Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Citius Altius Fortius

Citius Altius Fortius

Essay om doping, med utgangspunkt i OL. 5+

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
15.02.2002
Tema
Doping



Doping er eit omdiskutert tema. Diskusjonen rundt emnet har som vane å blusse opp ved kvart større idrettsarrangement for so å forsvinne inn i gløymselen igjen like fort, før det igjen kjem til syne ved neste arrangement.

Spørsmåla; ”Kva er doping?” og ”Kvifor dopar folk seg?”, er to spørsmål som for meg har klåre svar, men som likevel kanskje ikkje har det. Doping er stoff som er ulovlege, skadelege og prestasjonsfremjande og av dei grunnane so trekk eg slutninga at folk dopar seg pga eit ønskje om å forbetre resultat og at det er fusk. So enkelt trur eg det er. (Men samstundes so er det nok litt ”gråsone” i kantane). Eg kan ikkje skjøne kvifor folk skulle gidde å sprøyte desse preparata inn i kroppen viss ikkje det hjalp for noko., men kan det vere andre grunnar? Kan det vere spenninga som gjer det? Kan det vere at det er ein trend? I enkelte tilfelle er det kanskje saka, men eg tvilar på at dei to er viktige grunnar til at so mange kjende idrettsutøvarar vert tekne med desse ”naturpreparata” i kroppen.


Men kva er doping? Dopar ein seg når ein tek hostemedisin pga ei forkjøling? Efedrin som er eit vanleg stoff i hostemedisin står på lista over ulovlege stoff, og det same gjeld stoff som ein finn i fleire astmamedisinar. I tillegg finn ein òg fleire narkotiske stoff på lista og ironisk nok metadon. So narkotika er fy-fy å nytte og fy-fy å slutte med.

Er doping gale? Er det noko gale i å benytte seg av dopingmiddel? Mange nyttar etiske argument når dei sei at doping er gale. At doping i prinsippet går i mot alt det idrett handlar om. Mot grunnpunkta i olympismen. Mot det prinsippet at idrett skal vere ein moralsk oppdragar og at idrettsutøvarane skal vere lærarane, leiarane for denne oppdraginga., men er det slik?

I følgje olympismen, skal kroppen gjennom rørsle fremme det skjønne og dermed påverke både det åndelege og det intellektuelle. Gjer ein det med ein urein kropp? For alle grekarar var eit hovudmål i livet å verte ein ven med gudane, verte udødeleg og få sette ei statue av seg sjølv på sjølve Altis. For å verte det so måtte dei oppfylje to vilkår. Sanningskåret og moralkåret. So i fylgje dei gamle olympiske ideala som olympismen byggjer på so er jo doping etisk gale, er det ikkje?

Mottoet til OL kan vel sjåast på som eit paradoks i forhold til resten av olympismen når det gjeld doping. ”citius – altius - fortius” ”raskare – høgare – sterkare” er jo noko som passar bra attmed doping. Med prestasjonsfremjande middel so vil no utøvarane verte raskare, høgare og sterkare. Det vil truleg føre til fleire tilskodarar og meir pengar som vil kome idretten til gode. So idretten vil vel tene på fleire nivå ved å legalisere doping.

Problemet med legalisering av doping, er vel at den reelle kampen i idretten då vil vere på laboratorienivå. Dei sanna vinnarane vil vere små puslete nerdar som truleg aldri har rørt ein ball eller bevegd seg ute på vinterstid. For alle er no moglege vinnarar viss det er preparata som avgjer evnene. Og då dukkar det opp endå eit problem. Korleis skal me ”lønne” nerdane for arbeidet? Skal idrettsutøvaraen fortsatt få all æra, eller skal me gjere som det vert gjort i Formel 1 med fabrikk meisterskap i tillegg til individuelle meisterskap? Ei tredje moglegheit er vel at nerdane får medaljane., men er det ikkje enklast å lage nokre nye greiner/sportar/ i OL og kvitte oss med dei gamle. Det kan lagast kategoriar som på ein filmfestival. ”Beste nykommar” og ”Beste utenlandske” eller kanskje ”Beste actiondop” og ”Beste effektdop/lyddop”.

Til tross for at Coubert og dei andre IOC kompisane febrilsk prøvde å halde kommersialisma, pengane og korrupsjonen utanfor idrett, so har likevel underhalding vorte til profitt og ære vorte til store gevinstar og bonusar. Under OL i Los Angeles i 1984 selde dei rettane til å gå med den olympiske flamme. 3000$ per kilometer., men uansett, siger har vorte det viktige i idretten. Det er ikkje lenger eingong like viktig å delta som å vinne. Vinnaren får pengane, vinnaren får tv-publisiteten og vinnaren får alle dei fine damene. Taparane må velje på hyllene nedanfor. So doping eller anna fusk kan for mange vere ei enklare og einaste moglegheit til å utvide utvalet deira.

Eit anna etisk synspunkt er den feige fordelen ein får med doping, men fins det ikkje andre feige fordelar i idrett?



Ein annan urettvis fordel er økonomi. Det er truleg ein av dei største fordelane ein idrettsutøvar kan ha, då det er den som avgjer kor mykje pengar som kan verte løyvd til doping og kor mykje som kan verte løyvd til bestikkingar osv. Eit døme på det er USA. Det vert stadig rapportert om positive prøver frå amerikanarar, men vert dei tekne og straffa? Nei, svært sjeldan ”Negative B-prøver syner at XX var uskuldig”, ”Feil i testingsmaskin gjorde at fleire utøvarar fekk melde for høge verdiar av XXX i blodet under førre…” Viss det var ein kappgongar frå det tidlegare austblokklandet Timbadsjuria, kan me no tenke oss kva som ville vere konsekvensane.

Doping i idrett kan vel stillast på linje med anna form for fusk. Og akkurat no er det den typen juksing dei vil ha stopp på. I neste runde vil dei kanskje fjerne den norske ”dopinga”, høgdehus. Då den og i stor grad er prestasjonsfremjande., men visst høgdehus vert ulovleg, då bør det vel verte ulovleg for idrettsfolk å opphalde seg eller trene i høgder over 1000 m.o.h. Viss ikkje er det og ein urettvis fordel for dei utøvarane som bur i slike område eller som har råd til å trene i slike område. Eventuelt kan vel f.eks. IOC sette seg ned og lage ei grense for kor høgt oppe det er lov å trene, og tillate bruk av høgdehus som er innstilde på høgder under grensa. Det vert sjølvsagt umogleg å kontrollere heilt 100% sikkert om utøvarane held seg til reglementet, og korleis reglane skal forhalde seg til familiebesøk o.l.

Kven er doparane? Alle kan verte doparar med dei dopingreglane som finst i dag. Drikk du kaffe eller har astma er det svært truleg at du ofte inntek stoff som står på dopinglista. Sjølv nytta eg efedrin, mens me spelte NM i volleyball., men det var sjølvsagt pga ei forkjøling.

Angåande mi eiga erfaring med bruk av prestasjonsfremjande middel, so vil eg seie at stoffet i stor grad var prestasjonsfremjande av di eg då slapp å hoste å harke slim heil tida. I tillegg so kan eg legge til at smaken var god, litt lakris/anis. (Smakte litt som kjukling) So eg ser tilbake på det som ei positiv hending i mitt sportslege liv. Sjølve det at efedrin faktisk var doping brydde eg meg lite og inkje om. Eg har heller ikkje hatt problem med samvitet etter dette og tvilar på at eg vil få det i framtida heller.

Korleis vil det gå med doping i framtida? Ein merkar at talet på utøvarar som vert tekne aukar. Det kan sjølvsagt vere pga. at det finst nye metodar som er betre til å påvise bruk av ulovlege substansar, men det kan og vere ein peikepinn på at idrettsutøvarane vert dummare og dummare. For meg verkar det i alle fall som om alle som vert tekne seier ”Eg trudde eg det var umogleg å verte teken…” Den aukande spesialiseringa i samfunnet er kanskje grunnen til at idrettsprofilar vert dummare. Då nokon ungar vert oppdregne til å verte akademikarar og andre vert oppdregne til å verte idrettsprofilar.

Tre gongar doping tekne Ben Johnson er eit godt eksempel på dumme idrettsutøvarar. Tre gongar har han vorte teken, og etter den andre vart han utestengd for livstid. Han har aldri hevda si uskuld for fyrste gong, men han har påpeika at andre har fått behalde sine rekordar og medaljar noko han ikkje fekk. IOC tok tom. verdsrekorden hans frå før han testa positivt. Og idiotisk nok kom han med utsegna ”Alle store sprintarar dopar seg” før han eit par månadar seinare vart teken for tredje gong med ulovlege substansar i kroppen. Men det dummaste med Ben Johnson var at han var ein stor, stor sprintar, som ville kome enda høgare, og det var ei tabbe.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil