Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Lang fjelltur

Lang fjelltur

En fjelltur viser seg å bli svært krevende.

Karakter: 5 (nynorsktentamen, 10. klasse)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
21.11.2012


Det kom eit brev i posten. På brevet stod det: Hei Per. Du er invitert til ein tøff fjelltur over nokne bratte fjell. Turen vil ta ein dag, og når vi kjem fram til hytta, skal vi ete god mat og ha det hyggeleg i saman. Så skal vi gå tilbake to dagar seinare. Det er eg, deg, Paul og Tore som skal gå denne lange turen. Du må spørja heime i dag om du får lov til å bli med. Helsing: Tor. Eg blei skikkeleg glad då eg såg brevet. Det var midt i sommarferien, og eg hadde ikkje noko å finna på. Så endeleg kunne eg gjere noko spennande og kjekt.

 

Ei veke seinare hadde eg pakka alt og var klar til å begynne å gå den lange turen vi nå skulle gå. Eg var i ganske god form og spela masse fotball. Eg var ein av dei sprekaste i klassen og sprang 60-meteren raskast. Den einaste som ikkje var i så god form av oss som skulle gå var Tore. Han gikk ikkje på nokon fritidsaktivitet. Eg var redd for at han skulle bli for sliten og gi opp med ein gong vi hadde starta.


 

Så kjem bilen vi skulle sitje på med opp til fjellende i Sirdalen der vi skulle gå. Det var meld strålande ver, så vi gledde oss masse. Vi gikk ut av bilen og begynte å gå. Vi såg med ein gong at Tore sleit og gikk heilt sist. Eg gikk bak til Tore og sa at viss han vart veldig sliten måtte han sei i frå, så skulle vi ta ein pause. Da svarte Tore: «Eg vil ikkje gå sist. På denne turen vil eg bevisa at eg er tøffare og sterkare enn det dykk trur eg er». Eg svara: «Det er bra. Då må du jobbe hardt og ikkje gi opp med ein gong du blir sliten.»

 

Me gikk veldig langt. Eg begynte å lura på om me hadde gått feil veg sidan me ikkje kom fram til hytta vi skulle sove i. Det begynte å bli mørkt og veldig kaldt. Sjølv om det var sommar var det kaldt oppe i fjella. Det bles opp og det begynte å bli vanskeleg å gå oppreist. Sidan dei hadde meldt så fint ver på vervarslinga, om at det skulle bli varmt og masse sol, hadde eg ikkje tatt på meg så mykje kler. Men det blei ikkje varmt og sol. Det blei kald og overskya. Eg prata med dei andre, og dei sa me måtte finna ly for natta. Eg var heilt einige i det, og sa at me måtte finna ved til å fyre opp eit bål med. Tore sa med ein gong at han ville gjere dette. Eg tenkte at det sikkert var fordi han ville bevisa at han ikkje var så pinglete som vi trudde han var, og at han kunne takle utfordringar.

 

Medan Tore enda var borte og fant ved, laga vi andre plass der vi kunne sova for natta. Det var begynt å regna, og det gjorde alt mykje vanskelegare. Me fant ei hole i fjellet der det ikkje regna. Vi begynte å bli engsteleg for at Tore hadde gått seg bort. Etter ein time kom Tore gåande inn i hula. Han hadde med seg masse tørr ved, og han fortalte at han hadde gått kjempe langt for å finna den gode veden. Vi tente bålet, og varma oss. Og etter kvart somna vi i soveposen.

 

Nesta morgon vakna eg tidleg. Eg rekna meg fram til at klokka var rundt fire. Eg vekte dei andre og sa at vi snart måtte tenke på å begynne og gå. Det var overskya og regn i lufta, og det bles ein god del. Vi visste ikkje kor me var henne, så me begynte berre å gå ein veg. Vi gikk i fleire timar, og vi begynte å bli veldig slitne. Vi tok fleire og fleire pausar, og me begynte å bli veldig sletne. Det bles berre meir og meir, og det blei kaldare og kaldare. Tor, som hadde invitert oss andre med seg, kjente seg ikkje igjen der me var. Han sa at me burde ringe etter hjelp, men då sa Tore at det måtte vi ikkje gjere. Han sa at han skulle få oss ut, og at dei kunne legge heile ansvaret på han.

 

Vi gikk opp på eit fjell for å sjå kvar vi var henne. Fjellet var veldig bratt, og det gikk rett ned på begge sidene. Paul heldt på å dette ned på den eine sida men Tore klarte akkurat å redde han. Eg tenkte at dette var alt for vanskeleg for ein 14- åring. Og eg tenkte på så flink Tore hadde vært når han hadde henta ved til oss, og når han redda Paul frå å detta ned ifrå fjellet. Då vi kom opp på det bratte fjellet såg vi ut over, og vi såg at vi var langt vekke frå eit einaste hus eller veg. Eg tenkte at vi kom til å døy her ute og aldri få oppleve å bli vaksen og få barn.

 

Tore sa at vi skulle gå ein veg heila tida, rett framover. Vi andre gikk rett bak han og tenkte at vi aldri kom til å komme oss vekk herifrå. Etter ei stund sa Tore at vi måtte finne ein plass der vi skulle sove for natta. Vi fant ein plass der var det nokre tørre greiner som vi brukte til å fyre opp eit bål med. Så la vi oss ned i soveposen og somna ute i den flotte naturen med masse fjell og masse tre.

 

Neste morgon hadde vêret blitt mykje verre. Det var kome tett skodde, så vi så ikkje så veldig langt. Det var mykje kaldare, og det regna litt. Vi begynte å gå, men det var ikkje så lett når du ikkje såg meir enn eit par meter framfor deg. Når vi gikk frem datt vi ein etter ein sidan vi ikkje såg kvar det var steinar og holer på vegen der vi gikk. Vi blei veldig sletne, og vi gikk snart tom for mat. Vi hadde ein mobil med oss. Men vi hadde ikkje dekning her nede mellom fjella. Vi klatra opp eit bratt fjell. Det var veldig vanskeleg sidan det var så bratt og glatt. Eg holdt fleire gongar på å detta ned og slå meg, men eg klarte alltid å halda meg fast. Då vi kom opp på den spisse fjelltoppen var vi over skodda, og der oppe var det nydeleg. Eg kunne sjå ned på skodda og bort på dei andre fjelltoppene som var over skodda. dette var eit syn eg aldri ville gløyme. Vi var alle veldig slitne, så vi tok ein lang pause her oppe.

 

Då alle hadde fått tilbake pusten, ringde vi heim og sa at vi sat fast oppe på ein fjelltopp og trengde hjelp sidan vi ikkje fant vegen til hytta eller tilbake til bilen. Mamma sa at ho skulle ringe å få tak i nokon som kunne hente oss. Etter ti minutt ringde mamma oss opp igjen og sa at dei skulle sende eit helikopter til Sirdalen for å lete etter oss.

 

Vi satt der oppe og venta lenge. Eg var veldig kald og gledde meg til helikopteret kom, og til vi skulle få igjen varmen. Eg gledde meg til å komme heim å ta ein god varm dusj. Etter vi hadde sete på fjelltoppen i det som kjendes ut som ein evigheit, kom endeleg helikopteret fram til oss, og vi kom oss opp i det. Eg fekk raskt varmen igjen i kroppen, og var veldig glad for at eg endeleg var i sikkerheit.

 

Då eg kom heim satt mamma på sofaen. Ho hadde vært veldig engsteleg for oss og hadde tenkt det verste når vi ikkje ringte og sa at vi hadde kome fram. Eg fortalte korleis heile turen hadde vore, og sa at det var Tore som hadde gjort ein flott innsats. Han hadde vore veldig tøff når gruppa trengte det som mest. Så det var Tore alle burde takke for at vi hadde kome oss trygt heim igjen etter ein veldig tøff fjelltur.

 

Så gikk eg opp og tok ein lang dusj. Mens eg gjorde det, tenkte eg at det hadde vore ein kjekk tur, trass i alt det som hadde skjedd.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil