Eit møte

Handler om ulykkelig kjærlighet og å ville vekk fra alt. Håper dere liker den!

Karakter: 6 (Tentamen i sidemål i 10. klasse)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2011.12.11

Då er det som om tida stanser. Ja, det er det som skjer i klisjeane, Hanne veit det. Men no er det faktisk det som skjer. Tida har stansa og latt heile verda få sjå kva som skjer i akkurat dette augneblikket. Hanne kan ikkje høyre eller lukte eller sanse noko som helst. Ikkje eingong tankane sine! Alt er blitt igjen i den ekte verda, mens ho og han har forsvunne inn i den andre, inn i hennar verd. Den beste og den lykkelege. Ho føler seg som Tornerose når ho og prinsen kyssar på ein kvit, svevande sky. Alt anna er milevis vekke. Ingen annan slepp inn. Dette er deira lykkelege slutt.

 

Hanne går langs den våte asfaltvegen. Ein ny dag på skulen. Ho kunne godt blitt heime. Åh, som den varme dyne freista no. Den varme, trygge dyna i den varme, trygge senga i den varme, trygge heimen. Viss det ikkje var for han, ville ho truleg aldri ha gått på skulen. Viss det ikkje var for han. Han ho må sjå kvar dag for at ikkje heile kroppen skal verke. Han som gir livet hennar meining. Hanne vil inn i verda si. Her er det herlig å vere. Her er ho midtpunktet. Det er fint å vere midtpunktet. I verda hennar er ho det. I verda hennar ser alle opp til henne, for ho er vakker og smart og audmjuk. Ho er snill mot alle, og alle er snille mot henne. Ikkje minst han. I verda hennar lengtar han etter henne. I verda hennar elskar han henne. Meir enn nokon annan. Og ho han.

 

Klokka ringer og vekker Hanne frå dagdraumen. Fleire ler av henne. Men det er matpause, så dei har ikkje tid til å stå der lenge. Dei spring på tvers av klasseromma for å sitje i lag med venane sine. Hanne har heller ikkje tid til å sitte her. Med matpakka i eine handa, smett ho, så lite merkbart som mogeleg, inn i det faste klasserommet. Klasserommet hans. Det er som om det, og alt i det, er heilag. Dei slitte, grøne gardinane, dei falleferdige pultane. Alt er røyrd av han. Hanne sett seg ved den faste pulten i hjørnet, og drar fram den vasne brødskiva. Det gjer henne ikkje noko, å sitte slik aleine. Helst ville ho vore usynleg. Heilt usynleg. Då kunne ho ha vore med ham heile tida utan at han visste det. Men no nøyer ho seg med å sitte og observere kva som skjer i klasserommet. Eller, eigentleg ikkje. Det er berre ein ho kan sjå. Alt anna er forsvunne i ei tett, kvit skodde.

 

Grusen knasar under føtene til Hanne, idet ho går over plassen framfor det store, kvite huset. Det kunne lett ha passert som eit spøkelseshus viss det ikkje var for musikken som dundra høgt i veggane. Framleis kan ho ikkje heilt forstå kvifor ho er invitert. Hjartet hennar dunkar raskare. Ho kjenner det heilt oppi halsen. Var feil å kome? Kanskje dei eigentleg hadde meint å invitere ein anna, men trykka på feil namn på Facebook? Brått vil Hanne springe. Springe vekk frå den dumme festen og dei dumme folka, dra heim. Då ser ho han. Han står i ei gylden eng og smilar varmt til henne. Langt inni den blå himmelen framfor henne. Hanne smilar tilbake til han og freistar springe til ham, men det er som om føtene hennar har blitt bora fast i bakken. Ho ser ned på dei, men dei er ikkje der! Det er ikkje rart ho ikkje klarar å gå. Ho ser redd opp på ham.

 

Då stanser hjartet hennar. Det er han. Han, den ekte han i levande live! Rett framfor henne. Den gylne enga er fordufta, og berre han står igjen. Hjartet hennar byrjar å slå igjen. Raskt. Raskare enn nokon gong. Raskare enn då ho sprang 1000-meteren i niande klasse. Hanne undrar om han kan høre det? Eld spreier seg i kinna mens han går mot ho. Heile verda forsvinn. Det er berre han igjen. Det svarte, mjuke håret, den muskuløse tenåringskroppen, dei blå auga og det varme smilet. Alt kjem i mot ho i akkurat dette augneblikket. Dei smeltar saman.

 

Då er det som om tida stansar. Ja, det er det som skjer i klisjeane, Hanne veit det. Men no er det faktisk det som skjer. Tida har stansa og latt heile verda få sjå kva som skjer i akkurat dette augneblikket. Hanne kan ikkje høyre eller lukte eller sanse noko som helst. Ikkje eingong tankane sine. Alt er blitt igjen i den ekte verda, mens ho og han har forsvunne inn i den andre. Inn i hennar verd. Den beste og den lykkelege. Ho føler seg som Tornerose når ho og prinsen kyssar på ein kvit, svevande sky. Alt anna er milevis vekke. Ingen annan slepp inn. Dette er deira lykkelege slutt.

 

Men det er slik at når ein lever i ein ekte verd, bestemmer ein ikkje sjølv kven ein er. Når ein lever i ein ekte verd er det ikkje noko som lykkelege sluttar. I den ekte verda, derimot, finst det latter. Latter frå alle kantar. Og blits, blits som skjærer i auga. I den ekte verda er alt berre eit veddemål. Og Hanne spring. Vekk frå alt.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst