Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Ekstremsport

Ekstremsport

Et kåseri om ekstremsport.

Karakter: 5 (nynorsktentamen, 10. trinn)

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
04.01.2012


Ekstremsport. Kva er ekstremsport? Jo, det skal eg fortelje deg. Ekstremsport er at ein person som ikkje held livet kjært, eller bryr seg om vener og familien sin, set livet sitt i fare ved anten å stupe ned ein 20 meter høg klippe til eit vatn, eller å hoppe ned frå eit fly frå 10 000 fot med ein liten fallskjerm. Kvifor dei gjer det er enno eit mysterium for meg, men dei argumenterer sjølv med at dei får eit adrenalinkick. Då spør eg deg; Kvifor? Er det verd det? Kva om du er ein familiefar med kone og tre born, og så opnar ikkje fallskjermen seg? Og då å risikere at den heimeverande kona og 3 born blir etterlate i eit hus som ikkje er nedbetalt, og slite for resten av livet? Det er openberra for meg at dei som driv med dette ikkje verdset det livet dei har, og ikkje har tenkt noko spesielt over konsekvensane det kan føre til. Ja, òg dette berømte adrenalinkicket. Kan du ikkje berre ta deg ein tur til Liseberg og køyre karusellane? Det er mykje billegare, du kan ta med familien og gjere ein helg av det, og det er definitivt mykje tryggare. 

Ekstremsport er ein stadig veksande sport i Noreg med fleire og fleire tilhengarar. Det er fleire ekstremsportarrangementer i Noreg, som til dømes ekstremsportsveko på voss. Viss eg huskar rett så var det ein person som vart skadd i eit fallskjermhopp. Men er eg overraska? Ikkje i det heile tatt! Eg såg for eit par dagar sidan ein person som hoppa med ein såkalla wingsuit, som er ein slags kjeledress med stoff under armane og føtene slik at det blir meir luftmotstand så du kan kontrollere fallet betre, hoppe frå eit fjell, og fly 2 meter over bakken i over 200 kilometer i timen. Dette, etter meininga mi, har gått frå og vere ein idiotisk ekstremsport til sjølvmord. Man skulle vorte dømt etter freista sjølvmord for å prøve dette. Marginane for at noko kan gå gale er så små, og når det først går gale, går det veldig gale. Eg håpar for guds skuld at den personen ikkje hadde nokon familie. 

Men som sagt, så finst det fleire typar ekstremsport som ikkje inneber at du kastar deg ut av eit fly. Det finst fleire jordnære ekstremsporter som t.d å gå lange turar til Antarktis eller andre kalde og gudsforlatte plassar. Kva er poenget med å gå til f.eks Nordpolen? Det kan umogleg vere naturen, for landskapet er like flatt og kjedeleg som Danmark. Det kan heller ikkje vere temperaturen, så lenge du ikkje likar 50 minusgrader. Eg kan eigenleg ikkje sjå nokre spesielle fordeler med å ha gått til Nordpolen. Eg trur ikkje sjekketrikset: “kom heim til meg, så skal du få sjå stortåa mi som fekk frostbitt og enda med at eg måtte amputere han” vil dra nokre damer heller. Men, så er det alltid nokon som vil gjere det lille ekstra av noko som i det første er ganske meiningslaust og dumt, og det er å gå utan nokre hjelpemiddel som t.d. GPS, og mobiltelefon. Det vil seie at du er heilt åleine på eit isflak mange tusen av kvadratkilometer, utan nokre form for kommunikasjonsmiddel til omverdenen. Det er då du håpar at skorne passar så dei ikkje gjev deg gnagsår. 

Men kva er eigenleg definisjonen på ekstremsport? Dei ulike aktivitetane eg har snakka om no er definitivt dumdristige ekstremsporter. Men eg meiner at det finst ekstremsporter som ikkje inneber at sjansen for og døy er høg, som til dømes ein sport som store delar av Noreg har sett, og som vi er relativt kjend for, nemleg langrenn. Kva? Tenkjer du sikkert. Men, når du tenkjer over kva for ein kraftprestasjon det skal til for å gå to mil på godt under 2 timar, kanskje du endrar meining. Når du ser til dømes Petter Northug gå i mål, kollapsar han nestan fordi han er så klar. 


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil