Er kvinnekamp nødvendig i dag? Dette er eit spørsmål som kan vere svært vanskeleg å svare på, og svaret kan variere nokså mykje etter kor i verden du befinner deg. Ei vestleg kvinne har i dag mykje meir rettar enn ei kvinne frå Austen. Dette er mellom anna på grunn av religion og eit nokså mannsdominerande samfunn. Eg skal no ta for meg dette temaet, og eg skal ta utgangspunkt i kvinnekampar her til lands. Fyrst og fremst skal eg ta for meg kvinner i arbeidslivet.
Arbeidslivet har forandra seg mykje gjennom hundre år. Ved århundreskiftet var det lange arbeidsdagar, dårleg lønn og kvinner hadde dårlegare jobbar enn det menn hadde. I byane var forskjellane mellom ektefellanes arbeid og roller i samfunnet størst. Mens mannen ble lønnsarbeidar med ansvar for å forsørgje familien økonomisk, måtte kvinnene utføre alt arbeidet i heimen.
Heilt fram til 1960 – åra har idealet vori ei familie med mannen ved dreiebenken, kvinna ved kjøkkenbenken og barna på skulebenken. Tanken frå 1950 – og 1960 – talet om at mannen var familiens eineforsørgjar er no borte, og det er svært få unge jenter i dag som ønskjer å bli forsørgja.