Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > I mørket lyg alle

I mørket lyg alle

Saga får en tilsynelatende normal velkomst etter å ha flyttet, men de nye "vennene" har en ond bakside.

Tentamensoppgave skrevet i 10. klasse.

Sjanger
Novelle
Språkform
Bokmål
Lastet opp
22.05.2013


Eg sitt i mørke på rommet mitt. Alle møblene står som mørke skuggar, og det er bare det sparsommelege lyset frå Mac’ en min som gir rommet liv. Utføre vindauget er alt stille, eg kan bare høyre trea sine blader rasle i vinden, og no og da ser eg ein bil komma sakte forbi. Eg prøve og tenkje at det bare er innbilling, det eg såg for to sekundar sidan. Tørr nesten ikkje kikke tilbake, men til slutt så gjer eg det. Eg angrar med det same, og tårene fortsett å trille nedover kinna mine, i det alvoret i dette går opp for meg. Det er eg som er med på bileta.

 

-Velkommen til klasse 10D, Saga! Eg håpar du vil trivast i klassen vår. Me har gleda oss til du skulle komme, og nå som du endeleg er her, vil eg gjerne at du skal presentere deg for resta av klassen. Læraren smilar oppmuntrande til meg, og eg prøvar meg på eit smil tilbake. Det blir meir ei grimase, men ho synes ikkje til å merke det. Elevane betraktar meg taust, og ser ikkje ut til å gle seg så mye over at eg har komme til klassen. Men det er noen som smilar, og eg kjenner lettelsen i kroppen over at eg i alle fall kanskje ikkje vil gå aleine her.


 

Eg presenterer meg kjapt, fortel kor eg bur og at me nettopp har flytta hit til Stavanger frå Oslo, at eg driv og tar bileta, og til slutt at eg ser frem til å begynne her. Så sett eg meg ned på plassen læraren peker mot.

 

«Hei! Eg heitar Lene. Velkommen til klassen! Eg beklagar velkomsten, men ikkje ver redd, me bit ikkje!» , seier jenta som sit på pulten ved siden av meg mens ho smilar. Ho ler litt, og det gjer at denpinlege stemninga løsnar litt. Eg takkar ho, og smilar tilbake. Ho fortsett å snakke.

 

«Ikkje bry deg om enkelte av dei andre. Det er den andre gjengen her i klassen. Kanskje det er for tidleg å seie det – du har jo ikkje akkurat valt side enda. Men… for å seie det sånn –eg ville ikkje bland meg med dei, med mindre du har lyst til å handle i trøbbel, da», kviskrar ho til meg med ei stemme som får meg til å høyre godt etter. Eg er ikkje sikker på kva eg skal svare, så eg held kjeft.

 

På vei heim frå skulen tenkjer eg framleis på kva som hende på skulen, og kva Lene sa til meg. Kvifor ho sa det. Det virka ikkje som om dei andre hadde noe i mot meg, sjølv om dei ikkje var verdas mest pratsame. For alt eg visste kunne de vere kjempekoselige, og eg kunne ha tatt heilt feil ved å tro på det den første og beste fortalde meg. Men – ho virka så koseleg. Inviterte meg med ut me vennegjengen utpå kvelden og greier.

 

Noen timar seinare står eg foran spegelen på badet. Ut frå flyttekassane har eg dratt frem noen klede eg vurderer å bruke den føreståande kvelden. Sminka er lagt, og håret hold på å tørke i handkledet det er surra inn i som en turban oppå hovudet mitt. Eg vel ein topp som eg trer over den stramme dongeribuksa, og kikkar kritisk i spegelen. Tenkjar at det blei for svart, tek han av meg og prøvar ein ny mens eg kikkar på klokka som er mykje meir enn eg trudde. På tide å springe av garde til plassen me skulle møtast!

 

«Hei Saga! Eg begynte nesten å bli redd for at du ikkje skulle dukke opp», ler Lene mens ho drar meg med inn i lokalet kor dei andre har stilt seg i eit hjørne.

 

«Sorry, eg visste ikkje klokka var så mykje når eg stod og gjorde meg klar», seier eg, og hilsar på dei eg ikkje har sett før. Noen av dei virkar litt eldre enn oss, og Lene sin kjærast må vere minst 18. Men eg tenkjar ikkje meir på det – forsøker bare å ha ein koseleg kveld.

 

Etter kvart trekk me ut av danselokalet, og går vidare til ein bar som ligg litt i bakkant av dei andre utestedene. Me går inn, og sett oss ned med to ledige bord. Det er ikkje mange der, og ein fyr som må ha stått bak disken kjem bort til oss. Lene og dei andre kjennar han tydelegvis, og det ser ikkje ut som om han har noe i mot å servere alkohol til mindreårige. Eg blir litt usikker på kva eg skal gjøre, men bestemmer meg for at dette er min sjanse til å få venner her, og overbeviser meg sjølv og tankane mine om at det kanskje ikkje er så farlig.

 

«Saga! Ver med på et bilete, da! Kom!», ropar Lene mens blitsen blinkar i halvmørket, og lagar gjenskin i ølglasa som snart er tømt. Eg går bort til dei, og bli leande med på nokon bilete kor me garantert ser ut som fjortisar heile gjengen.

 

Utpå kvelden snakkar me om fotointeressa mi, og eg finn utav at fleire i klassen delar den med meg, inkludert Lene sin kjærast, som går 2. vidaregåande på media og kommunikasjon. Det kjens godt å ha noe å snakke om, og eg føler meg endeleg skikkelig heime blant dei andre. Når kvelden går mot slutten, og me alle har fått i oss meir enn me burde for vår eiga skuld, går me høglydt heimover.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil