- Bob Marley er like nær og like vikteg for afrikanarar i Oslo i dag, som han var for menneska i slummen i Kingston på 1970-tallet.
Han er også definitivt verdas mest kjende rastamann . Til tross for hans enorme kommersielle suksess er han framleis høgt respektert blant reggaemusikarar så vel som fans. Bodskapen hans var svært politisk, og mange av låtane hans var også dypt religiøse. Det er sjeldan at ein artist med et slikt bodskap får den gjennomslagskrafta og sel så mange plater som Bob Marley gjorde.
Marley har fått æra for at reggaen ble kjent utanfor Jamaica, og det er ikkje usannsynlig at Rotrock ikkje ville eksistert utan denne mannen sin innflyting.
Til og med no til dags hender det at vi høyrer den avslappande musikken til Bob Marley på radioen eller på TV`en viss det er mange nok som har stemt på å få høyre ein sang av han, noko som berre understrekar noko han sa sjølve: "My music will go on forever. Maybe it’s a fool to say that, but when me know facts me can say facts, you know. My music go on forever”
Heile atten år har gått sidan verda fekk den triste beskjeden om at den da 36 år gamle reggaelegenda hadde lagt inn årene for godt. Likevel har det stadig dukka opp nye utgivingar med Bob Marley som frontfigur. Både best of-samlinger og remiksar har flomma over på markedet, kor enkelte av dei må ha vore ganske unødvendige.