”Ja vi elsker dette landet” har vi i fleire veker trent på å syngje reint, fint og flott. Og om flagget vårt i raudt, kvitt og blått.
Alle som kan lese dette, kan i alle høve eit vers frå den songen eg no tok til å skrive.
Ein stor del av Noregs innbyggjarar veit òg kvifor vi syng denne songen på nettopp den 17. mai – og ikkje på den 12. oktober til dømes.
Eg kan seie så mykje som at Noreg hadde vore berre i samband med Danmark heilt sidan 1500-tallet. I 1814 blei vi ”seld” til Sverige, men vi fekk vår eigen grunnlov som vart underteikna den 17. mai 1814. Grunnloven inneheld dei grunnleggjande lovane her i landet.
Kort og godt, kan vi altså seie at vi feirar den syttande mai fordi ein gjeng med menn sat seg ned og fann opp reglar. ”Hurra for reglar!”, liksom.
Sjølvsagt er det ikke berre det som ligg under no i dag, vi feirar først og fremst for å vise kor ustanselig glade vi er i landet vårt, og for at vi får lov til å bu her. Og sjølvsagt for at ein eldre herre med blått blod og kan hans med hattar nok til alle i Kina skal få vise fram terrassen sin.