Diktanalyse Til Ungdommen

Diktanalyse av Til Ungdommen av Johan Nordahl Grieg.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2019.03.19
Tema

Forfattar og tittel

Johan Nordahl Brun Grieg var en norsk lyrikar, forfattar, dramatikar, journalist og politisk aktivist. Han var født den 3. november 1902, i Bergen. Byrjinga av 1900-talet var preget av uro og krig. Grieg var berre 12 år gamal ved starten av første verdskrig. Denne uroa kan ha påverka oppveksten hans og motivert han til å bli den politiske aktivisten han vaks opp til å bli. «Til Ungdommen» er kjent som Griegs største verk. Han viste den for første gang ved ein fest for nye studentar ved Universitetet i Oslo. Grieg skrev diktet etter at han ble oppfordra av politikaren Trond Hegna. 

“Til Ungdommen” oppfordrar ungdom til å engasjere seg meir i det som skjer i verda, og få slutt på krig og det forferdelege som skjer i samtida. Dette skal skje utan bruk av våpen og kanoner, men ved hjelp av “troa på livet vårt, menneskets verd”. Ungdom er framtida, og viss ungdom vaks opp med ein riktig tankegang, blir det kanskje fred i verda en gang. Det er ulike grunnar for kvifor dette diktet er kanskje like aktuelt i dag, som for 80 år sidan, når det ble skriven. 

Form

Diktet er bygget opp av heile 14 strofer danna av 4 versliner kvar, som betyr at diktet er veldig langt. Diktet innhald mykje meiningsfullt. I dette diktet har forfattaren brukt balladerim, som betyr at andre og fjerde verslinje i kvar av strofene rimar på kvarandre (ABCB). Dette bidrar til at diktet blir lett å lese, og “ruller” nesten av tungen. 

Språklege verkemiddel

Grieg bruker mange språklege verkemiddel i det velkjente diktet sitt. Han har brukt bokstavrim, kontrast, imperativ og språklege verkemiddel som besjeling og symbol.

Forfattaren har brukt litt avansert bokstavrim i «Til Ungdommen». Vi ser at det er lydlikskap mellom ulike bokstaver i verselinjene. Dette kalls allitterasjon (lydlikskap mellom konsonantar) og assonans (lydlikskap mellom vokalar).

 

 Allitterasjon blir brukt ved fleire tilfella, her. Eit par av de er:

«Stilt går granatenes

glidende bånd.» (strofe 5, vers 17-18)

«Ubygde kraftverker,

ukjente stjerner –

skap dem, med skånet livs

dristige hjerner!» (strofe 8, vers 29-32)

Vi finner også assonans i diktet, som er lydlikskap mellom vokalar:

«Kringsatt av fiender, gå

inn i din tid!

Under en blodig storm –

vi deg til strid!» (strofe 1, vers 1-4)

I denne strofa blir vokalen «i» gjentatt hele 9 gonger.

Denne lydlikskapen er med å få fram rimet og flyta i diktet. Dette bidrar til at musikaliteten i diktet blir mykje finare, og det blir meir behageleg og tilfredsstillande å høyre på den, viss den ble lest høgt opp eller viss den ble sunge. 

Diktet er skriven i den imperative verbforma. Det blir nesten som en oppfordring frå «eg» til «du». Dette skaper eit mykje meir personleg forhold til teksten, og man blir meir engasjert. Her ser vi eit av de mange tilfella der «du» blir brukt:

«dø om du må – men:

øk det og styrk det!» (strofe 4, vers 15-16)

Det følast nesten ut som at diktet ikkje berre oppfordrar, men påleggar mottakaren til å følgje bodskapet. Her ser vi eit annet tilfelle der du’et blir pålagt til å kasta seg inn i kampen.

«Kast dine krefter inn:

døden skal tape!» (strofe 6, vers 23-24)

Denne imperative verbforma som mesteparten av diktet ble skriven i, understrekar viktigheita og nødvendigheita av at mottakaren følger oppfordringa. 

 

I «Til Ungdommen», finn vi fleire språklege verkemiddel, men de to som er klart mest brukt, er besjeling og samanlikning.

Besjeling er at konkrete gjenstandar blir gitt menneskelege eigenskapar:

«Stilt går granatenes

glidende bånd.

Stans deres drift mot død,» (strofe 5, vers 17-19)

 

«Da synker våpnene

maktesløs ned!» (strofe 11, vers 41-42)

Granatane blir her skildra som glidande, og de har en drift mot død, mens våpen etter kvart senkar maktesløyse ned (de blir ikkje sinket, men senker «sjølv»).

Det Grieg meiner, er at mennesket etter kvart kjem til å mista kontrollen over krig, sjølv om det er mennesket som starta krigen i utgangspunktet.

 

I siste vers finner vi eit spesielt symbol, som skal representere noko annet:

«Vi vil ta vare på

skjønnheten, varmen –

som om vi bar et barn

varsomt på armen!» (strofe 14, vers 53-56)

Det er ikkje eit barn diktet meiner vi skal passe på. Barnet er eit symbol som skal representere verda rundt oss, og at vi må passe på den, «som om vi bar på eit barn». Dette symbolet blir brukt fordi når noen bærer på eit barn er det veldig forsiktig og passer på den godt. Sånn vil forfattaren at vi skal behandle verda vår.

 

Siste verkemidla som ble brukt i dette diktet er kontrast. Kontrasten i dette diktet er mellom bodskapet og ordvalet til forfattaren. Sjølv om diktet ble skriven med eit mål om å skape fred og gjere verda til en betre plass, så brukar Grieg mange ord henta frå krigføring. Slike ord gir veldig valdelege assosiasjonar i eit dikt som skal handla om slett det motsette.

Handling og tema

Dette diktet handlar om krig og konsekvensar som kan komme av det. Vi ser klart at forfattaren ikkje vil ha krig, og prøver å føre pasifisme videre til ungdom gjennom dikt. 

Vi finn en tydeleg krigstematikk i diktet. Dette kan skyldast på at det var mellomkrigs tida og folka var nervøs. Det viste seg at dei hadde full rett til å være nervøs, ettersom Noreg ble okkupert av Tyskland berre 4 år etter diktet ble framført for første gang.

Tittelen til dette diktet har mykje å sei, fordi den viser kven som er meint til å være mottakaren til denne «meldinga», som er ungdommen i Noreg.

Litterære periode 

Dette diktet ble skrive i 1936, altså mot slutten av nyrealismen. Likevel, har diktet ikkje mange nyrealistiske trekk. Typisk nyrealistisk var å skrive om problem i samfunnet og skildre arbeidsmiljøet. Det hengar ikkje så godt saman med dette diktet. Ja, det handlar om samfunnet og at folk må gripe inn, men det fungerer ikkje helt som nyrealistisk, fordi det er meir som en oppfordring enn ein skildring av samfunnet. 

Det var 3 år til 2. verdskrig skulle begynne, og folk var veldig nervøs. Dikt som dette kunne ha bidratt med å gjera folket sterkare, få de til å stå meir saman og kjempe meir mot tyskarane.

Eige vurdering

Eg synes at dette diktet er veldig fint. Ein ser at forfattaren har brukt lang tid på den, og det er så mykje å lese mellom linjene og det er skrive på ein måte som gjer det veldig spennande å lese. Grieg sender ut ein fin melding til ungdom rundt landet om fred - noko som vi definitivt treng meir av. Ikkje berre her i landet, men i heile verda. Toppen av menneskeheita kjem til være når det blir total fred på jorda, men, samtidig, så kjem kanskje menneske til å utrydde kvarandre før vi når det punktet.

 

Kilder:

 

http://nordahlg.blogg.no/1399360732_analyse_av_til_ungdom.html

https://prezi.com/ysofw1ve778f/til-ungdommen/ 

https://no.wikipedia.org/wiki/Trond_Hegna

https://bergenbibliotek.no/musikkogfilm/litteratur/nordahlgrieg/til-ungdommen

https://heltgreipoesi.wordpress.com/2012/10/28/til-ungdommen-av-nordahl-grieg/ 

http://nordahlg.blogg.no/1399360732_analyse_av_til_ungdom.html 

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst