Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Om minne

Om minne

Essay om det å huske

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
08.02.2004
Tema
Hukommelse


Eg er ganske oppteken av dette med å hugse, mimre, tenkje tilbake og slikt. På ein måte har eg lagt litt av min stoltskap i akkurat det å hugse, sjølv om eg eigentlig ikkje hugsar mykje frå dei siste 15 åra om eg skal vere heilt ærlig. Framleis liker eg å tenkje at eg er kjempeflink til å hugse, som blant anna: at eg har blitt skifta bleie på, at mor mi song ein do-sang då eg skulle lærte meg å gjere mitt fornødne på toalettet, fyrste skuledag og liknande. Men på same tid så føler eg at eg nesten ikkje hugsar ein ting frå fyrste klasse og fram til sjuande, eg hugsar ting som kven vennane mine var, men noko meir? Ikkje tale om.  Det følast ærlig talt som om eg skulle ha vert dopa ned på valium, eller nokon ande sterke sløvande, i dei sju åra.

 

Det med dop og det å gløyme ting trur eg er veldig riktig. Er du rusa hugsar du jo ikkje så klart frå den førre dagen, og i filmar, spesielt dei frå 90-tallet, gjer dei jo alltid eit stort poeng ut av at dei narkisane som er med ikkje hugsar ein drit i frå den perioden då de var "på kjøret", då dei var ville, høyrde på The Rolling Stones og berre trudde på sex, drugs and rock'n'roll. Men det som er litt merkeleg med dei, er at dei ikkje er opptatte av å få minnet tilbake, kanskje dei veit at det er ei tapt sak, men framleis, eg trur eg ville visst kva eg hadde bedrevet dei siste år med.


 

Menneskjer som har lidd av minnetap kjemper jo hardt for å hugse, men det er jo mulig det har noko å gjere med at dei har ikkje vert  dopa. Hjernen skal ha fått lagra alt. Men kva skjer då om det viser seg at han som ser så streit ut og som kom inne sjukehuset med diagnosen akutt amnesi eigentleg var rusmisbrukar. Viss han ikkje hugsa at han var misbrukar, ville han då prøvd å minnes dei siste åra, eller ville han godtatt tapet av minne slik som dei andre narkisane?

 

Så det er jo eigentleg ein stor forskjell, ofte så har jo dei med minnetap forårsaka av eit hardt slag i hovudet eller liknande gløymt kven dei er, identiteten deira, noko som er verre enn å gløyme eit par år.

 

Det begge mistar, er kva eg så fint kallar det; psykiske minnar. For eg trur nemlig at du kan skilje mellom psykiske og fysiske minner. Det at vi hugser korleis vi skal gå, prata, skrike, alle dei naturlige urinstinkta som vi berre kan. Selvfølgelig, viss du hamner i koma av ein eller anna grunn, og ligg der i åtte år og får muskelsvinn og kva verre er, då må du jo minnast på akkurat korleis det var du gjekk, og prata og kanskje til og med korleis ein skal hugse ting, men sånn ellers meiner eg. Ein gløymer berre ikkje korleis ein spring og prate, utanom viss du er skrekkslagen eller noko, men det er jo ikkje ofte ein er så skrekkslagen at ein gløymer sånt heller.

 

Eigentleg kan du tenkje at instinkt og fysiske minner er ting som ligg lagra i hjernen din lenge før du ein gong er blitt unnfanga.  Då blir det jo nesten akkurat som om vi er robotar som har ein slags datamaskin som hjerne, som har lagra kontroller og impulsar. Hjernen er eigentleg berre ein grå masse, som kontrollerer impulsar og elektriske signaler, så då er det ikkje langt unna i teknisk forstand heller, når ein tenkjer seg litt om.

 

Men eg berre kom til å tenkje på at viss ein har eit slags lager av ting ein kan før ein er unnfanga så er det vel ikkje så langt unna å tru at ein kanskje har levd eit førre liv. At dei personane som kjem fram på dårlig budsjetterte TV-programmer, lagd for dei små kanalane eller for dei som bryr seg meir om kvantitet enn kvalitet, faktisk hugsar sitt førre liv. At uføre Edna Solheim på 36 faktisk var dronning Kleopatra. Det er absurd, men ein kan ikkje sjå bort i frå det, det finnes faktisk meir mellom himmel og jord enn mange kunne tru.

 

Det er ein del som meiner dei kan bevise at dei levde ein gong på 800-tallet eller noko, fordi dei hugsar så mykje frå det. Det var ei gong ei dame som gjekk til ein psykolog fordi ho hadde begynt å få så rare draumar, om halshogging, om Frankrike, religion og slike ting. Psykologen hypnotiserte ho, og ho prata i vei om livet hennar, der i Frankrike på 16-1700-talet. Ho trudde ikkje ho vert Marie Antoinette eller nokon andre berarumte personar frå den tida, berre ei vanleg dame, noko som gjorde historia hennar meir truverdig. Ho kunne i detalj fortelje om livet, styresettet, korleis bokvilkår og levevilkår det var og masse, masse meir. Alt virka veldig truverdig. Ho kunne ramse opp faren sitt, mora sitt, syskjene sine og bestevenninnene sine namn og brukte ein del gamle franske uttrykk som berre blei brukt på denne tida. Dessutan fortalte ho svært detaljert korleis ho som katolikk blei erta og seinare, truleg blei drepen av protestantane. Men etter alle opplysningane var journalført såg tilfeldigvis sekretæren på dei og konstaterte at dette berre var livet til ein rollekarakter i ein best-selger roman av Tracy Chevalier.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil