Lars Jarle heitte ein mann. Han var son til Per Gunnar, son til Kåre, og son til Magne, son til Sigurd, begge frå Bergen. Lars Jarle hadde ikkje noko mor, men han hadde to fedrar, som begge jobba som blomsterdekoratørar i sin eigen butikk ikkje langt ifrå sentrum. Lars Jarle heldt til på Bergen prestegard, der han jobba som prest og preika om «rett og gale» kvar søndag. Han var ikkje som prestar flest; Han abonnerte på «For Him Magazine», var mager og bleik, og ikkje minst var han sonen til to homofile menn. Mange såg ned på han, og meinte at ein som kom frå ein slik familie ikkje burde preike Guds ord.
Sonen til Lars Jarle var den unge guten Daniel, og det var ikkje godt å seie kva det skulle bli av han. Det gikk rykte om at han stamma frå eit gammalt forhold med ei eldre kvinne, men ingen visste heilt kva som var sanninga, og godt var det, for det var ikkje utan grunn at han blei kalla «Daniel den ufyselege».
Lars Jarle drøymde om at Daniel ein dag skulle fortsette prestekallet til faren, men Daniel var meir oppteken med TV-spel og kvinner, enn han var med preiker om Gud og bibelske vers. Lars Jarle hadde til og med prøvd å kjøpe han det nyaste Jesus-spelet på PC, utan at det gav noko effekt.