Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Ned til Oske" (F. Grytten)

"Ned til Oske" (F. Grytten)

Novelleanalyse av Frode Gryttens "Ned til Oske". Ganske dårlig språk (sidemål), men godt innhold.

Karakter: 4+ (VK2)

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
19.03.2002


”Ned til oske” er ei novelle frå novellesamlinga ”Popsongar” (2001) av Frode Grytten. Han vart fødd i 1960 og er ein forfattar og journalist frå Bergen som debuterte i 1983 med diktsamlinga ”Start”. Sida har han gitt ut både romanar, noveller og lyrikk. Han fekk Brageprisen i 1999 og vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2000 for romanen ”Bikubesong”.

 

”Ned til oske” handlar om ei jente i tenåra og mora hennas. Dei bur på ei lita stad der det ikkje skjer så mykje, ”ein sånn plass der det eigentlig ikkje går an å bu.” Mora elskar og forgudar Britney Spears, høyrer på musikken, og lever seg inn i Britney Spears’ verd. Forteljaren, jenta, hatar Britney Spears og moras forhold til henne. Mora meiner at dottera burde være meir lik Britney Spears, og prøver å hjelpe ho med det, mot dotteras vilje. Her ligg mykje av konflikten, og eg trur det også er mykje av grunnen til at dottera hatar Britney Spears. Det, og at mora oppfører seg som ei tullete tenåring. Gjennom novella blir det fortalt ein del historier som beskriv denne konflikten. Vi får også vite at mora jobbar i ein klessbutikk på kjøpesenteret, og at ho er dyktig i jobben. Slutten kjem veldig brått, og byrjar med at vi får vite at kjøpesenteret brenn. Utan å seie det direkte, får vi i siste avsnitt antyda at det var dottera som tende på kjøpesenteret, blant anna i håp om at dei da skulle flytte.


 

Teksten er full av parallellar og motseiingar. Det finst ikonar og rollebytter. Dette gir novella mange tema. Forteljemåten er naiv, og beskriv personane og konfliktane godt. Novella er skrive i 1. personssynsvinkel, det er eg-personen som fortel. Innleiinga fokuserar på, og fortel om Britney Spears. Vidare får vi vite kva mora tykkjer om Britney Spears, og korleis mora er. Deretter blir det fortalt nokon episodar som beskriv dette, og i dei får vi også vite litt om kva dottera syns om saka. På desse sidene får vi også innblikk i konflikten mellom dottera og mora. Det er den som driv handlinga. Alt dette blir skrive i presens, som beskrivande tilbakeblikk utan spesifikk kronologi.

Deretter blir vi kasta inn slutten som er skrive i infinitiv. I dette brotet får vi vite at kjøpesenteret brenn ned til oske, og her gir tittelen ei direkte meining.

Slutten er ironisk og kastar ljos over kva som har skjedd, sjølv om den er open for tolkingar.

 

Spenninga er veldig anonym, og lurar oss litt. Den veks stille gjennom den humoristisk forteljande teksten. Først gjentas Britney Spears så mange gongar at man blir lei. Det gjør at vi raskt sett oss inn dotteras negative følingar rundt henne, og får sympati med dei. Det sett også tonen for spenninga i konflikten mellom mora og dottera. Men gjennom tilbakeblikka over dei neste sidene veks ikkje spenninga så mykje, den tilføres ikkje tilstrekkelig næring. Og plutselig er høgdepunktet over før du skjønte det var der. Då tenker eg på avsnittet der mora får e-post av Britney Spears. Der seier ho blant anna ”If your daughter just gets the right look, I am sure she will be a little star.” Dette er høgdepunktet til spenninga fordi etter dette sykner den litt igjen, før brotet der slutten byrjar. Og etter brotet skapast nemlig ei heilt ny spenning, man mister litt tråden og lurer på kva som har skjedd sida kjøpesenteret brenn. Like etter mister man igjen litt oversikta då vi kjem tilbake til den første spenninga ved at eg-personen, dottera, tenker på kva ho skulle spurt Britney Spears om viss dei hadde chatta på nettet.

Blant anna om det gamle huset: (…) ”Og om Britney Spears eigentlig fryda seg over at fansen plukka det huset frå kvarandre, bit for bit, om det ikkje var ein slu plan ho hadde, at ho ein dag skulle bli så stor stjerne at folk ville komme frå fjern og nær for å plukke barndomsheimen hennar i fillebitar.”

 

Rett etter dette følgjer den siste setninga der forfattaren ironisk meint trekkjer inn Britney’s ord, ”Og om det ikkje er slik at når du er ei lita stjerne, så må du bruke heilt andre metodar.” Med det lar han spenningane møtast, og bli hengande til ettertanke.

Slutten i seg sjølv er open, men følgjar man spenninga slik eg har beskrive (det at de møtast) vil eg nesten seie han blir lukka, at det var ho som tende på kjøpesenteret. Eg synest det verkar mest sannsynleg, fordi ”Britney Spears hadde ein plan som gjorde at ho kunne flytte frå det gamle huset” og det er jo ein parallell med at dottera i novella også vil flytte frå staden der ho bur. Bare at ho må bruke heilt andre metodar, ettersom ho ikkje er ei stor stjerne.

 

Sjølv om eit par andre personar blir nemnd, er dei viktigste utan tvil mora, dottera og Britney Spears. Ingen av personane forandrar seg i løpet av novella. Vi blir kjend med dei gjennom forskjellige hendingar dottera ser tilbake på. Mora og dottera har på ein måte skifta rollar, og forholdet deira er rake motsetninga av forholdet mellom Britney Spears og mora hennas.

 

Dottera er ei jente i tenåra, med få venner. Ho får nok litt mindre oppmerksemd enn ho har behov for, og er misunnelig på all oppmerksemda Britney Spears får av mora. Ho føler ho ikkje er god nok for mora sida ho heile tida får høyre kor fantastisk Britney Spears er, og at ho burde vere meir lik henne. På grunn av dette hatar ho Britney Spears. Mora derimot forgudar henne, kler seg som henne, og oppfører seg veldig ungdommelig. Det er nok difor dottera kler seg i svart og protesterar mykje, meir enn eit vanleg ungdomsopprør. Ho vil være det motsette av mora, og mislikar mora for korleis ho er.

 

Mora elskar som nemnd Britney Spears. Ho er ei aleinemor i slutten av trettiåra, og jobbar som seljar i ein klessbutikk på eit kjøpesenter i nærheita. Ho er ganske overflatisk og verkar veldig opptatt av det materielle. Ho vil veldig gjerne at dottera skal vere gladare, og prøver å hjelpe henne. Det er godt meint, men blir så feil ettersom ho sjølv er mykje av problemet. Ho baserer alle gode råd på Britney Spears’ utsende og utifrå boka hennar. I novella blir det ofte til at mora vil at dottera skal vere meir lik Britney Spears, eg trur det er fordi ho meiner at da ville dottera få det bere. For eksempel når mora tok med seg nokon klede heim frå butikken ho jobbar i: ”Prøv desse, seier ho og viser fram alle plagga. Du treng litt fargar, du treng å fornye deg, det vil gjøre deg friskare og festligare, ingen gutar blir interesserte i deg om du bare kler deg i svart.” Dottera beskriv mora som flørtete, og historiene i novella bekreftar det. Det står blant anna ”Eg tenkar at ho skulle ha skifta plate i cd-spillaren like ofte som ho skiftar menn.” Ho er veldig ungdommelig, kanskje fordi ho bare bur saman med dottera si og prøver å finne ein ny livsledesagar. I teksten blir det beskrive sånn: ”Mor mi kler seg som Britney Spears, har piercing i navlen og T-skjorte med 69 på brystet. Ho seier at det er lov å vere ung, det finst inga øvre aldersgrense for å vere ung.”

 

Britney Spears er ei popstjerne i tenåra frå USA. Ho har hatt stor suksess, og har i tillegg til fleire cd-ar gitt ut ei bok saman mora si. Dei har eit veldig godt forhold. Marknadsføringa av Britney Spears har gjort ho kjend over heile verda som ei vellykka, sunn og uskyldig jente, og ho er blitt eit ikon for overflatisk popkultur. Eg vil nok tru sanninga er noko anna, sett ut i frå musikkvideoane hennar. Der spel ho kraftig på sex og verkar alt anna enn uskyldig, sjølv om ho hevdar å vere jomfru. Ho er forlova med Justin Timberlake frå popgruppa ’N Sync.

 

Miljøet i novella er ei liten bygd. Det trekkast ein parallell til Kentwood, Louisiana, men vi får ikkje vite om det er riktig. Det er der Britney Spears bur. Ho skaffa familien eit nytt hus etter at det ikkje gjekk an å bu i det gamle. Det var fordi folk valfarta til det gamle. Dei plukka med seg bitar av barndomsheimen hennar og røska opp delar av plenen. Dottaren i novella lurar på korleis det er ved Britney Spears’ heim, og trur det liknar på heimstaden hennar. Forfattaren beskriv det slik: ”Kentwood, Louisiana liknar sikkert på staden der vi bur. Eit rådhus, ei kyrkje, ei rundkjøring, nokre bilvrak, eit kjøpesenter og ein drøss med hus som ligg strødd rundt kjøpesenteret, som om nokon har mista husa ut av ei diger handlevogn.” Eit lite stykke ut i novella blir vi litt kjend med den nåverande kjærasten til mora. Han kjørar taxi og spelar i eit køntriband. Bandet skal snart spele inn ei plate ”som garantert vil gi gruppa eit internasjonalt gjennombrot.”


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil