Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Ei historie om ender på Vestlandet

Ei historie om ender på Vestlandet

Tolkning av novellen "Ei historie om ender på Vestlandet"

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
15.05.2000


Ragnar Hovland leiar oss direkte inn i tankane til hovudpersonen, som tenkjer tilbake. Heile handlinga i novella er opplevingar dei siste dagane, sett gjennom tankane hans. Vi får raskt eit innblikk i problema til hovudpersonen og skjønar at det er folk rundt han som irriterar han.

 

Inleiinga av novella er eit frampeik som seier at noko spesielt kjem til å skje. "Det har tilspissa seg i lang tid. Det går ikkje an å bortforklare det lenger." Dei fyrste setningane fortel at no har hovudpersonen fått nok, og at det som ein følgje av dette kjem til å skje noko spesielt. Innleiinga verkar og på den måten at den gjer lesarane nysgjerrige på framhaldet. Kva er det som har tilspissa seg? Kva går ikkje an å bortforklare lenger? Svaret kjem i framhaldet av novella, der hovudpersonen ser tilbake til forrige onsdag, og dagen etter. Det er dette som er handlinga i novella, og den inneheld to delar. I den fyrste delen ser hovudpersonen at dikta og sonettane hans blir feil brukt. Han blir meir og meir irritert over dette, og til slutt gjev han opp. I den andre delen, kvittar han seg med alle dikta og sonettane sine ved å mate endene i parken med dei. Endene et dei og vert til flotte påfuglar. Slutten, der dei to eldre mennene sit og snakkar samen, får virkning som ein epilog. Det dei seier kan vi oppfatte som ei oppsumering av kva som har skjedd med hovudpersonen og med dei andre menneska i samfunnet.

 

Miljøet og hendingane i novella blir skildra gjennom tilbakeblikket og tankane til hovudpersonen. Denne synsvinkelen virkar på den måten at vi lettare kan sjå forandringane som skjer med hovudpersonen utover i novella. Forfattaren klarer lettare å uttrykke hovudpersonens aukande fortviling, heilt til han må bøye seg under for den store massen. Vi ser òg lettare skilnaden på hovudpersonen og dei andre personane i teksten.

 

I novella får vi høyre om gjentekne episoder der folk brukar dikta og sonettane feil. Det blir verre og verre for hovudpersonen å sjå kva dikta hans vert brukt til, og det byggjer seg opp til eit lite høgdepunkt då han resignerer og bestemmer seg for å kvitte seg med dikta. Det verkelege høgdepunktet er då han kastar dikta i ande-dammen for at endene skal ete dei. "Eg ønskte at nokon hadde filma alt saman", tenkjer hovudpersonen, fordi han no har kvitta seg med dikta og er kome til eit vendepunkt i livet sitt.

 

Grunnmuren i novella er bygd på kontrastar og forandringar som skjer eller har skjedd med dei som er med i novella. Ragnar Hovland brukar konkrete ting som bilete på betydelege og grunnleggjande ting ved mennesket sin person. Dikta og sonettane er i novella eit bilete på dei grunnleggjande og flotte tinga i menneskelivet. Hovudpersonen er i starten av teksten den einaste i forteljinga som veit korleis desse dikta, eller dei viktige tinga i livet, skal brukast, og kva verdi dei har. Dei andre personane i novella, dei han bur ilag med, brukar dikta på feil måte og klarer ikkje å sjå verdiane av dei. Etter kvart fører frustrasjonen hos hovudpersonen til at han gjev opp. Han kvitter seg med dei viktige tinga i livet, og blir ein av dei andre då han sjølv bruker dikta sine feil, nemleg som andemat.

 

Endene i andedammen er eit bilete på menneska i samfunnet. Til å byrja med er dei litt skeptiske til den nye maten dei får, men då fyrst ein av dei misbrukar dikta, og et dei, følgjer alle dei andre etter som i den berømte saueflokkmentaliteten. Dei andre endene ser at den fyrste blir så fin og vil då bli like eins. Men fordi dei har brukt dikta som representerar dei viktige tinga i livet på feil måte, er dei blitt til eit glansbilde skapt av misbruk av verdiar. Dei er ikkje lenger det dei var meint til å vere, men derimot noko falskt. Slutten av novella fastslår dette i dialogen mellom dei to eldre menna: "Eg hugsar i gamle dagar….Då ender verkeleg var ender, og det aldri var noko slik nymotens tull med dei." Dei to eldre mennene har vore tilskodarar og deltakarar til den utviklinga som har skjedd i samfunnet. Og fordi dei er gamle, hugsar dei korleis det var før.

 

Eit viktig verkemiddel i novella er kontrastane, og i den fyrste delen av handlinga er det to viktige kontrastar. Den eine er skilnaden på dikta, det viktige i livet, før og etter at dei er blitt misbrukte. Eit av dikta var blitt brukt som handklede, og den beste linja var blitt skrukkete og diffus. Eit anna var brukt som skjerefjøl, og heile estetikken var blitt borte. Dette brukar forfattaren for å fortelje at dei viktige tinga mister sin verknad og er ikkje så perfekte etter at dei er brukt feil. Den andre kontrasten i fyrste del er skilnaden mellom hovudpersonen og dei andre personane i novella. Han er den som veit å verdsette dei verkelege verdiane til dikta og klarer å sjå deira meining. Dei andre personane bruker dikta feil og skjønar ikkje meininga med dei. Forfatteren får og fram skilnaden mellom hovudpersonen og dei andre ved at hovudpersonen ikkje vil identifisere seg med dei. Det ser vi då ein av dei han bur ilag med brukar eit av dikta som skjerefjøl: "Eg visste ikkje kva han heitte ein gong. Han stod der dessutan i berre pyjamasen, og da kunne det vere det same med heile namnet hans."

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil