Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Men vi lever

Men vi lever

Kort diktanalyse av diktet "Men vi lever" av Rolf Jacobsen.

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Bokmål
Lastet opp
15.05.2000

Diktet "Men vi lever" frå samlinga "Headlines" vart utgitt i 1969 av Rolf Jackobsen. Dette er eit typisk "moderne dikt", som tek føre seg dagens samfunn og skildrar levestilen vår. Dette vert sett i kontrast til at menneska lever "uforklarleg og magisk" på ei stjerne.

 

Stemmninga er kanskje litt filosofisk. Diktaren skriv om menneska sin kvardag på jorda igjennom heile diktet, men avsluttar med at vi "lever på en stjerne" og karakteriserar dette som noko magisk og uforklarleg. Diktaren skildrar forskjellige aspekt i livet vårt. Kvardagen i vårt urbane og demokratiske samfunn på den eine sida.Og på den andre sida trusselen frå kjernefysiske våpen og hungersnød. Han seier at "vi lever med en tretthet i våre tanker" -altså tærer dette på oss psykisk. Kva er det som likevel får oss til å fortsette dette strevet? Er det nokon meining med det? Kanskje er "vi lever på en stjerne" eit symbol på noko på avstand som vi kan strekkje oss etter og leve opp imot? Undringa over universet og skapelsen kan kanskje vere drivkrafta til oss menneske når vi held fram dette livet -tilsynelatande utan meining.

 

Det er inga strofeinndeling i diktet. Derimot er det eit mønster med faste gjentakingar. Pronomenet "vi", og verbet "leve" går igjen i heile teksten. Denne gjentakinga, ( "vi lever" ), er med på å skape ein heilskap i diktet, og dessutan gi oss ein peikepinn på temaet. Etter orda "vi lever", kjem forfattaren med ein preposisjon for å beskrive korleis vi lever. "Vi lever" skapar også ein "kunstpause" når ein skal lese diktet munnleg. Det er også brukt ein del kontrastar. For eksempel er det nemnt ein blomst i vinduet, som kan vere eit symbol på fred og harmoni. Denne setninga blir etterfylgd av utryddelsestruslar. Det er også ein klar kontrast mellom hovuddelen og dei siste 5 linjene, der forfattaren går over frå å bruke konkrete motiv, til å bruke abstrakte ord.

 

Motiva er henta i frå dagleglivet til dømes orda "supermarkedene og ostehyllene", "TV-kvelden","ukebladene og bensinstasjonene", i frå miljøvern som orda "jetflystripene", "røk-omslørte byer" ,"host i forgasseren" og i frå krig og katastrofar som orda "hydrogenbombe" , "utryddelsestrussel" og "de sultne som dør i milionvis". Diktet vart gitt ut i 1969. Dette var ei tid då "den kalde krigen" dominerte de internasjonale nyheitsbiletet. Kanskje er diktaren inspirert av det som hende i samtida.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil