Hemn

En kort novelle på nynorsk med en tragisk og overraskende slutt.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2003.03.27

Martin kjende den kalde vinden slå imot han. Samstundes som han kjende snøen piske han i fjeset som hagl på sitt verste. Det var ei grufull smerte. Det einaste som oppmuntra han var tanken på Mette.

Han kunne ikkje vente med å gi henne smykket. Han hadde spart pengane til eit spesielt høve. Men berre tanken på kor glad ho ville bli var nok. Dette smykket skulle være bevis på kor mykje han elska henne.

 

Litt bortanfor seg kunne han se huset hennas. Eit ganske stort, kvitt hus med mange vindauge. Han gjekk litt fortare. Han håpa på at ho var på soverommet, fordi da var det berre å banke på vindaugsruta. Ho var einaste i familien som hadde rom nede. Da kunne han overraske henne samstundes.

Han gjekk fort inn i hagen og rundt huset. Han nærma seg ruta mens hjartet hamra raskare og hardare enn noen gong.

 

Han såg inn. Han kjende raseriet, frustrasjonen, og fortvilinga stige i heile kroppen. Det var heilt uverkeleg. Dette kunne ikkje skje ham. Det måtte være ein draum, eller rettare sagt eit mareritt.

Rett der inne. Om lag 2 meter ifrå han stod den einaste han noensinne hadde elska og klinte med bestevenen sin. Det virka som om blodet begynte å koke, før det kokte over. Lik ein vulkan som etter mange år endeleg gir etter for magmaen. Han kunne faen ikkje berre stå der og late som ingenting. Så hamra han på ruta så hardt han kunne. Det var ein nyting å sjå på reaksjonane deira. Dei spratt til sida lik oppdagne kaninar på gulrot jakt. Nå var det dei som var syndebukkane og dei som hadde grunn til å ha dårleg samvit. 

 

Men det var ikkje nok. Dei fortjente noe verre enn dette. Så gjekk han bestemt bort til boden og henta ein hammar. Tankane fór igjennom han som skot på ei slagmark. Så med all sin kraft slo han hammaren inn i ruta så den knuste. Men i same augneblink kjende han ein hand i ryggen. Så i rein reaksjon samstundes som han var surare enn noen gang snudde han seg med hammaren først, og smelte den med spissen først inn i halsen på Roar som var bestevenen hans. Han hadde i alle fall vært det før denne dagen. Han kunne se blodet sprute ut av halsen som frå ein fontene. Og han kunne høre han presse ut orda: ”Det var ikkje meininga? Kan du tilgi meg?” Så døyde han.

 

Først da såg han kva han hadde gjort. Han hadde knust ei rute og drepe bestevenen sin. Berre på grunn av ei jente. Så la han seg ned ved sidan av bestevenen sin og gret. Gret i fortviling over kva han hadde gjort. Gret over å ha mista Mette. Den einaste han elska. Ho kom aldri til å tilgi ham. Gjennom tårane i auga hans kunne han så vidt skimte ein skapnad. Det var Mette.

”Eg burde seie farvel. Seie takk for meg og gå.” Sa Martin. ”Det er ikkje noe igjen å leve for i denne verda lenger. Eg er så lei meg.” Så løfta han hammaren frå bakken og slo den med all sin kraft og styrke mot sin eigen hals. Med spissen først.  

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst