Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Ein bussjåfør, ein bussjåfør

Ein bussjåfør, ein bussjåfør

Et ironisk kåseri om hvor elendige bussjåfører er!

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
06.11.2012

Eg er så glad for at vi  har dei der store, grøne konteinarane med hjul på som berre køyrer rundt og verkeleg passar inn i trafikken sidan dei er så aktsame. Det sit også ein høgt utdanna person bak rattet som truleg har fordjupt seg grundig i norsk før han fekk denne jobben. Sjåføren snakkar faktisk like bra norsk som Pitbull mumlar spansk i songane sine. Det er faktisk litt av ei solstråle som sit bak rattet. Han er like glad som Mette Yvonne Larsen når  Rune Øygard blir skulda for overgrep på ei ung jente. Sjåføren tar også imot pengar for at ein heldig person skal få ein perfekt  tur med det trange, sosiale og rolige  skipet til Christopher Columbus.

 

Ikkje nok med det! Sjåførane smiler kvar einaste dag på den slitsamme jobben sin. Spesielt  når dei ser at ei gammal dame prøver å rekka bussen, men tenkjer heller på at ho kan kose seg i kulda med alle dei andre menneska  på ei laurdags natt.  Frå Randaberg til Stavanger tar bussen ca. tretti minutt, men viss du møter på rett sjåfør kan du vere så heldig at du får høyre Bus-General av Hellbillies i førti minutt om att og om att.

 

Det som er så bra med sjåførane, er at dei trur du er eldre enn det du ser ut som. Det er veldig kjekt å vere fjorten år medan sjåføren meiner at du er seksten, og du må betale fem kroner ekstra for å sjå eldre ut! Det er jo flott å sjå at dei testar styreforma kommunisme på bussen. Viss nokon er så morosame at dei trykkjer på stoppknappen på kvar busshaldeplass og ikkje går ut, vil diktatoren nekta å køyre vidare før dei andre undersåttane grip inn.

 

Om du er seks år og ikkje veit kor mykje ein busstur kostar er det ganske lærerikt å snakke med sjåførane. Dei manar at du må hugse nok pengar, og slepp deg ikkje på bussen slik at du skal lære deg det til neste gong. Dei tar også ofte imot ein del tips. Sjåførane er så profesjonelle at om du har ein  to-hundre seddel og skal betale fjorten kroner for ein tur, kan du ende opp med å få hundre kroner tilbake.

 

Ein bussjåfør, ein bussjåfør. Det er ein mann med godt humør.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil