Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Spelegalskap

Spelegalskap

Artikkel om spelegalskap.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
10.04.2002
Tema
Pengespill


Det er fredag den 10. i dag og det tydar på ein ting: I dag er det lønningsdag. Alt på veg heim går eg innom den næraste banken for å ta ut pengane som eg har fått. Då eg kjem til skranken, spør dama korleis eg vil ha pengane. Eg seier fort at eg vil ha alt saman kontant, og helst i mindre sedlar. Dama bak skranken nikkar til meg og ein liten augneblink seinara står eg med hendene fulle av pengar.

 

På vegen heim bestemmer eg meg for å ta ein liten tur innom den store kiosken på hjørnet der eg bur. Eg har fleire gonger bestemt meg for at eg ikkje skal gå inne i denne kiosken fleire gonger, men det klarar eg aldri å overhalda. Orsaken til at eg prøver å halde meg unna denne kiosken, er at eg har kasta bort månedslønn på månedslønn på speleautomaten og tippinga som finst i denne kiosken. Eg har lova meg sjølv å ikkje gå inn i denne kiosken ein gong til. Likevel gjer eg det. Bak disken står den same vennlege dama som alltid står der, og det synest som det er ein heilt vanleg mandag kveld.


 

På hylla der alle dei ulike bladene står, ser eg eit blad som eg får lyst til å sjå litt nærare på. Eg går med raske trinn mot bladet og er fast viss på at eg ikkje skal ensa speleautomaten som står i hjørnet. I det eg grip tak i bladet, myser auga mine over speleautomaten som kallest den einarma banditten. Blikket mitt festar seg på banditten, og sjølv om eg veit godt at eg ikkje burde, kan eg ikkje lata bli å spele litt på han. . ”Litt har eg råd til” trøstar eg meg. Tankane raser gjennom hovudet fordi eg veit at eg ikkje klarar å lata banditten stå i fred dersom eg fyrst begynner å spele. Verda står stille, og det einaste som er viktig for meg i denne augneblinken er å få spela litt på den einarma banditten. Hendene finn ein seddel i bukselomma og mater den inn i banditten som om det skulle ha vore eit kakestykkje. Banditten spiser lappen med stor appetitt, og syner si glede då samtlege lys blinker velkjende blink. Desse blinka har eg sett utallege gonger før, og eg veit godt at når banditten blinkar er han klar for eit dyrt og ufatteleg spanande spel.

 

Eg drar i ”armen” slik eg har gjort fleire tusen gonger før, og spenninga stig då de tre hjula ruller rundt. Handa mi slepp taket i armen til banditten, og dei tre hjula snurrar rundt og rundt. Hjula stopper, og eg må nok ein gong innsjå at heller ikkje denne gongen blei det nokon gevinst på meg. Tida står stille og spenninga stig, og igjen er det berre hjula som dreier , alt anna står heilt stille. Hjula stansar og heller ikkje denne gongen vart det nokon gevinst.

 

Slik blir eg ståande å spel bort den eine 200- lappen etter den andre. Når den eine er brukt opp, finn eg straks ein ny i lomma. Medan eg står foran banditten, tenkjer eg ut ei hypotese som eg klamrer meg fast til: Jo meir pengar eg legg på automaten, jo større er sjansane for at eg skal få ein riktig storgevinst. Setlane blir mata inn i den grådige banditten som et alt som er av pengar, og når banditten atter ein gong er mett og nøgd, ruller hjula og den enorme spenninga stig på ny. Eg veit ikkje kva som gjer at eg har trua på ein stor gevinst i dag, men tanka på å vinna kanskje to eller tre tusen kroner er nok til at eg ikkje ensar fornuft i det heile.

 

Timane foran banditten flyg fort som vinden. Eg sit på ein campingstol som eg fekk låne av dama bak skranken, og eg dreg og dreg i den livlause armen. Med eit avgjer eg at eg har brukt nok pengar på banditten for i dag, og då leverar eg tilbake campingstolen til dama bak skranken. Då eg skal gå heim, ser eg at det er reklame for V75-Jackpot denne laurdagen. Då veit eg at eg berre må fylle ut ein kupong.

 

Då V75`n er betalt, går eg heimover mot huset der eg bur. Eg tenkjer på kva eg skal bruke pengane til om eg vinn, men det einaste svaret eg kjem fram til er at då ville eg slutta i jobben og dratt til det store utlandet. Når eg går her og tenkjer på alle kronene som eg har spela bort på V75 og einarma bandittar, blir eg ganske lei meg og bitter. Eg veit at spelet tek makta frå meg. Tanken om at eg burde slutte med denne kostbare hobbyen har lenge streifa tankane mine, og ofte har eg vore heilt viss på at eg aldri meir vil bruke pengar på spel og speleautomater, men eg har aldri klart å gjera noko med det.

 

Tre dagar seinare er eg på vei til jobben då eg ser at det heng ein plakat på spelekiosken. På plakaten står det med stor rød skrift: Gratulerer, ein av våre faste kundar har vunne 8,6 millionar kroner i V75! Utan å tenkje vidare på dette går eg vidare på veg til jobben, men med eitt kjem tanken: Eg spela V75 på laurdag i denne kiosken, og det er ein her som har vunne ein Jackpott på 8,6 millionar kroner. Tida står stille, og eg klarar ikkje å puste eller tenkje klårt. Beina rører seg under meg utan at eg vil det, og sakte går eg mot kiosken.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil