Eg er raud og ganske rund i kantane. Som det latinske navnet mitt seier, ruller eg avbarde, på fire hjul. Eg seier brum, brum og tut, tut (viss du tutar med hornet) og har eit ratt. Kva er eg?
Ja, eg er ein bil. Men ikkje kva som helst bil, eg er ein praktfull raudlakka Volvo Amazon 67-modell, med to forgassarar som brølar som to sinte oksar, og KGS (kort girstong). Ikkje ei ripe i lakken, og eg er frisk som ein fisk. Klart eg har vore hjå Dr. Bilmekanikar ein gong og to, men alle blir jo sjuke av og til, ikkje sant? Fint at dei kan gjere slike organ-
transplantasjonar og sånt. Visste du at det til og med er skrive ein song om meg? Joda, han Øystein Sunde han er ein kul fyr, han syng ein song om meg, Gammal Amazon. Meister Arne skrur alltid opp lyden når den songen kjem på radioen, og då blir eg i så godt humør og køyrer litt fortare.
Eg har mange mil på speedometeret, og kjenner dei fleste vegane i Byen og rundt omkring han. Byen er Oslo, og det er ikkje langt frå der eg og meister Arne bur. Meister Arne er han som køyrer rundt med meg. Eller, det er jo eigentleg eg som køyrer rundt med han, viss du forstår. Eg og Meister Arne har eit veldig spesielt og fortrolig forhold. Han er den einaste eigaren eg har hatt, det er han som har kjøpt meg, ”oppseda” meg og teke vare på meg. Eg betyr og mykje for Meister Arne. Eg er den trufaste, raude folen hans. Eg har redda han ut av mange vanskelege situasjonar, og sviktar aldri når det gjelds som mest. Til dømes når han har vore i Byen og sjekka dame, og det ikkje har gått så bra. Eg står alltid trufast og tålmodig og ventar, og ser Meister Arne kjem springande med ei hissig dame flagrande i hælane. Då bykser han inn og set seg ved rattet mitt, og kvinnfolket står kokande att og ser ein raud Volvo køyre avgarde i vill flukt.