Millionærar beskriv ofte lykke når de får store inntekter. Er det slik vi skal oppfatte lykke? Enkelte av oss trur at lykke kan bli kjøpt for pengar, og at all verdas lykke ligg i hendene til dei rikaste menneska. Dei som trur dette tar feil. Lykke kan ikkje kjøpast for pengar, i alle fall ikkje i 2011.
Den riktige tankegangen?
Vi menneske er naive. Kvifor trur vi at vi får lykke servert på eit sølvfat om vi har nok pengar i lommebøkene våre? Vi gløymer for at pengar eigentleg berre er noko usle papirlappar. Nokre gonger går det for langt. Plutseleg har vi ikkje meir igjen. Er vi ferdige, ubrukelege det sekundet vi blir tomme for pengar? Er vi verkelig ikkje verdt noko utan dei fordømte papirlappane?
Nokre få av oss veit det. Nokre få av oss bryr oss ikkje om pengar. Vi bryr oss om den ekte lykka. Kva er eigentleg lykke? Du trudde kanskje lykke var å liggje i eit ferieparadis utanfor spanskekysten, vite at du ikkje treng å jobbe noko særleg meir resten av livet ditt? Andre av oss ville seie at lykke, det var når du endelig har fått deg ein familie, ektefelle, barn og kanskje til og med ein hund. Ein kan ikkje berre seie at lykke er eit bestemt fenomen. Vi kan ikkje seie at det som er lykke for deg er lykke for meg. For nokre få av oss er kjærleik lykka. Du kan da ikkje kjøpe ekte kjærleik?