Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Isolering av DNA i fiskemjølke

Isolering av DNA i fiskemjølke

Rapport fra forsøk.

Sjanger
Rapport
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
23.01.2003

Det me gjorde i denne øvinga var å isolere DNA frå fiskemjølke ved å løyse opp protein og fettstoffa i mjølken, for deretter å felle ut DNA-trådane i etanol. 

 

Utstyr

Mjølke frå sild, pipette, plastsprøyte 10 ml, sentrifuge med minst 4500 omdr. pr. min., sentrifugerøyr, målesylinder 10 ml, målesylinder 50 ml, vassbad, erlenmeyerkolbe 100 ml, reagensrøyr, petriskål, kniv, spatel, 10%løysing av syntetisk koppvaskmiddel, metta koksaltløysing, diklormetan, etanol.

 

Framgongsmåte

1. Skjer ein liten bit av mjølken (ca. 0,5 ml).  Hakk han smått og ha dette i ei 10 ml sprøyte.

2. Press mjølken 3-4 gonger gjennom sprøyta (homogenisering).  Han kan òg homogeniserast i ein mortar.

3. Tøm den homogeniserte mjølken over i ein 100 ml erlenmeyerkolbe.

4. Ha i 1 ml 10% oppvaskmiddel.  Rist godt.  VAskemiddelet øydelegg cellemembranen  rundt sædcellehovuda, og det lagar seg ein gelè av DNA og protein.  Rist blandinga slik at proteina blir utfelte.  Det gjer du under punkta 6 og 7.

5. Ha i 20 ml koksaltløysing og rist godt.

6. Set blandinga i kokande vassbad i 5-10 min.

7. Avkjøl blandinga og ha i 30 ml diklormetan.  Rist godt i 2-3 min.  Diklormetan løyser opp feittstoffa i mjølken.

8. Tøm blandina over i sentrifugerøyret og og sentrifuger i 10 min.  Etter kvart blir prøven delt i tre lag i sentrifugerøyret, med protein i midten og DNA-løysinga øvst. Sjå figur.

9. Ta ein drope av DNA-løysinga med pipetten og dryp han på botnen av eit røyr med etanol.  Snu reagensrøyret.  DNA blir felt ut som fibrar.  Hald reagensrøyret mot ein mørk bakgrunn.

 

 

<bilde>

 

Når me var gjennom dei ni punkta og haldt reagensrøyret mot ein mørk bakgrunn, fekk me

auge på nokon DNA-trådar som hadde vikla seg til ein ball.

Mjølke er særs veleigna til denne type forsøk fordi cellene der inneheld mykje meir DNA enn

i cellene i andre delar av fisken. Sædcellene er små ladningar med DNA.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil