Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Korleis nynorsk blei til

Korleis nynorsk blei til

Et kort lite eventyr.

Karakter: 5+

Sjanger
Eventyr
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
27.04.2011


Det var ein gong ein bondeson frå Ørsta på Sunnmøre som kom marsjerande bortover landevegen. Eitt, to! Eitt, to! Han hadde ein sekk på ryggen, og ein stokk i handa. Oppi sekken låg det små bøker, og notat med ulike dialektar. Han heitte Ivar Aasen og kom frå fattige kår. Han hadde ein sterk læretrong og var ein hardtarbeidande mann som skaffa seg kunnskap, særlig i språk. Difor var han på veg heim etter å ha studert dialektar og ord i heile Noreg. Han var sjølvsagt veldig sliten, sidan han hadde gått 400 mil til fots.

 

På landevegen møtte han ei gammal, magisk heks. Ho var ekkel og lita, underleppa hang heilt ned på brystet, og nasa var så stor som ei potet. Ho sa: ”God aften. Du verda så pen stokk du har, og så stor sekk du har. Du er nok eit ordentlig mannfolk. Viss du hjelper meg, skal du få eit, men bare eit, ynskje oppfylt.”

”Takk skal du ha, di gamle heks,” sa Aasen, ”men kva skal eg hjelpa deg med?”.

 


”Kan du sjå det store treet?” sa heksa, og peika på eit tre som stod ved sida av dei. ”Det er ganske hult inni. Du skal klatra opp i toppen på det. Der oppe ser du eit hol som du kan la deg gli ned i så du kjem djupt ned i treet. Eg skal binda eit tau om livet på deg, slik at eg kan heisa deg opp når du drar i tauet.”

”Kvifor kan du ikkje gjera det sjølv, med dine magiske krefter?” spurde Aasen.

”Fordi kista er beskytta av tre lyrikarar. Orda deira er sterkare enn min magi”, svarte heksa.

 

”Kva skal eg så gjera nede i treet?” spurde Aasen.

 

”Når du kjem ned til botn, er du i ein stor gang. Det er ganske lyst der. Det er tre dører der nede, men du vil berre sjå ei. Ta desse tre nøklane, og bruk dei i dørene. Bak kvar av dørene er ein av lyrikarane. Einaste måten å nedkjempe dei, er med ord. Bak den siste døra, viss du kjem så langt, er det ei kiste. For å opne den kista, må du seia ynskjet ditt.”

 

”Men kva skal eg gje deg, di gamle heks? For noko vil du vel ha, kan eg tenkje.”

 

”Etter du har opna kista, vil du sjå masse gull og sølv. Ta så mykje du klarer med deg og gje det til meg etterpå. Og for all del, ikkje gløym gullkrona.”

 

”Så fest tauet rundt livet på meg,” sa Aasen.

 

Så klatra Aasen opp i treet, og ned gjennom holeet i toppen, og stod framfor den fyrste døra. Han tok den fyrste nøkkelen ut av ranselen, vrei om, og opna døra. På andre sida av døra stod det ein mann med briller, kinnskjegg og kort hår.

 

”Kven er så du?” spurde Aasen.

”Mitt namn er Henrik Arnold Wergeland. For å koma forbi meg, må du bruka veldig gode argument for at Noreg skal få eit nytt skriftspråk. For mine er dei beste, nemleg å fornorska det overleverte skriftspråket ved å oppta ord, uttrykk og former frå norsk talespråk.

 

”Vi skal heller ha eit nytt norsk skriftspråk basert på dei norske dialektane, slik at bøndene i dette landet faktisk kan lesa bøker”, svara Aasen.

 

Med eit blei Henrik Arnold Wergeland mållaus, og blei til stein. Då tok Aasen den andre nøkkelen ut av sekken, vrei om og opna døra. På den andre sida av døra stod det ein mann med kort hår.

 

”Kven er så du?” spurde Aasen.

”Mitt namn er Knud Knudsen. For å koma forbi meg, må du bruka veldig gode argument for at Noreg skal få eit nytt skriftspråk. For mine er dei beste, nemleg at det nye språket skal byggjast på den norske tale, norske ord skal skrivast slik dei uttalast. Eg meiner at vi må gå forsiktig til verks, og byggje det nye språket på overklassen sin dannede tale.

 

”Vi skal heller ha eit nytt norsk skriftspråk basert på dei norske dialektane, slik at bøndene i dette landet faktisk kan lesa bøker”, svara Aasen.

 

Med eitt blei Knud Knudsen mållaus, og blei til stein. Då tok Aasen den tredje nøkkelen ut av sekken, vrei om og opna den siste døra. På den andre sida stod det ein vakker, intelligent, sjølvbevisst og arrogant mann. Blikket hans hadde noko eige over seg.

 

”Kven er så du?” spurde Aasen.

”Mitt namn er Johan Sebastian Welhaven. For å koma forbi meg, må du bruka kjempe gode argument for at Noreg skal få eit nytt skriftspråk. For mine er dei beste, nemleg å halda på det skriftspråket vi har, og la det vekse seg norskare over lang tid. Altså vi må bruka den danske kulturarven.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil