Majoriteten av den norske befolkninga assosierer naturleg matpakka med eit par brødskiver ein smørar heime og tek med seg til skulen, jobben eller kor enn det måtte vere. Matpakka pakkast anten i ein matboks, aluminiumsfolie eller gråpapir, og mellom skivene leggjast som regel mellomleggspapir. I tillegg lagar ein gjerne litt plass til eit par agurk- eller paprikabitar som er pakka inn i plastfolie. Diverre er det ikkje lenger alle som held denne gamle matpakketradisjonen «ved like», og spesielt i den yngre generasjonen er det fleire ungdomar i den norske vidaregåande skulen som ikkje lenger tek med seg matpakke heimanfrå til skulen. I denne artikkelen skal eg ta for meg om matpakka er viktig eller ikkje.
Dei fleste norske vidaregåande skulane har anten eit kantinetilbod elevane kan nytte seg av, eller så ligg skulane som oftast i nærleiken av ein matbutikk eller ein kiosk. I kantinene på skulane er som oftast pizza, kveitebollar og fine bagettar med ost og skinke dei mest populære matvarane, medan kioskane gjerne freistar med frityrsteikt mat og sukkerhaldige drikkar. Spørsmåla ein dermed burde stille seg er om det er ei negativ utvikling at fleire og fleire vel å få i seg maten på denne måten i løpet av dagen, enn på den tradisjonelle måten?