Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Brevet

Brevet

Handlar om fosterbarnet Lisa, som ein dag får eit brev i posten som skremmer henne.

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
14.03.2013
Tema
Familie


Ein dag kom det eit brev i posten. Lisa hadde nettopp kome heim frå skulen, då ho kikka ned i postkassa. Som regel brukte det å ligge nokre reklame greier, eller nokre brev til ein av foreldra der. Denne gongen låg det berre eit einsleg lite brev i postkassa. Lisa tok det opp. Det var ein kvit, ganske liten konvolutt, og på framsida var det skrive namnet og adressa hennar. Brevet var altså til henne? Lisa opna spent opp den vesle konvolutten. Det var sjeldan det kom brev til henne, kanskje av og til når ho hadde hatt bursdag og slikt, men no var det langt ut i oktober og ho hadde bursdag i April.

 

Frå konvolutten drog Lisa fram eit lite ark med små bokstavar på. «Til Lisa,» sto det øverst. Deretter sto det mykje anna som Lisa ikkje rakk å lese før Therese plutselig kom springande ut døra. Av ein eller anna grunn gøymte Lisa brevet bak ryggen. Det var akkurat som om ho visste at det kom til å stå noko spesielt i det brevet, noko som Therese ikkje trengde vite om. Therese var mora hennar. Eller, fostermora eigentleg, men Lisa kalla henne for mamma for det om. For Therese var som ei mor for henne. Ei ekte mor. Therese hadde tatt vare på henne og oppdratt henne som si eiga datter frå den dagen av då Lisa flytta inn hos dei. Lisa tenkte på si eiga mor. Ho ville helst gråte når ho tenkte på det. Nei, det var fortid. No hadde ho ei god framtid framfor seg, her hos si nye mor, sin nye familie, i fosterheimen sin. Kanskje dei også ein dag kunne adoptere henne? Kanskje ho kunne bli ein av dei? Lisa var nemleg eit fosterbarn som hadde hatt ei mor som ikkje lenger kunne ta vare på henne, og no var ho plassert hos ein ny familie.


 

«Kva har du der?» spurte Therese som visst nok hadde lagt merke til brevet likevel. Lisa såg ein anna veg. «Ingenting,» sa ho kjapt. Lisa angra med ein gong ho hadde sagt det. Når ho sa «ingenting» så skjønte Therese selvfølgeleg at det var noko, men ho spurte heldigvis ikkje. Ho visste at Lisa ikkje ville at ho skulle vite noko, så ho berre sat seg i bilen, og sa noko om at ho skulle ein kjapp tur innom butikken og var tilbake om ei lita stund. Lisa gjekk inn i huset, med brevet i handa. Ho gjekk opp på rommet sitt, og sat seg ved den vesle, kvite skrivepulten. Så tok ho fram brevet. Kven var det frå? Og kva sto det på det? Lisa såg på den vesle konvolutten. Så rart... Brevet hadde ingen avsendar eller helsingar. Det var altså ikkje opplyst kven brevet var frå. Det gjekk eit sug gjennom Lisa. Eit sug av spenning. Endå ein gong opna ho spent konvolutten. Så drog ho igjen fram det lille arket, der det sto «Til Lisa» øverst. Spent bretta ho det ut, og begynte å lese:

 

Kjære Lisa!

Eg veit du er sur, eg veit du er redd, men du må høyre på meg.

Eg er kome til byen no, kome for å treffe deg igjen.

Eg veit du ikkje vil, men eg har forandra meg no.

Barnevernet seier at du kan flytte tilbake, og at alt skal bli fint igjen.

Eg kjem fredag den 16 oktober.

Og ikkje ver redd, alt vil bli så bra.

Vennlig helsing Mamma!

 

Mamma!? Lisa rykte til. Brevet var frå mamma! Ho lukka augene, klarte ikkje tenke klart. Mora ville komme tilbake å hente henne! Hadde barnevernet tillate det? Mora hadde jo mishandla henne, og forlatt henne. Og no var plutselig alt greit igjen, no skulle ho berre flytte tilbake til henne? Lisa ville ikkje! Ho nekta! Aldri i livet om ho skulle tilbake til mora. Aldri! Ho ville ikkje ein gong sjå henne, ho ville ikkje treffe henne, ho ville ikkje tenke på korleis mora hadde behandla henne før. Ho brast saman i gråt på den vesle skrivepulten. Skulle ho verkeleg miste alt dette? Alt dette som verkeleg betydde noko for henne? Ei god mor, ein hyggeleg familie, ein god heim. Skulle ho miste alt det? Skulle ho til bringe resten av livet sitt med mora? Mora som hadde mishandla henne og forlatt henne? Tårene rann som ein foss nedover kinnet til Lisa. Ho hadde aldri følt seg så trist før. Ho visste jo at dagen ville komme, den dagen då barnevernet bestemte at mora skulle få ta vare på henne likevel. Og no var den snart her...

 

Lisa sto nede i stova med brevet i handa. Therese, som nettopp hadde vert på butikken, kom no inn døra. Ho såg forvirra på Lisa. Med tårer i augene strakte Lisa brevet til henne. Etter att Therese hadde lest brevet vart ho ståande og stirre tomt på det. Lenge. Lisa såg at ho strevde får å holde tårene tilbake. Lisa var trist og lei seg, men mest redd. Redd for kva som kom til å skje...

 

Så ringte det på døra. Lisa skvatt til. Kunne det vere mora som kom for å hente henne? Ho såg skremt bort på Therese, som såg like skremt tilbake på henne. Hjertet til Lisa banka så hardt at ho var sikker på at Therese også kunne høyre det. Utan eit ord røyste dei seg og gjekk mot døra. Lisa vart ståande gøymt bak Therese og haldt henne i handa. Ho følte seg så trygg då, som om fostermora ville beskytte henne. Sakte opna Therese døra. Utanfor sto ei høg dame med mørkt, langt hår. Ho hadde på seg ei brun vinterjakke, og ei blå dongeribukse. Det var mora! Lisa stirra skrekkeleg på henne. Mora hadde rett i det ho hadde skrive brevet, ho hadde forandra seg. Ho såg nesten litt ... snill ut. Lisa vart rar av å tenkje på det.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil