Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Draumar om Afghanistan

Draumar om Afghanistan

Et eventyr om Afghanistan og Taliban.

Sjanger
Eventyr
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
08.12.2002


Det var ein gong i byen Kabul, i eit vakkert rike som heitte Afghanistan. Her fanst dei mest praktfulle hus og dei vakraste blomar du kan tenkje deg. På universitetet i byen studerte mange ungdomar, og her var det og ei ung jente og ein gut som var djupt forelska i kvarandre. Dei var frå kvar sin by, guten var fødd og oppvaksen i Kabul, medan jenta var frå ein mindre by lenger nord. Dei to trefte kvarandre på universitetet. No var dei trulova, og framtida låg framfor føtene deira og lokka dei til seg. Men det er ikkje alltid lagnaden er like mild mot dei som er lukkelege.

 

Ein morgon studentane kom til universitetet var det spikra store plakatar på veggane. Taliban hadde no teke over makta i Afghanistan. Nokre av studentane grøssa. Dei hadde frykta denne dagen ville kome, men dei hadde bedd og håpa at så ikkje måtte skje. Nokre av studentane jubla, men denne dagen var det ikkje eit smil å sjå om nokon jente-munn. Nye lovar og reglar som no gjaldt i landet var slått opp i hopetal, men det jentene såg var: dei måtte kle seg i burka, dei hadde ikkje lov til å heve stemma offentleg, heller ikkje å le, dei måtte ikkje vise fram nokon kroppsdel, og sist, men ikkje minst, dei hadde ikkje lov til å studere. Jentene fekk ein dag på seg til å forlate universitetet og reise heim. Heldt dei ikkje denne fristen, ville dei verte arresterte.


 

Gutane stod igjen og såg jentene som gjekk ut gjennom portane. No var dei aleine igjen i universitetsbygningen. Etter kvart var det heller ingen jenter å sjå i gatene. Og når dei ein sjeldan gong såg nokre, hadde dei på seg desse gamle kleda med gitter framfor auga, så det ikkje lenger var rå å sjå skilnad på dei. Guten greidde mest ikkje å sjå for seg jenta si i slike klede. Avskjeden hadde vore tung, dei visste ikkje korleis det no skulle verte, om dei nokon gong skulle få sjå kvarandre igjen.   

 

Guten studerte vidare, men han kunne ikkje gløyme jenta han elska. Problemet var at han ønskte seg ei jente han visste ikkje hadde lov til å finnast. Han ville ha den jenta han ein gong kjende, no hadde ho ikkje lenger lov til å vere slik. Han ville ha jenta som tenkte og sa det ho meinte, som kledde seg i det ho sjølv ville. Han ville ha ei sterk og sjølvstendig jente, ei jente som kunne vere han jambyrdig, som han kunne støtte og som kunne gje støtte tilbake. Han ville ha ei jente som kunne vere førebilete for barna deira. Han ville ha ei jente som hadde moglegheit til å utrette noko for det samfunnet dei hadde vakse opp i og som dei trudde dei hadde ei felles framtid i.  

 

Så bestemde han seg for at noko måtte gjerast: For at jenta som han var så glad i skulle få lov til å vere fri, måtte Taliban-regimet avskaffast. Guten studerte journalistikk, og var difor godt opplyst om kva som skjedde andre stader i verda. Han hadde ordet i si makt, og han var ein framifrå talar. Han var dermed godt rusta til å drive motstandskamp. Men han kunne ikkje greie å starte ei motrørsle åleine. Han oppsøkte ulike stader der han trudde han kunne få med seg hjelparar. Han fann ein venn som stod for trua, den islamske religionen var ein grunnpilar i folket sitt levesett. Han fann ein venn som var klok og kunnskapsrik, ingen kamp kunne vinnast utan klokskap. Så fann han ein tredje venn. Han stod for makt – guten innsåg at dei nok ikkje kunne vinne nokon strid utan at dei hadde makta i si handa.

 

Guten og dei tre venner hans Trua, Kunnskapen og Makta arbeidde i kulissane for å motarbeide regimet som herja og som gjorde så mange ulukkelege. Det var ikkje lett. Den som ytra motbør mot styresettet risikerte å bli hardt straffa.

 

Men så hende det noko uventa ute i verda. Taliban-regimet markerte seg i verdssamanheng, og etter den 11. september kom det andre motstandarar av Taliban til Afghanistan. Vesten, med Amerika i spissen prøvde å frigjere afghanarane med våpen og makt. Guten tenkte at han no hadde fått gode hjelparar på si side.

 

Men det afghanske folket leid under krigen. No hadde dei Taliban på den eine sida, og Vesten på den andre. Dei fleste valde side i saka. Men guten såg at det ikkje fanst noko god løysing på denne konflikten, for ingen av desse maktene stod i botnen for det gode i samfunnet. Folket hadde det fælt under Taliban-regimet, men dei ville og lide under vestlege makthavarar, og vestleg kultur. Målet for guten var ikkje å forandre Afghanistan. Guten såg at afghanarane sit ønskje var å få tilbake sitt gamle Afghanistan. Eit Afghanistan i utvikling, eit Afghanistan på veg til å bli eit fullt moderne demokrati på høgde med vestlege demokrati. Eit Afghanistan som bygde på dei gamle tradisjonane og som hadde afghansk kultur og historie friskt i minnet. Eit Afghanistan som kunne stå på eigne faste pilarar: trua si, kunnskapen sin, og makta over eige rike.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil