Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Det barn du var skal du aldri mer bli - Analyse

Det barn du var skal du aldri mer bli - Analyse

Analyse av diktet "Det barn du var skal du aldri mer bli", skrevet på nynorsk.

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
29.03.2019
Tema


I ein alder av 26 år gav Lars Saabye Christensen ut diktet Det barnet du var skal du aldri meir verta, som ein del av samlinga Jaktmarker, 1979. I denne perioden utmerkte han seg som ein formsikker lyrikar med ein sterk billedfantasi og presise miljøskildringar. Medan litteraturen på 70-talet bar preg av ein revitalisering av den sosialrealistiske prosaen, med vekt på skildringar frå arbeidarmiljø, fekk den gode forteljinga utan ideologiske overtonar stor plass i litteraturen i tiåret etter. Saabye vaks opp på Skillebekk i Oslo, men har i etterkant budd mange år på Sortland i Nord-Noreg. Begge desse stadane ser vi i forfattarskapen hans, og handling i tekstane hans er ofte bygd rundt eigne oppvekstrøynsler. Det barnet du var skal du aldri meir verta er ein billedsterk skildring av konkrete augneblunkar og minne frå barndomen.

Tittelen på diktet passar godt med innhaldet, og framhevar både dei fine gjenkjennbare minna frå barndomen som får oss, i alle fall meg, til å trekkja litt på smilebandet, og samstundes leser vi den litt mørkare eller vemodige tonen under som fortel oss at den tida er forbi. Teksten er ein lyrisk dikting som fangar opp stemning, opplevingar og tankar om situasjonane som har vore, den du ein gong var som barn og aldri meir skal verta. Diktet er skriven i autoral, allvitande synsvinkel som gjennom å skrive i andre person vender seg direkte til lesaren. Dette er eit verkemiddel som lettare engasjerer og treffer meg som lesar, fordi eg straks byrjar å tenkje på mine eigne minne frå då eg var barn, og vert litt forfærd av tittelsporet som fortel at det barnet eg var skal eg aldri meir verta. 


Nettopp gjentakinga av tittelen i starten av kvart avsnitt skapar ein rytme i diktet, sjølv om det ikkje er noko rim. Dei tre første versa er bygd opp likt, med korte setningar, og gjentaking i kvar andre setning som startar med at «ingen kan» henta fram, opna dører eller ta deg med tilbake til det som var. Dette understrekar igjen tematikken, om at tida er tapt, og at vi vert forandra. «Då klokka var eit mysterium» kan symbolisera det u-bekymrande i barndomen, då det viktige var leiken og nærvære i augneblunken. Allereie i ungdomstida vert klokka av-mystifisert; vi vert innhenta av tidspress, prestasjonar, tankar om konsekvensar, ansvar og alvor. Medan barndomen gjorde oss u-bekymra og frie, til å drøyma og farga sola grøn og slangane gule, og ein trådde på at vi visste alt om angst og kjærleik, vert eg ettertenksam på kva alvoret gjer med meg i dag. Leikar mindre, planlegg meir, bekymrar meg meir, og tenkjer fleire avgrensingar. Når Saabye skriv dette som 20-åring på 70-talet, føyer det seg inn i rekkja av oppvekstskildringar i tekstene hans, og det er nok særleg generasjonen hans som hadde blomstertapet på soverommet på 50-60-talet. Eg vil tru at mange i generasjonen hans hadde tidlegare overgang til vaksenverda og arbeid, allereie rett etter grunnskulen, slik at «det barnet du var» forsvann på kortare tid.

