Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kva gjer man når ein er annleis på ein trongsynt stad?

Kva gjer man når ein er annleis på ein trongsynt stad?

Novelle som handlar nettopp om hvordan det er å være annerledes på en trangsynt plass.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
16.02.2003
Tema
Fordommer


Eg satt og grubla på kva ein gjer når ein er annleis på ein trongssynt stad når sosiallæraren snakka i eit kjør. Det var derfor eg blei sendt til ham av klassestyraren min, Lin Silje. Eg blei sendt dit fordi at eg var lesbisk og fordi at eg hadde ein depresjon over at det, og var to gonger heime grunna det. Kunne eg ikkje få vere i fred? Det var alt eg ynskja meg. Eg hata Torulf, sosiallæraren. Litt Lin Silje og, fordi at ho sendte meg til ham.

 

-Laila, no fyll du ikkje med på kva eg seier, ropte Torulf til meg. –Unnskyld, eg var i andre tankar, sa eg beklagande. –Lin Silje sendte deg ned her for at du og eg skulle snakke saman, og så høyrer du ikkje etter, kva er det som feilar deg?, spurte han meg med hissig stemme. –Eg har ein depresjon grunna at eg lever på ein trongsynt plass som Kvernaland og er lesbisk, sa eg og såg opp på ham med torer i augo. –Ta det med ro, Laila, det kjem til å ordne seg, sa han beroligande. –Eg trur ikkje det, sa eg og såg ein annan veg. –Skjerp deg, viss du ikkje opnar deg nok kan eg ikkje hjelpe eg, Laila, og eg hatar å sjå elevar som har problema, sa han irretert. – Punkt ein, eg har ikkje noko problem, punkt to, eg vil ikkje opna meg for deg, sa eg surt. Torene var vekkje no. Eg pusta tungt. –I så fall forstår eg ikkje kvifor Lin Silje sendte deg her då, sa han og smilte. –Ikkje eg heller, ho er vel berre innbilsk, sa eg og flirte. –Du skal heller få stikke til neste time då, sa han. –Det var godt, for det er engelsk i denne timen og eg vil helst få med meg det, for vi skal få tilbake ein stil som vi leverte inn for ei stund sidan, sa eg og stakk ut døra.


 

Då eg kom til klasserommet smaug eg meg inn. Ein del såg på meg med eit merkelig blikk, men eg brydde meg ikkje, dei var jo nokre toskar uansett. Eg gjekk raskt bort til staden eg hadde pulten min, heilt bakarst ved vindaugerekka. Der kunne ein sitte og filosofere utan at du blei forstyrra, utanom frå han som satt foran meg då, Christoffer. Ein trengde ikkje å jobbe heller når ein satt heilt bakarst, for læraren måtte gå så langt bak i rekkjene for å sjå om du jobba, men i tillegg så kunne ein sjå om alle dei andre jobba. Viss eg ikkje hadde hatt den plassen, ville eg hatt pulten framme med kateteret. –Laila, her er stilen din om den skadde koalaen, sa Lin Silje og rakte meg stilen når eg gjekk forbi ho for å sette meg på plassen min. –Takk, sa eg og smilte. Eg sjekka kva karakter eg fikk på innhaldet og språket. På språket fikk eg fem minus og på innhald fikk eg seksar. Eg fikk store auge når eg såg den seksaren. Aldri før hadde eg fått ein så høg karakter. –Jippi, sa eg til meg sjølve.

Når eg satte meg på plassen min snudde Christoffer. –Kva var det med deg, kvifor var du så sein til timen?, spurte han og smilte. –Eg var hos sosiallæraren og dessutan så er det ikkje noko som angår deg, din gnom, sa eg surt. –Kva fekk du på engelskstilen i alle fall?, spurte han. Han smilte framleis, men det var heldigvis ikkje av det lure eller hånlige smiltypen som han ofte kom med. –På språket fikk eg fem minus og på innhald fikk eg seksar, sa eg og smilte. –Kult, gratulerer då, sa han og snudde seg. Endelig blei eg kvitt ham for ei stund. Eg triumferte. Eg hata ham.

 

Etter ei stund såg eg at Torulf kom inn i klasserommet. Han gjekk bort til Lin Silje og kviskra noko i øyret hennar. Ho nikka, sa eit eller anna og såg bort på meg. Eg såg ned i pulten. Eg følte meg så trist og einsam der eg satt der heilt bakerst. Eg starta med å fikse på det som Lin Silje hadde kommentert på stilen min. Heldigvis så var det ikkje så mykje. Så etter ei stund kom Lin Silje bort til meg. –Kan eg få snakke litt med deg i friminuttet?, spurte ho meg. –Sikkert greitt det, sa eg og sukka. –Ikkje ver så trist, Laila, det kjem til å gå bra, sa ho med eit smil. Eg føla det ikkje slik. Så retta eg resten av grammatikkfeila.

 

Når friminuttet vinka Lin Silje meg med til eit av grupperomma på skulen. Når ho hadde lukka døra, kom denne setninga ut av h -Laila, eg prøver å hjelpe deg, men det virkar ikkje som om du ville ha hjelp frå Torulf, kva er det som feilar deg, du er ikkje slik som du pleier? –Lin Silje, det er råd frå ei kvinne eg trengjer, ikkje frå ein langhåra mannleg sosiallærar, sa eg surt. –Kva kan eg hjelpe deg med, Laila, viss du ikkje snakkar ut, så får du ikkje den hjelpa du treng, sei meg, kva er det som er galt, sa ho og gjekk nærmare meg. –Eg veit ikkje, Lin Silje, eg veit rett og slett ikkje, sa eg og bøygde hovudet ned og kjende at tårene starta og komme. Ho la hendene rundt meg og starta og trøyste meg. –Lin Silje, eg er makteslaus, hjelp meg, sa eg og hulka. –Kva kan eg hjelpe deg med då, spurte ho forsiktig. –Si til alle i åttandeklassetrinnet at dei ikkje må si noko som helst som kan ha negativ virking på meg, eg er så svak i sinnet, eg lider av depresjon, Lin Silje, hjelp meg, sa eg og klarte på ein eller annan måte og få roa meg ned.

 

I siste time når det var arbeidstime, sa ho at alle var nøgd for å vere stille, for måtte gi noen beskjeder. –For det fyrste, så blir det ikkje skitur i morgon og for det andre, ikkje si noko som har nokon som helst negativ verknad på Laila, for ho har litt psykiske problem akkurat no, greitt? Dei fleste nikka. –Kvifor?, spurte bølla Mats, kan vi ikkje berre plage ho som før. –Nei Mats, viss du ikkje vil at Laila skal ta sjølvmord, så ikkje plag ho, sa Lin Silje og såg strengt bort der Mats satt.

 

På vegen heim frå skulen tok Marius fylgje med meg. Han er grei til å vere gut i denne klassen eg går i. –Kvifor sa Lin Silje at dei ikkje måtte plage deg, spurte Marius når vi hadde kommet til butikkane. –Fordi at eg lidar av depresjon, Marius, derfor, sa eg og smilte så vidt. –Greitt, sa Marius, eg skal i alle fall ikkje plage deg. Så stakk vi inn på Prix fordi at eg var nøgd for å hente posten. –Jippi, i dag fekk eg eit brev frå ei av brevvenninnene mine i Tyskland, sa eg med eit smil og vifta med det foran Marius. –Kult, frå kven i Tyskland, Bianca eller Andrea?, spurte han og flytta hovudet framover. –Andrea, sa eg og smilte, ho er skamkul. – Trur du at du kunne skaffe meg nokre brevvenner frå utlandet, eg har alltid ønsket meg det?, spurte Marius. –Sikkert, spørsmålet er om det skal vere gutar eller jenter, for gutar er det litt vanskeligare med å finne for meg, sa eg og flirte. –Eg trur at eg vil skrive med jenter, det er kulare, sa han og lo.

 

Så stakk vi heim til kvart sitt hus. Når eg kom heim leitte eg etter adresser til brevvenninner som ønsket seg brevvenner av det mannlige kjønn. Fann to stykk. Nisa i Thailand og Brianne i USA. No ville Marius bli glad. Det visste eg. Marius og eg var faktisk nokså gode vener. Han hjelpte meg når dei andre i klassen plaga meg fordi at eg hadde fått ny hårfrisyre. Og eg hadde hjelpt han når han nesten hadde blitt banka opp av Mats.

 

Seinare ringde Marius til meg. –Hei, det er meg, Marius, sa han. –Hei Marius, kva er det denne gongen?, spurte eg høfleg. –Har du funne nokre adresser til jenter som ynskjer seg nye brevvenner?, spurte han. –Ja, det har eg, ei i Thailand og ei i USA, sa eg og smilte for meg sjølve. –Kult, tar du med deg adressene i morgon på skulen?, spurte han med iver i stemma. –Ja det, gjer eg, sa eg og nikka. For ein gongs skuld var eg glad. Det hadde eg ikkje vore på lengje.

 

Dagen etterpå når eg kom til skulen, så var Marius allereie der. Eg gav ham dei to adressene eg hadde lova ham. –Takk, Laila, sa han og stakk. Etterpå satte eg meg på den vanlege plassen eg hadde heilt bakerst. På pulten låg det ein lapp. På den stod det :”Sosiallæraren vil snakke med deg klokka 09.00” . –Søren, sa eg til meg sjølve, kva vil han meg no då? I første time hadde klassen min matte, slitarfaget. –Per favore, sa eg til meg sjølve og sukka. Eg skulle ynskje at sosiallæraren hadde valt å snakke med meg i fyrste time i staden, for eg hatar matte.

 

Fyrste time gjekk veldig sakte, for eg jobba ikkje og eg tenkja berre på den store forelskinga min, Kristin. Problemet var berre at ho var 36 år og gift allereie, så eg hadde ikkje ein sjangs på hennar. Eg sakna hennar. Ho var slik eit vakkert vesen etter min meining. Ho er høg, ikkje alt for tynn og har ei vakker utstråling som svært få personar har. Og ho driv hundeoppdrett på Japansk Spisshund og Pomeranian.

 

Så var klokka ni, uheldigvis. Så kom Lin Silje og minna meg på at eg var nøgd for å stikke ned til sosiallæraren. Når eg kom ned og banka på døra, opna Torulf døra slik at eg fekk dørhandtaket i magen. –Unnskyld, Laila, det var ikkje meininga, sa han og smilte, gjekk det godt? –Ja, det gjekk godt, men ver litt forsiktig neste gong du opnar ei dør, ok?, sa eg og sukka. Så gjekk eg inn på kontoret hans som var pryda med ting som hadde med det engelske fotball-laget Tottenham. Han delte jo kontoret med Kjetil Eide, norsklæraren min, som var ein stor Tottenham-supporter. –Kva vil du meg denne gongen, sa eg og dumpa ned i ein grøn stol som var nokså tynnslitt.


 

–Eg vil gjerne snakke med deg, sa han og kroppsvisiterte meg med blikket sitt. –Om kva då, om eg tør spørje?, sa eg irretert. –Om at du er lesbisk, sa han og satte seg ned i den svarte kontorstolen. –Kvifor det, spurte eg og sukka. –Fordi at det virke som om at du ikkje har det så kjekt på skulen grunna det, sa han og pusta tungt. –Kan ikkje eg vere meg, sa eg og såg bort på ham, må du absolutt bry deg? –Ja, Laila, fordi at lærarar er til for hjelpe i tillegg til å undervise, sa han og såg bort på meg. –Det finnes psykologar og rettsvesen som kan hjelpe ein viss ein har problem, sa eg og blei irretert. –Det stemmer, Laila, men på denne skulen skal ein gå til meg fyrst, sa han og tok fram ein mørkeblå kopp med kaffi i og starta å drikke. Av og til hadde eg berre lyst til å drepe ham. -Og du trur at eg gidder det, sa eg surt. –Ja, det trur eg, sa han etter at han hadde drukke ferdig. –Kvifor må du snakke med meg grunna at eg er lesbisk, trur du ikkje at eg klarer meg sjølve, sa eg. Eg starta å bli irretert på lærarane no. Alltid måtte dei blande seg oppi det som skjedde med meg. Fyrst skilte foreldra mine seg, då hjernevaska han meg. No at eg er lesbisk, prøvar han å hjelpe meg. Kva ville han med meg eigentlig? –Laila, når ein er lesbisk og bur på ein så trongsynt stad som Kvernaland, må du kunne opne deg for nokon, uansett om du vil eller ikkje, sa han og pusta tungt, eg veit at det er vanskelig for deg å snakke om det, men prøv i alle fall. –Eg veit sjølve kven eg kan snakke med, ei som bur i Stavanger, ho heitar Mirjam, er du snart ferdig?, sa eg med ei hånlig stemme. –Fint, då forstår eg ikkje kvifor Lin Silje sendte deg ned her, du får gå til neste time, sa han og smilte til meg. –Ha det då, sa eg og reiste med forsiktig og sprang opp trappene til musikktimen.

 

Når eg gjekk forsiktig inn i musikkrommet, stirra alle på meg. –Kva i huleste er det som feilar dykk?, spurte eg forsiktig. –Kvar er Jens?, spurte Mariann. –Eg veit ikkje, har ikkje sett ham i dag, sa eg nervøst. Så opna den forbaskede døra seg bak meg. Jens sto i døropninga. –Har du tenkt å stå der lengje, Laila?, spurte han meg. –Nei, sa eg og satte meg ved Catrine. Når eg satte meg ned, spurte Catrine meg om kvifor eg var sein til timen. Eg husker at eg svara at eg snakka med sosiallæraren, meir hugsa eg ikkje at eg sa. Resten av timen føltes det som om at eg skulle besvime. Eg hadde ein ekkel hovudpine som eg aldri hadde hatt før. Mot slutten av timen spurte eg Jens om eg kunne ta fri resten av dagen. Og svaret? Jo at eg måtte spør Lin Silje om det. Eg blei så sur at eg smelte døra igjen etter meg når eg gjekk ut for å ta friminutt.

 

Eg storma inn i mitt eige klasserom og satte meg ned på plassen min. Eg la hovudet i hendene og starta å gråte. Eg høyrde at nokon gjekk nærmare til min plass, men eg såg ikkje kven det var, fordi at eg hadde hovudet i hendene. –Laila, kva gråtar du for?, det var Mirjam som spurte meg om det. –Korleis kom du det hit?, spurte eg med sprokken stemme.  –Det spill ikkje nokon rolle, fortel meg heller kva som er galt, sa ho og tok ein stol og satte seg ved sidan av meg. –Vel, forhistoria kan du sikkert, men i dag i musikktimen fikk eg ein slik hovudverk at eg ville gå heim, men fikk eg lov, nei då, sjølvklart fikk eg ikkje lov til det, sa eg og sukka. Eg var glad for at Mirjam hadde kommet. –Så,så, Laila, det kjem til å gå bra, vil du at eg skal snakke med Lin Silje om det?, spurte Mirjam forsiktig. –Ja, gjer det, sa eg og sukka. Eg starta å bli trøytt og sliten no på grunn av skulen.

 

Plutseleg ringja skuleklokka. No starta tredje time. –Mirjam, ikkje gløym og spørje Lin Silje om det som du vet, vet du, sa eg og smilte. –Det skal eg Laila, tru meg, sa ho og tok den høgre handa mi oppi hennar venstre hand. Vi såg kvarandre inn i augo og smilte til kvarandre. Så strauk Mirjam den høgre handa hennar gjennom det kastanje brune, skulderlange håret. Eg elska ho veldig høgt. Vi hadde berre kjent kvarandre eit år, men det virket som at vi hadde kjent kvarandre heile livet. Så slapp Mirjam handa mi, reiste seg, la den venstre handa bak nakken min og kysset meg på kinnet. Eit lite venskapskyss. Ikkje noko meir. Så såg eg Mirjam inn i dei himmelblå augo og sa: -Mirjam, eg elskar deg. –Laila, eg elskar deg og, sa ho og smilte. Etterpå gjekk ho bort til Lin Silje og forklarte at eg var nøgd for å ta fri resten av dagen. Eg fikk lov av Lin Silje og så skreiv ho i meldeboka at eg tok fri dei siste fire timane. Så spankulerte Mirjam og eg roleg heim.

 

På vegen heim henta eg posten som vanleg. Eg hadde i dag fått fire brev. Eit frå Savinde i Australia, eit frå Momoko i Japan, eit Katherine i USA og eit frå Dina i Latvia. Eg har hatt Katherine som brevvenn sidan 1998. Eg blei glad for at eg hadde fått alle dei breva. Det er sjeldan at eg får så mange brev på ein dag. –Du er visst ein slik som skriver i eit kjør, du Laila, sa Mirjam og lo. –Ja, det stemmer, sa eg og smilte, eg har i alle fall noe å drive med då. –Du har rett i det, din skrivemaskin, sa ho. Så gjekk vi heim til meg etterpå. Det var ikkje så langt frå butikken. På vegen såg vi at hestehovane allereie hadde kome enkelte stader. Det starta å bli varmt i været. Sola hadde og starta å varme. Det var jo i starten av april, så det var vel ikkje så merkelig.

 

Når vi kom heim til meg, opna vi nokre vindauge og terrassedøra. Så la vi oss på terrassen med ei stor flaske Cola, isbitar, blader og sola oss. Vi hadde ikkje noko anna å gjere. Det var faktisk ein fin vårdag denne dagen. –Mirjam, kva skal vi gjere, vi kan jo ikkje berre liggje her i sola og steikje oss utan å seie eit pip til kvarandre?, spurte eg roleg. –Vi kan snakke, då gjer vi noko i tillegg til å steikje oss, sa ho humoristisk. –Greitt det, sa eg og smilte. –Av ein eller annan grunn så er eg glad for at eg blei kjæraste med deg, Laila, sa ho og snudde seg mot meg. –Kvifor er du glad for det?, spurte eg og snudde hovudet mot hennar. –Fordi at du er av den sjeldne sorten, svara ho med eit smil. –Kva sjeldan sort?, spurte eg flirande. –Du er moden, fornuftig, klok og vakker med ei vakker utstråling, sa og satte seg opp. –Kult, takk Mirjam, sa eg lukka augo. –Eg gløymte å sei at du har og ein sprø humor, sa ho og reiste seg for å gå bort til der eg låg.

 

Eg hadde opna augo når ho gjekk bort til der eg låg. Eg satte meg opp. Mirjam satte seg ved sidan av meg. Så snudde eg hovudet mot hennar og bevegde mitt sakte mot hennar hovud. Ho bøygde seg sakte mot meg. Så møtte våres lepper sakte. Det blei eit godt og ømt kyss. Eg trakk vekk hovudet mitt. –Hmmm, kvifor gjorde du det?, spurte Mirjam meg trist. –Eg orket berre ikkje meir, sa eg og bøygde hovudet mitt ned.

 

–Lala, skammar du deg over å vere kjæraste med meg, spurte ho meg og la hovudet sitt mot den venstre skuldra mi. –Litt, svara eg skamfullt. –Det må du ikkje gjere, sa ho og sukka. –Vet det, men problemet er jo at folk i denne bygda er jo så enormt trongsynte, så eg skammar meg uansett, sa eg og såg ho inn i augo.  Mirjam lyfta hovudet sitt, så eg leggje hovudet mitt mot den høgre skuldra hennar. Så kom tårene mine. Dei kom sånn berre plutseleg. Eg visste ikkje kvifor. Det blei berre slik. Mirjam la den høgre armen rundt meg. –Ta det med ro, Laila, no må du slutte å gråte heile tida, du blir snart tømt for tårer viss du ikkje sluttar snart, sa ho roleg. –Livet mitt er eit sant kaos, kviskra eg med ein skjelven stemme. –Kvifor det?, spurte ho roleg. –Fordi at eg er lesbisk og lærarane blander seg opp i alt som skjer med meg, sa eg hikstande. –Forstår  deg godt, sa ho smilande. –Korleis då, spurte eg og merka at eg hadde slutta å gråte. –Fordi at når bikkja mi døydde, blei livet mitt og eit reint kaos, og spesielt sidan eg og fann ut at eg er lesbisk, sa ho berolegande. –Så du forstår korleis eg har det, spurte eg nysgjerrig. –Ja Laila, det gjer eg, sa ho og tok den venstre handa mi inni hennar høgrehand. Vi smilte til kvarandre.


 

Av ein eller annan merkelig grunn blei livet mitt litt lettare etter denne episoden. For frå no tenkte eg slik: ”Viss ein ikkje er seg sjølve, kven er ein då?” Dagen etterpå torde eg og si til alle i klassen at eg var lesbisk, mange tok det fint, men sjølvklart var det nokon dritsekkar som ikkje tok det så veldig fint, men no var eg i alle fall kvitt skamma. Livet treng ikkje tross alt å vere ein katastrofe, sjølv om ein er lesbisk.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil