Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Vikingtida i Noreg

Vikingtida i Noreg

Historieartikkel om vikingtida.

Karakter: 5 (Påbygg, VG3)

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
25.10.2011


Vikingtida er starten på ei historisk tid, ikkje berre i Noreg, men og i heile Norden. Mange tenkjer på vikingtida som då den tidas nordmenn drog ut for å herje og plyndre andre stader i Europa, men det var ikkje berre slik. Under vikingtida var det mykje meir som skjedde. Dei både herja og plyndra, men dreiv òg med fredeleg handel, bygde byar, koloniserte store område og grunnla nye rike. I denne teksten ynskjer eg å greie meir ut om vikingtida, kva den var og kva den førte til for Noreg. Korleis Rikssamlinga og kristninga gjekk føre seg og kva den førte til.

 

Vikingtida blir rekna som tida frå år 800 til langt ut på 1000-talet. Svenskar, Danskar og Nordmenn strøymde ut over Europa, plyndra og herja, dreiv med handel og utflytting. Svenskane drog austover mot Russland, nedover langs dei store russiske elvane og heilt fram til Kaspihavet, Svartehavet og Konstantinopel eller ”Miklagard” som vikingane kalla det. Dei svenske vikingane var meir vennlege enn andre vikingar, dei handla meir enn dei slost, men dei gjor begge delar når det måtte til. Danskane drog ovesjøs til England og Frankrike der dei kjempa voldsame slag. I tilegg til å slost busette danskane seg i desse områda og dreiv med handel. Nordmennene drog vestover til Shetland, Orknøyene og Hebridane, til Man i Irskesjøen og til Ferøyane og Island. Dei norske vikingane grunnla koloniar på desse stadene.


 

Når vi snakkar om vikingferdene pleier man ofte å dele dei inn i 4 fasar. Den første fasen byrja med åtaket på klosteret på øya Lindisfarne i 793. Dette markerer starten på vikingtida. Under den første fasen var vikingane ganske forsiktige, dei brukte mest tid på å utforske Europa, men dei gjorde spreidde åtak og raske overfall før dei forsvann att når dei først gjekk til åtak. Den andre fasen er karakterisert ved at større, organiserte vikinghærar erobra land. Nordmenn kom med skipsflåter til Irland og gjekk til åtak frå basar langs kysten. Frå 850 til 860 kom vikingane i store flokkar til England. Sjølv om Engelskmennene sette inn alle styrkane sine og vant ein og annan gong mot vikingane, kom vikingane att fleire gonger. Under den tredje fasen byrja vikingane å busetje seg fast i erobra områder. Dette skjedde i områda danskane tok i England, i det franske Normandie – men også i Irland og Skottland og på øyene utanfor. Det vart etablert fleire rike som vikingane regjerte over. Den fjerde og siste fasen starta då nordiske kongar sjølv leidde vikingtokta. Dette var dei vikingtoktene som var størst og best organisert og dei resulterte blant anna i at den danske kongen Svein Tjugeskjegg og sonen Knut den mektige erobra England ein gong tidleg på 1000-talet. Etter den fjerde fasen reknar man med at vikingtida var over.

 

Vidare kan man jo undrast kva som gjor til at vikingane drog ut frå Noreg. Europa var ikkje ukjent for folka i Skandinavia. Fleire og fleire valde å dra ut i viking då det rett og slett ikkje var plass til dei i lenger. For nettopp det var ein av grunnane til at folk forlèt Skandinavia, auka folketal og jordmangel. Ein nyvinning som òg var med på å hjelpe til dømes nordmennene ut av Noreg var det fantastiske Vikingskipet. Før måtte vikingane ro båtane sine, men no kom segla. Båtane vart smidigare og lettare.

 

Harald Hårfagre, som lot håret vokse fram til han blei konge, blir rekna som den første rikssamlaren. Han sigra mot fiendane sine i det berømte slaget ved Hafrsfjord. Sjølv om dette slaget er berømt er det lite vi veit sikkert om det. Vi veit ikkje kven han sigra mot eller kor store landområde han klarte å leggje under seg. Det sikraste vi veit er at han sannsynlegvis klarde å skaffe seg kontroll over Sørvestlandet og heilt til Hordaland.

 

Vidare veit vi at man frå Sørvestlandet kunne ein konge kontrollere den viktige skipstrafikken langs kysten og skaffe seg inntekter derifrå. Kva ”Rikssamlinga” til Harald Hårfagre omfattar utover kjerneområdet på sørvestlandet er i dag uvisst. Før meinte historikarane at han hadde samla heile Noreg ti leit rike og at slekta hans haldt fram som kongar og rikssamlarar, men det var nok ikkje slik det var. Men at han var inne på tanken om å samle Noreg til eit land, kan nok stemme.

 

Etter Harald Hårfagre var det mange som prøvde å etablere seg som kongar i Noreg, mange av dei hadde vore utanlands og prøvd lykka som vikingar for så å komme heim rike på gull, gods og erfaringar som gjor at det freista å vinne meir makt. Dei prøvde på mange måtar å lokke til seg bøndene, blant anna med å betale dei for støtta eller rett og slett å slå dei ned. Olav Haraldsson var nettopp ein slik mann. Man kan godt seie at han fullførde rikssamlinga. Både det han gjor når han var i live og det som skjedde etter at han var død har vore viktig. Han hadde drege både austover og vestover og vore med på erobringane i England saman med den danske kongen Svein Tjugeskjegg. Han vart godteken av heile landet som konge etter at han slo motstanderane sine Palmesøndag 1016. Vidare skaffa Olav seg mange nye fiandar og møtte dei i slaget ved Stiklestad 29 juli 1030 og vann, sjølv om han vart drepen. Denne dagen blir den dag i dag markert som olsok. Sonen til Olav, Magnus vart seinare konge. Men før Magnus vart konge var danskekongens son underkonge, men han var ikkje likt i det heiletatt av folket. Derfor henta mektige menn Magnus og gjor han til konge. Omtrent på same tid som Noreg blei samla blei og Sverige og Danmark samla til eigne rike.

 

Tidlegare var det den mytologiske trua som prega vikingtida, men no var det tid for forandringar også i det hjørnet. Kristendomen kom tidlegare til andre Stadar i Europa enn til Noreg, men vikingane som drog ut i viking tok med seg denne trua heim til gamlelandet. Fleire av kongane i Noreg arbeidde aktivt for å få kristna landet. To av dei første som arbeidde for dette var Håkon den gode og Olav Tryggvason. Begge to vart døypte og lært opp i den kristne trua i England. Dei prøvde å innføre kristendomen med å forhandle med bøndene på tinget, byggje kyrkjer og la prestar frå England fortelje om kristendomen. Håkon møtte hard motstand og gav opp kristninga til slutt. Då Olav Tryggvason byrja sitt arbeid med å kristne landet var allereie folk på vestlandet fortrulege med kristendomen, så han fekk støtte derifrå, men i Trøndelag møtte han stor motstand. Olav ville ikkje gje seg, han både brende og drap for å slå ned motstanden, han fekk derfor fiendar og vart sjølv drepen.

 

Vidare i historia om kristninga av Noreg kjem det endå ein Olav, Olav Haraldsson. Han vart kristningskongen framfor nokon. Som sine forgjengarar kom også denne Olaven frå utlander til Noreg som kristen. Han møtte og motstand, og gjekk då hardt til verks for å få fram det han ville. Det gjekk med han som den førre Olav, han vart drepen. Først etter at han døde blei fleire og fleire kristne. Det gjekk rykte om at han var guddommeleg og fleire blei overbevist om det. Sagaen seier at ”Då Olavs lik vart teken opp av jorda etter tolv månadar og fem netter, var kista som nyhøvla, det stod ein herleg ange av han, og Olav var raud i kinna som om han nettopp hadde sovna”. Vidare seier sagaen at ”folk som hadde sett kong Olav da han fall, kunne tydeleg sjå at hår og negler hadde vakse nesten så mykje som om han skulle vore levande her i denne verda heile tida sidan han fall”. Han blei sett på som ein helgen og fekk difor namnet Olav Den Heilage.

 

Kristninga og rikssamlinga skjedde på same tid. Kongane som arbeidde for å samle Noreg arbeidde òg for å få noreg under kristendomen. Olav Haraldsson (Olav den Heilage) var den første til å skape ei organisert kyrkje, med biskopar, prestar, gudshus og kyrkjegardar. Denne kyrkja var med på å fremje rikssamlinga . Kongen styrde kyrkja, valde ut biskopar og prestar, fekk bøndene på tinget til å komme med lover som skulle sikre kyrkjeorganisasjonen. Kongen fekk ei større stilling i samfunnet då det var han som var den øvste leiaren for kyrkja.

 

Det tok ikkje lang tid før kristendomen greip inn i dagleglivet og trua til folk. Tidlegare trudde folk på mange forskjellige gudar som for eksempel kjærleiksgudinna Frøya. No baserte trua seg på ein Gud og sonen hans, Kristus, som og var guddommeleg. Rituala i kyrkja var nye og annleis enn det folk var vande til. Før påske skulle man for eksempel faste i 40 dagar, alle born måtte døypast og døde gravleggast på kyrkjegarden.

 

Noreg endra seg mykje frå år 800 til langt ut på 1000-talet. Dei som kom heim tok med seg nye impulsar heim til Noreg. Vikingar som drog ut i Europa fekk oppleve både føydalsystem og kristendom på kroppen og tok det med seg heim til Noreg. Kongane som ville samle Noreg til eit rike kom frå utlandet og hadde sett at det gjekk an i andre land med eit slikt system. På same tid hadde dei sett at kristendomen var veldig utbreitt andre stadar i Europa. Dei blei overtalde til å gå over til kristendommen og ville det same for Noreg når dei kom heim. På denne måten kan man sei at mellomalderen i Europa har hatt mykje å sei for alt et som skjedde i Noreg på denne tida.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil