Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Å drepe et barn

Å drepe et barn

Analyse av Stig Dagermans novelle.

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
09.02.2004


Novella ”Å drepe et barn” er skreve av den svenske forfattaren Stig Dagerman. Han mottok svenske Dagbladets litteraturpris i 1946 saman med Aurell og Anderberg. Denne novella blei opphavleg skreve til ein svensk trafikktryggleikskampanje i 1948.

 

Handlinga strekkjer seg over tre landsbyar. I den første landsbyen er det ein mann og ei dame som har bestemt seg for å reise ut til havet for å ro i båt. Dei er veldig lukkelege og gleder seg til å komme ut til havet på ein slik vakker dag.

 

På same tid i den tredje landsbyen, held ei kvinne på å lage mat. Ho legg merke til at ho manglar sukker, så ho sender barnet sitt over gata til Larssons for å låne eit par bitar sukker. Faren til barnet roper etter det at det må skunde seg, for båten ventar på stranda og dei skal ro så langt som dei aldri før har rodd.

 

Mens barnet spring over vegen køyrer det lukkelege paret inn i den andre landsbyen. Det går svært fort, for dei vil fortast mogleg nå fram til havet.


I den tredje landsbyen er barnet på veg over gata med sukkeret som det har fått låne av Larssons. Bilen med det lukkelege paret kjem i stor fart bortover vegen, og dei ser ikkje barnet som held på å krysse over. Bilen treff barnet og det ligg livlaust att på bakken.

 

Denne novella byrjar med å gi oss eit inntrykk av korleis stemninga er denne dagen. Vi får vite at det er ein vakker sundag morgon og sola står på skrå over sletta. Men allereie i overskrifta får vi vite at denne dagen ikkje kjem til å bli like idyllisk som det ser ut som. Overskrifta er eit frampek i seg sjølv, og vi får høyre dette frampeket åtte gongar i teksta. Forfattaren antyder så vidt nesten heilt i byrjinga at det kjem til å bli ei trafikkulukke: ”…og den blanke støtfangeren har ingen merker og er heller ikke rød av blod.” Framstillinga er kronologisk; Vi får vite kva som skjer heilt i frå mannen og kvinna i den første landsbyen fyller bensin, og barnet i den tredje landsbyen sit på gulvet og knappar sitt liv, til desse to parallellhandlingane møtast når barnet blir drept. Tidsrommet handlinga strekkjer seg over er sikkert ikkje meir enn 15 min, noko som viser kor fort livet kan bli snudd på hovudet.

 

Novella når klimaks i det bilen treff barnet. Ein visste heile tida at barnet kom til å bli drept, det har vi fått høyre mange gongar. Forfattaren brukar ordet ”drepe”. Det er ikkje vanleg å sei at ein har drept nokon dersom ein ved eit uhell køyrer ned ein person, men i denne novella verkar det riktig å bruke eit slikt utsegn. Det var ikkje med vilje at mannen drap barnet; to gonger i teksta står det at ”det er ikke en ond mann”, og det står at ”han ville ikke gjort en flue fortred”, men likevel var det denne mannen som drap barnet. Han køyrde for fort, men kven gjer vel ikkje det? Alt han ville var å komme ut til havet fortast mogleg, for det var slik ein vakker dag.

 

”Men så ubarmhjertig er livet mot den som har drept et barn, at allting etterpå er for sent”. Slik slutter novella. Det viser kor brått menneskers liv kan endrast, berre i løpet av ein brøkdel av eit sekund. Vendepunktet viser at no er det ingen veg tilbake, og dei kan ikkje endre på det som har skjedd uansett kor mykje dei vil det. Livet til menneske som nettopp var så lukkelege, har no blitt snudd om. 

 Forfattaren vekslar mellom ein autoral synsvinkel og ein allvitende synsvinkel. Mesteparten av tida refererer berre forfattaren det han ser og høyrer, men nokre gongar får vi også innblikk i tankane til nokon av personane: ”Da barnet siden løper gjennom hagen, tenker det hele tiden på åen og på fiskene som vaker…”  Forfattaren veit tydelegvis også litt om personane han skriv om; heilt i byrjinga skriv han at ”to unge har funnet en sti som de aldri før har gått”, og vi får også vite at ”det er ikke en ond mann” og at personane er lukkelege.

 

Ingen av personane i novella har namn og vi får vite svært lite om dei. Det kan vere for å vise at kven som helst kan få livet sitt brått snudd om på hovudet, og det vil få konsekvensar som vil plage dei i mange år framover fordi dei ikkje gjorde noko annleis. Det er heller ingen replikkveksling i teksten, men det ville berre ha virka overflatisk i ein slik tekst. Vi som lesar blir på ein måte tilskodar til det som skjer, og det kan føles som om vi observerer dette frå lang avstand. Forfattaren si meining med å skrive ei slik novelle er sikkert for å vise at livet til fleire menneske kan endrast berre i løpet av eit brøkdels sekund. Og bodskapen i denne teksten må vere at du må vere forsiktig i trafikken, for det er så lite som skal til før liv går tapt.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil