Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Eg lengtar heim

Eg lengtar heim

Et lite barn som lengter hjem...

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
24.02.2003


Eg sitter her oppe, har ingenting å gjøre på for augeblikket, eg sitter her og ser ned på barna der nede som leiker. Eg får ikkje lov til å leike med dei lenger. Han seier att eg må holde meg her oppe, saman med han, men ein gang gjorde eg det, ein gang sprang eg lykkelig der nede i graset, med fotballen under armen. Ein gong, men det er lenge sidan……..

Eg var 5 år, 5 år og barbeint. Eg kjente graset kitle mellom beina. Det var ein sånn herleg følelse å springe barbeint i graset, fort, fort, forbi alle dei andre barna. Vi pleidde å leike tikken, etter på gjekk vi heim til Kristoffer for å ete vaflar, mora til Kristoffer lagde sånne gode vaflar ,etterpå såg vi barne-tv, det var alltid så morosamt. Her oppe har vi ikkje tv, han seier det er jævelen sitt verk, han liker ikkje jævelen.

Plutselig fikk eg ikkje lov til å springe i graset meir, eg fekk så vondt i halsen, hadde vanskelig for å puste av og til, men det gjore ingen ting, eg kunne jo ete vaflar hos Kristoffer. Ete vaflar og sjå barne –tv. Kristoffer var så snill, han hadde alltid så mange idear til kva vi kunne leike med, han hadde så mykje lego han , dessutan likna han på Supermann , han hadde svart hår og briller . Av og til tok han dei av, akkurat slik som Clark Kent gjer når han skal forandre seg til Supermann ( ”i ektefilmen asså ”.) Eg, eg likna ikkje på nokon , eller, mange seier eg likner på søstera mi , men ho er ingen helt….. Eg vil likne på MacGyver eg, han er så stilig. Fikk ein gang ein sånn lommekniv som han har, men den fekk eg ikkje bruke før eg blei 11, så den må eg vente litt med å ta fram.

I barnehagen var det ”kjempe kulig” vi slengte oss i trea og lekte Tarzan og Jane , men typisk mamma og pappa fikk eg ikkje gå der meir, eg veit ikkje heilt kvifor , men eg trur det har noko med den gangen eg datt i bakken, fordi eg ikkje fikk puste, men det var jo ikkje min feil….. Doktoren i den kvite frakken sa att han trudde det var best om eg heldt meg heime ei stund ,men han sa ikkje kvifor. Så der låg eg. Det var skikkelig kjedelig. Låg heile dagen på sofaen, såg på når pappa las avisa , såg på katten ete kattematen sin, og på ”systa” når ho skreiv bokstavar.

Etter kvart begynte eg å hoste, og hosta heile dagen, og det var ekkelt å puste. Til og med når eg låg i ro, kjentes det ut som eg hadde svelt ein trekork. Men det var ikkje så gale, eg fikk så masse fin lego……. ,til og med den sjørøvarskuta eg hadde ynskja meg så lenge. Mange kom på besøk og, dei strauk meg på hovudet og sa: ”så, så, Ole Martin” sa dei, ”det går nok bra skal du sjå”. Eg spurte kvifor, eg hadde jo det fint slik som eg hadde det no, i eit berg med pakkar ,og bursdag kvar dag.

Så hadde eg bursdag, no blei eg 6 år, eg vakna om morgonen, det var iskaldt på rommet fordi vindauget sto ope, eg måtte ha det slik, eller så fekk eg ikkje puste om natta. Fikk mange fine gåver den bursdagen, men måtte ligge heile tida for eg kunne ikkje gå. Mamma såg ikkje så gla ut lenger og Doktoren i den kvite frakken var ofte på besøk. 6 års dagen min blei ikkje som dei andre bursdagane mine, det var liksom ikkje så kult å leike blindebukk aleine.

Dagane gjekk saktare no, hadde ingen ting å gjøre på, mamma satt der med meg nesten heile tida, ho las eventyr om den flate pannekaka som trilla seg ein tur, og om Askeladden som kappsprang med trollet, eg spurte kvifor ikkje eg fekk vere ute å leike som dei i eventyret, då berre byrja ho å grine. Så det spurte eg ikkje om fleire gonger.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil