Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Bølla Georg

Bølla Georg

En ny gutt har startet i klassen. Han er en bølle med navn Georg. Bølla Georg.

Karakter: 4+

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
21.04.2012
Tema
Mobbing


Hei! Eg er Lucas. No er det fyrste dag på skulen. Det har vært sommarferie, og eg skal byrje i 9.klasse. Vanlegvis hadde eg gleda meg til å sjå klassen min att, men ikkje den gongen her. Det var nemleg ein ny gut i klassen. Rykta fortel at han er så tjukk at han rommar minst åtte skåp. Det er mange som allereie har blitt banka opp, og eg er redd for å bli det eg og. Ingen veit kva han heiter enno, men det får vi vite i dag.

 

Når eg kom inn døra på klasserommet, satt den feite guten på ein liten stol og stira sint fram mot tavla. Han såg ikkje særleg glad ut. Han fikk plass saman med meg. Men plutseleg ringte klokka. Eg var redd for å sette meg, og det var freistande å flytte seg vekk. Men eg turte ikkje, for då ville eg fått kjeft av læraren, og bølla kan banke meg. So då sat eg meg ned på den vesle kanten på stolen som ikkje var dekt av feittet til bølla. Så kom læraren inn, og la bøkene sine på kateteret.

 

- ”Ja, eg kan begynne med å presentere den nye guten i klassen dykkar”, sa Læraren. ”Han heiter Georg Hansen. Han flytta nettopp hit frå Ørsta. Kan du fortelje noko om deg sjølv, Georg?”


- ”Nei”, sa Georg.

 

Kanskje han ikkje var ei bølle slik rykta fortalde. Han virka som ein grei fyr. Eg syntes nesten litt synd på han. Tenk å være so tjukk! Det må no være eit mareritt! Han greier sikkert ikkje å gå ti meter utan å bli sliten!

 

I friminuttet, med ein gong læraren gikk ut av klasserommet, snudde Georg på hovudet. Vi stira på han litt bekymra.

- ”Kva er det de stirar på?!”, sa Georg sint.

 

Det var stille. Alle gutane kroka seg inn i eit hjørne og såg redd på Georg. Jentene var trygge, Georg ville ikkje skade jenter. Berre gutar.

- ”Eg sa, kva er det de glor på?!”, repeterte Georg og reiste seg frå stolen.

 

Han gikk sakte mot oss, og vi pressa oss meir og meir saman. Så tok han tak i skuldra til Erik, kompisen min. Georg såg Erik alvorleg inn i auga.

- ”Eit feil trekk no, og eg vil banke Erik!”, sa Georg alvorleg.

Vi nikka forsiktig. Eg hadde visst tatt feil. Rykta VAR sanne. Bølla Georg gikk faktisk i klassen vår, og vi kom til å bli banka opp før dagen var over! Læraren trudde Bølla Georg var snill, og alltid gjorde rette val.

 

Eg gikk til skapet mitt, og det stod Bølla Georg igjen. Han hadde skap ved sidan av meg også!

- ”Hei, Lucas”, sa Bølla Georg.

- ”emm… H-hei…” sa eg. Eg var so redd akkurat no.

- ”Kvifor stammar du?!”, sa Bølla Georg. ”Er du redd for meg eller noko?!”

- ”eeh… vel, eg…”, sa eg. Eg visste ikkje kva eg skulle sei.

Men då løfta han meg opp og kasta meg i nærmaste søppelbøtte. Fallet var vondt, men det kom til å bli verre. Han kom nemleg mot meg der eg låg i søppelkassa. Han heva handa si, og skulle akkurat til å banke meg… men så…

- ”Georg Hansen, kva er det du gjer mot Lucas?”, sa Rektor. Eg var redda!

- ”Han falt i søppelkassa, og eg skulle berre hjelpe han opp”, sa Georg.

- ”Så kvifor heva du handa di?”, sa rektor.

- ”Har eg ikkje lov å strekkje meg her på denne skulen?!”, Sa Georg.

- ”Nei!”, sa eg. ”Han lyger! Han kasta meg i søppelbøtta, og skulle akkurat til å banke meg!”

- ”Gje deg, Lucas”, sa rektor. Georg ville aldri ha gjort noko slikt på sin fyrste skuledag! Eg trudde han skulle banke deg, men han ville jo berre hjelpe!”

 

Så gikk rektor sin vei. Rektor trudde ikkje på meg! Kva no?! Heldigvis gikk Bølla Georg sin vei, og eg kom meg opp av søppelet, og når klokka ringte gikk eg til time. Mens Læraren skreiv noko på tavla, snudde Georg seg mot meg, og sa:

- ”I friminuttet skal du dø!”

 

Eg vart så klart redd. No visste eg kor farleg Bølla Georg faktisk var. Heile klassen kasta papir. Men læraren gjorde ingenting med det. Eg reiv meg med også. Bølla Georg var den einaste som ikkje var med. Han prøvde faktisk å konsentrere seg. Etter kvart vart han sint.

- ”Hold kjeft!!”, skreik han.

- ”at du gidd å arbeide”, sa Erik. ”Vær med oss og ha det kjekt!”

- ”Eg vart kasta ut av skulen i Ørsta fordi eg hadde elendige resultat!” sa Bølla Georg før han marsjerte ut og slemte døra att med eit svært smell.

 

Det var stille i klasserommet.

- ”Lærar, skal du ikkje gjere noko?”, spurte eg.

- ”Nei, han treng litt tid for seg sjølv no”, sa læraren.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil