Eg sit med kjærasten min i armkroken og ser på TV. På skjermen blir det prata og prata samtidig som ein kan sjå urett og rett om kvarandre. Konflikten i Midtausten og doping i OL, gladsaker i ”Noreg Rundt” og bekymringslausskap i USA. Er livet berre ein graut?
Eg er for meg sjølv, i eit edderkoppnett av tankar. Kampen mellom det gode og det vonde har nett byrja. Eg vil ikkje kåre ein vinner. Det har ein korrupte domarar til å gjere. I dag vil eg ikkje tenkje meir enn nødvendig. I mine tankar vil eg finne eit tomrom, ein stad kor eg kan gløyme livet. Gløyme Sharon og Bush, Müehlegg og Danilova. No skal eg vere egoist, utvide mitt åndelege territorium med hjartedop. Det er eg imot verda, men eg har fordelen av å styre det heile. All slags avskum går utfor stupet, berre synd eg ikkje kan dytte Ivar Aasen ned og. Aleine tilbake står eg og Aasen og Tarjei Vesaas. Kvart menneske er ei øy. Aasen og Vesaas er no på besøk på mi øy. Elles er landområdet øyde.