Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Raud søndag

Raud søndag

Den rødeste dagen i hovedpersonens liv.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
17.02.2003
Tema
Selvmord


Det er som om verda stopper opp no. Alt står stille, og eg veit ikkje riktig kor eg er, eller kva som eigentleg har skjedd. Menneska som står rundt meg er ikkje lenger synlege. Dei er grå skugger, som er i ferd med å renne bort. Grå ansikt som eg veit aldri meir vil vere klare for meg. Dei er der, og eg veit at dei hater meg for handlingane mine. Stygge blikk fer ned mot meg. Eg ser dei ikkje, men eg føler blikka deira bore seg inn i meg, som harde piler. Plutseleg strammar det seg rundt handledda mine, i det to store kvite skapnader bøyer seg over armen min.  

         

Eg gjekk nedover gata. Regnet flomma nedover ryggen min, og eg skalv. Eg visste at dei fulgte etter meg, men eg orka ikkje lenger springe frå dei. Ein  kan ikkje springe frå nokon som alltid vil springe fortare enn deg. Uansett kvar eg går vil dei vere rett bak meg. Eg høyrar skritta deira nærme seg, og eit par sekund seinare ligg eg med hovudet pressa ned i den våte, kalde asfalten. Dei harde sparka deira borer seg inn i ryggen min mens regnet piskar meg i ansiktet. Tankane mine flyr av garde. Eg kjenner ikkje noko lenger der eg ligg. Eg knip auga saman og tenkjer. Kvifor gjer dei dette mot meg? Kva har eg gjort dei? Er det fordi faren min er nazist? Sjølv om han hatar folk som er litt annleis, betyr jo ikkje det at eg gjer det. Eg har alltid prøvd å sjå det positive i situasjonen. Eg må likevel lide for noko ein annan har gjort. Kanskje det er det einaste riktige? At eg får gjennomgå pga han. Det var ikkje lenger nokon rundt meg. Eg låg aleine på bakken. Eg stirra opp i lufta og trakk ho ordentleg ned i lungene. Eg måtte streve for å få ho inn, og eg skjønte ikkje korleis eg skulle klare å leve med denne driten.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil