Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Ivar Aasen og Marlboro-mannen

Ivar Aasen og Marlboro-mannen

Kåseri der eg samanliknar Ivar Aasen og reklamenmannen "Marlboro-mannen".

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
08.03.2003


Nynorskinnlevering Desember 2002:

Ivar Aasen og ”Marlboro-mannen”

 

 

Skal ein samanlikne Ivar Aasen med nokon annan historisk person må det vere ”Marlboro-mannen”. Den rotekte amerikanaren på hesteryggen med ein sigarett i munnvika, som dei aller flest nolevande nordmenn har sett på store reklameplakatar på svippturar til Hirtshals, er på mange måtar Amerikas svar på vår eigen Ivar Aasen. Denne høge, mørke mannen iført boots og cowboyhatt var òg å sjå i Noreg heilt fram til 1975. Då rei han hostande inn i solnedgangen på veg mot kreftsjukehuset. Stortinget vedtok ein lov mot tobakksreklame.

 

Aasen var riktig nok verken høg eller særleg mørk, men han var rotnorsk. Hatt hadde han, om han hadde boots veit eg ikkje. Han måtte i det minste ha nokre gode sko. For Ivar Aasen var mannen som gjekk meir enn ti gonger distansen Kristiansand-Oslo for å samle dialektar. Ikkje bokstavleg talt, han vandra Noreg på kryss og tvers, frå Mandal i sør til Rana i nord. Ja, du høyrde rett, desse distansane gjekk han til fots, Eilert Sundt hadde stukke av med karjolen…


 

Du skjønar, Ivar Aasen hadde ikkje eingong ein eigen hest, slik som vår venn ”Marlboro-mannen” har. Han åtte så og sei ikkje nåla i veggen, det måtte i så fall vere ein knappenål han hadde med seg i skreppa si. Misforstå meg rett no, det vart aldri noko ”skreppe” på Aasen, aldri noko fru Aasen å elske og ære inntil døden skilde dei ad. Men likevel vert Aasen kalla ”far”. Misforstå meg rett nok ein gong, han hadde ikkje lausungar rundt omkring på gardane i Noregs grisgrendte strok, eller slik som ”Marlboro-mannen”, kvinnfolk han vitja når han var innom dei store byane. Gong på gong ynskja nok Ivar Aasen at det skulle vere slik, men det vart med tanken. Inga dame ville ha ein ”raring” som sneik i buskane for å få tak i ord og lage eit språk av det. Han ende berre opp som ”nynorskens far”. Attende til reisene hans;  Eg er glad han ikkje kom seg lenger nord enn til Rana. Korleis hadde det vorte om han hadde blanda samisk inn i sitt nye skriftspråk, han var trass alt ein undreleg skrue, og truande til det. Var han i tvil om eit ord, sette han berre inn noko som likna norrønt. Aasen kunne ikkje fordra dansk, og mislikte derfor austlendingar og sørlendingar. Sidan han var fødd  på Ørsta på Sunnmøre, likte han Vestlandet og Midt-Noreg best, nordlendingane var ok. Aller dårlegast likte han seg i Mandal, og det er ikkje sårt og skjøne. I Mandal går dei med laks i lommene, egg i skoa og brød i hatten, alle husa har lik farge, og dei seier ”å” i slutten av annankvart ord. Alt dette i tillegg til at dei er svært overlegne. Det passa Aasens minimalistiske image svært dårleg. Det er viktig å ha eit image, berre sjå på ”Marlboro-mannen”.

 

Då Ivar Aasen ein gong kom til garden Manflå nord i Marnardal og ville ferjast over Manflåvatnet var han så våt og forkomen at ferjefolket tok han med inn og fekk på han nokre tørre klede. Aasen fekk sove på ein benk hjå dei til han kom til kreftene att. Flaks at han kom til ein så gjestmild stad då han var sjuk, for ikkje alle likte at denne ”raringen” rekte rundt på gardane. Dei fleste hadde nok likt betre om ”Marlboro-mannen” hadde kome ridande innpå gardsplassen for å selje billeg røyk. Hadde ikkje Ivar Aasen vore så spesiell, hadde han nok hatt ei kone som hadde sett til at han fekk med seg nok gode klede på vandringane sine, men hadde han hatt ei kone, ville han nok ikkje lagt ut på desse reisene sine. Ho vill nok ha vore såpass ”fornuftig” at ho hadde nekta han. Kor hadde då landsmålet vorte av? Eg vil med ein gong få lov til å takke alle kvinnene som Ivar Aasen kjende seg tiltrukken av for at dei sa nei, og ikkje ville ha han. Noregs land er dykk stor takk skuldig.

 

Etter reisene sine sette han seg ned og skreiv bøker, både grammatikkbøker og ordlister. Det var stor forskjell på danske uttrykk som Knut Knutsen og gjengen nytta, og uttrykka på Aasens landsmål. Ein ser mykje av imaget til Aasen i dette, her er nokre døme:

                        Unskyld mig     -          du

                        Vær hilset        -          hei

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil