast med eit blidt ansikt og ein logrande hale, aldri meir kjenne den blaute, mjuke pelsen gli mellom fingrane mine, og heller aldri meir trøystast når problem meldte seg.

 

Eg reiste meg opp og gjekk mot den lille blå hytta eg hadde leigd i utkanten av den rolege landsbygda. Det var berre nokre veker sidan eg og Trixie var kome hit. Då hadde alt vore så idyllisk, og ironisk nok hadde eg trudd ingenting kunne øydeleggje sommarferien.

 

Trixie elska å symje og leike i vatnet, og den einaste tida eg gav etter for å vere eit bekymringslaust barn igjen, var då eg leika med Trixie i vasskanten. Ho var alltid med ut når eg skulle surfe på dei store bølgjene som rulla inn mot stranda som låg som eit belte rundt holmen. Ho hoppa alltid glad og lykkeleg rundt beina mine når eg tok brettet mitt og spaserte nedover mot sjøen. ho var i hovudsak den som gav meg mot til å gjere det som skulle bli det eg levde for; nemleg surfing. Dette var lenge sidan. No er det mange år sidan Trixie første gongen oppmuntra meg til å prøve.

 

Grunnen til at vi reiste hit på ferie, var nettopp fordi eg ville surfe. Eg ville prøve ein ny stad, ei ny oppleving. Då eg høyrde bølgjene visstnok skulle vere større her, visste eg at hit måtte eg dra.

 

Alt gjekk som planlagd. Eg surfa kvar morgon og formiddag, for då var bølgjene størst. Dess større dei var, dess meir intens var kjensla. Kjensla av å vere bølgjas herre.

 

I går skulle vinden auke, og dette betydde større bølgjer. Ein unik sjanse, tenkte eg. Så tidleg på morgonen neste dag, stod eg opp og kledde meg for surfing. Vêret var skiftande og eg kunne sjå skyene skunde seg over himmelen.

 

Bølgjene var større enn nokon sinne. Fire – fem meter høge slo dei innover stranda med ein valdsam fascinerande kraft. Eg hugsar eg stod lenge og såg ut over sjøen før eg gjekk ned. Spenninga steig ved kvart steg eg tok. Dette ville bli ei utfordring utan like. Som alltid hoppa Trixie muntert rundt beina mine og oppmuntra meg.

 

Eg gjekk ned til stranda med Trixie i helene. Eg la meg på brettet og symja utover. Trixie symja trufast ved sida av meg. Framføre meg reiste det seg no ei bølgje, så stor som eg berre har drøymt om. Eg reiste meg opp på brettet, og tenkte ikkje på å sjå etter Trixie. Dette fekk fatale følgjer. Eg var då på toppen av bølgja og såg bølgjedalen mange meter under meg. Vinden ruska tak i meg, og eg kjende så godt den friske, varme sjølukta som velta over meg idet eg sette utfor.

 

Eg symja inn mot land igjen etterpå. Eg måtte få ein oversikt, finne ut kor Trixie var blitt av. Eg stod på land og speida lenge før eg såg ho. Då var det allereie for seint. Ho låg og flaut i vatnet. Mest sannsynleg hadde ho hamna under ei bølgje.

 

I dag har eg ikkje surfa. Eg har vore på svaberget mesteparten av dagen. Eg har tenkt på korleis Trixie viste meg korleis eg skulle få eit godt liv, korleis eg har eit godt liv. Ho var ikkje berre ein hund, men ein hund med visdom. Visdom eg vil ha nytte av for evig og alltid.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil