Hotell Cæsar, Robinson ekspedisjonen, Baren og Big Brother er navn på store TV suksessar som har skapa mykje blest og oppstyr den siste tida. Men kan ein eigentleg omtale denne nye trenden og utviklinga innan slike reality program som suksessrik? Kva slags budskap og verdiar er det som blir formidla ut til dagens ungdomssamfunn gjennom denne ”vinn eller forsvinn” mentaliteten? Somme har gått så langt at dei kallar denne programforma for ”dritsekk-TV”.
Omar Mekki, ein skuleleiar frå Bergen, oppfordra før jul foreldra til å ta tilbake fjernkontrollen og dei ansvarlege TV-redaktørane til å sende program av typen "Hotel Cæsar" på TV 2 og "Robinson" på TV3 så seint på kvelden at born i grunnskulen ikkje vil bruke mykje tid på dei. Mekki argumenterer med at å baktale, vere utro og bedra i "Hotel Cæsar" og bløff, løgn, banning og uhemma flørting i "Robinson" og andre såkalla ”reality -TV- seriar river ned den verksemda skulen freistar å drive for å lære borna toleranse og samarbeid. Gjennom desse TV-seriane vert borna indoktrinert at det lønner seg betre å bruke egoistiske og ufine metodar enn å respektere og hjelpe kvarandre, slik dei lærer på skulen, mente Mekki. Rektoren fikk først støtte frå et fleirtal av kollegaene sine i bergensområdet. Nå har også leiarane i Lærerforbundet, Anders Folkestad, og i Lærerlaget, Helga Hjetland, samt barneombod Trond Waage sluttet seg til kritikarane sine rekker.