Mor mi fødde meg. Ho passa på meg mens eg var inne i ho, og etter at eg kom ut. Det er vel ikkje rart at eg elskar mamma?
Mamma og eg var bestevenninner. Når eg var lei meg krøyp eg inn i armane hennar, og ho haldt hardt kring meg og sa at alt kom til å ordne seg.
Mamma lærte meg å gå. Mamma lærte meg å snakke. Mamma lærte meg forskjellen på rett og galt. Mamma hjelpte meg med lekser. Det var ingenting mamma ikkje kunne gjera. Alle dei gongane ho spurte om eg hadde det bra. Kvifor spurte eg ho ikkje tilbake? Kanskje eg kunne ha haldt kring mamma og sagt det ville ordne seg. Men det var for seint no. Mamma var allereie øydelagt. Den kvelden på vei heim frå festen i mørket, hadde øydelagt ho for alltid.
Eg har ingen pappa. Det har eg aldri hatt. Eg veit ikkje kven som er faren min. Det veit ikkje mamma heller.
Alle sa at mamma så sliten ut. At det måtte ha vært slitsamt å få barn aleine som 15 åring. Alle ville hjelpe mamma. Eg høyrde at mamma og bestemor krangla. Mamma gråt. Hun sa at hun ikkje ville ta imot hjelp. Mamma klarte seg bra. Mamma var jo bare mor mi. Det var bare oss to.