Saabye brukar eit kvardagsleg språk, utan vanskelege eller kompliserte ord og formuleringar. Han formulerer fleire sterke språklege bilete, som til dømes «rom som var varme» og «rom fulle av vatn og blomstertapet», «leik og latter følgde deg i søvnen». Desse bileta appellerer til minne og kjensler hos lesaren, og desse få orda vekker ein tirade av nye minne og kjensler. Slik ser vi at lyrikk er konsentrert språk, og korleis bruk av bilete kan gje mye innhald til ei fortetta tekst. «Dei draumar som forma deg» er eit bilete på noko som kan tyda fleire ting. Det kan visa meir konkret til dei draumar vi om natta kan ha som barn, men òg at yngre du er jo fleire draumar har du. På eit tidspunkt i livet tek kanskje minna større plass enn draumane. Det er noko frigjerande med draumar, det inneber ei tru på seg sjølv, på eigne høve og ei evne til å sjå framover. Når dikta gjentekne gonger fortel meg at det barnet eg var skal eg aldri meir verta, innser eg kor flyktig livet er. Diktet har ein ujamn marg til høgre, og det kan være med føremål å få lesaren til å stoppe opp medan han les, såleis aukar mogelegheita til at orda kan vekkje både kjensler og tankar hos lesaren. 

Når Saabye skriv at ingen kan «opna dørene» til «rom du har forlate», brukar han to metaforar i ei setning; og på eit vis inviterer han oss til ei felles plattform. Ei forståing av det ubønhøyrlege faktum om at dagar som er over får du ikkje igjen, du kan ikkje gå tilbake, heller ikkje med hjelp frå andre. Når Saabye i tre av fire vers gjentek at «ingen kan», tolkar eg han dithen at dette òg er viktig for temaet i teksta. Vi er åleine i oss sjølv, vi vert forandra med nye røynsler og livsfasar. Med nye røynsler og auka alder, vert òg ein del av oss borte, og vi vert ein annan. Slik skapning av identitet, og tidvis forvirring rundt eigen identitet og kanskje til og med identitetskrise, høyrer kanskje naturleg med til livet. 

Kontrastane i tida før og no, forsterkast ytterlegare med det siste verset, som skil seg ut frå dei andre versa. Her rettar Saabye blikket framover, og oppsummerer med å fortelje oss at i tillegg til at vi aldri meir skal verta det barnet vi var, skal vi òg snart gløyma den vi er. Dette tredje skiftet i tid, saman med to korte linjer skakar litt ekstra. Den einaste teiknsetting i diktet kjem heilt til slutt, eit punktum. Punktum finale, sånn er det, brutalt, men sant. Det avsluttande verset vert slik sett ei påminning om at det einaste vi rår over i livet er augneblunken, både fortida og framtida i livet er ein illusjon.

Diktet gjer inntrykk på meg, treffer meg i magen og gjer at eg kjenner på kjensler av både glede og vemod. Det er til påminning om at tida går fort, og sjølv om både fortida og framtida vert ein illusjon, så er det viktig å ta vare på gode minne, og alltid tore å drøyme stort. Kanskje er det nettopp dette som er bodskapen til Saabye. Eg meiner i alle fall at han har skrive det lyrikaren Marie Takvam ein gong omtalte som eit godt dikt; eit dikt som gjer noko med meg. Som vekker sansane mine og skapar ettertanke. 

Tematikken i diktet slik eg tolkar det er altså identitet og evna til å leve i noet. Meininga med diktet kan vere ei påminning til folk om at tida går, vi blir heile tida forandra og må ta vare på augneblinkane, med dei vi trivast i lag med. Eg synest diktet er bra, og veldig aktuelt i samfunnet i dag. Vi kan bli oppslukte av enkle, tidtrøyte hendingar, men det er viktig er å passe på å bruke tida slik ein vil hugse ho. Det at fortid, notid og framtid går litt hand i hand, saman med både gode og såre kjensler og ulike tankar, er ein del av det å vere menneske. Eg tenkjer, altså er eg, som filosofen Rene Descartes sa det, cogito ergo sum. Slik er livet, rett og slett. 

 

Kjelder:

 

Micaelsen, Frank (2014): Lars Saabye Christensen. URL: https://snl.no/Lars_Saabye_Christensen

Ore, Øystein, Tranøy, Knut (2009): René Descartes. URL: https://snl.no/Ren%C3%A9_Descartes

Panorama VG1


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil