Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Surrealisme: M.C. Escher og "Waterfall"

Surrealisme: M.C. Escher og "Waterfall"

Om M.C. Escher og hans bilde Waterfall.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
02.02.2004
Tema
Kunst


Surrealisme (1920-1940)

(=overvirkelig, ikkje naturtro)

 

Surrealismen bygde på fantasien og dadaismen, som la vekt på tilfeldige arrangement av gjenstandar. Surrealistane ville gi uttrykk for den frie utfoldinga av menneskelege, gå inn i underbevisstleiken. Dei var opptadde av å utforske og illustrere det ubevisste. No hadde det rasjonelle og vitskaplege synspunkt dominert for lenge, meinte surrealistane. Dei ville frigjere førestillingsevna, og gjera folk meir bevisste det poetiske aspektet, meir enn det vitskaplege. Kunstuttrykka verkar ofte hinsides all fornuft. Bileta er spanande og draumeliknande.

 

Namnet surrealisme var skapt av Gulliaume Apollinarie i 1917 for å betegna eit av hans skodespel. Kunstbevegelsen byrja i 1924 og fortsette til slutten av –30åra (til ca. 1940). Den blei organisert og teoretisk utforma av den franske forfattaren Andrè Breton. Dei ville viska ut grensa mellom draum og verkelegheit, og utvikla ein ny super realitet i kunsten, påverka av Freud sine teoriar om det ubeviste.


 

Surrealismen sine røter går langt tilbake. Ved byrjinga av det tjuande århundre var det stor interesse for det ubevisste i sinnet, og i kunst og litteratur henta ein fram 1400 –tals malaren Hieronymus Bosch fordi han hadde i symbolform fortolka middelalder-menneskets frykt og djupaste lengsler. Nokon av desse symbola var tradisjonelle, medan andre kom frå kunstnaren sin fantasi. I middelalderen låg desse sterke kjenslene nær overflata, og det var berre eit lite skritt å gjera dei synlege i måleria. Bosch viste i si tid det same som Freud viste seinare og meir vitskapleg, nemleg at symbolet kan vere sambandet mellom det bevisste og ubevisste.

  

Dei to mest kjende kjende surrealistiske kunstnarane var Salvador Dali og Max Ernst. Salvador Dali sa at han hadde dei same tendensane som ein psykotisk person; hallusinasjonar, visjonar og besettingar. Men til forskjell frå den psykotiske som trudde desse fantasiane var verkelegheita, var Dali fullt oppmerksam på forskjellen mellom den imaginære verda og den verkelege. Hans livlige personlege fantasiar blei verkelege ved at han malte dei.

 

Max Ernst var kanskje den størtste surrealistmålaren, han syntest å vere surrealist av temperament. Frå han var ung hadde han ein levande førestillingsevne, han observerte verkelegheita og lot fantasien sin spele på den. For han var det fullstendig naturleg å måle sine fantasiar og sjølvpåførte hallusinasjonar. Han måla ofte skogar, fulle av symbol, men det er ikkje alltid like enkelt å oppfatte symbola, for han nyttar ikkje tradisjonelle symbol.

 

 

Waterfall

 

<bilde>

Biletet eg har vald heiter Waterfall, og er eit litografi laga av M. C. Escher i 1961. Biletet er figurativt, og er ei skildring av eit hus med tårn og eit vassfall.

 

Biletet er svært forseggjort, men dersom du set deg ned og studerer det nøye, vil du sjå at konstruksjonen er umogeleg. Det går ikkje an! Vatnet renn eigentleg rett fram, men søylene får det til å sjå ut som om det er fleire etasjar (dvs. at vatnet renn oppover!), dessutan står desse søylene ”i hytt og pine”!

   

 

 

 

 

Escher var ein mester i å lage umogelege konstruksjonar og mange ulike mønstre som glir over i kvarandre. Her er to gode dømer; Waterfall ovanfor, og Matamorphosis nedanfor.

 

<bilde>

 

 

 

 

Tankar om kunstverket

 

Det falt naturleg for meg å velje dette kunstverket fordi dette biletet har eg vore fascinert av lenge. Eg såg det først i naturfagboka mi, og har sidan sett det i fleire samanhengar, det er utruleg godt malt. Og eg synes at det er eit kjempefint bilete i tillegg til at eg er fascinert av korleis kunstnaren har lagt inn mange delvis skjulte feil rundt om i biletet.

 

Eg kan sitte lenge å studere det for å finne alle ”feila” på biletet, prøver å tenkje og studere meg til korleis han har gjort det.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil