Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Tatt av kvinnen

Tatt av kvinnen

Bokanalyse av "Tatt av kvinnen", av Erlend Loe

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
10.11.2001


Tittel: Tatt av kvinnen
Forfattar: Erlend Loe
Forlag: Cappelen, 1993

PERSONGALLERI

Hovudpersonane i denne boka er ein eg-person, og hans venninne Marianne.
Eg-personen er ein mann som eg trur ikkje har så mykje mot. Han virkar litt tafatt og føyer seg alltid etter andre si pipe. I allefall etter Marianne si pipe.
Han klarer ikkje sjølv å ta sine eigne avgjerder og er lett å snurre rundt lillefingeren. Han er ein enkel person, som ikkje bryr seg så mykje om det materielle, men mest det sosiale og felleskap med andre, når han får moglegheita til det.
Dette gjeld også for Marianne, som er ei jente med sterke meiningar. Ho er påståeleg, svært påståeleg og får det som oftast som ho vil, enten det er greit for andre eller ikkje.
Marianne er ein person som berre tek seg til rette, bryr seg ikkje så mykje om kva andre meinar om henne og det ho gjer.
Eg får eit inntrykk av att personane vi har med å gjere i denne boka er unge. I 20-års alderen eller kanskje nærmare 30. Dette får vi ikkje vite direkte, men ettersom vi får innblikk i dei mange, noko spesielle tinga dei gjer, kan ein med ganske stor sikkerheit trekkje den konklusjonen.


Vi får også møte andre personar i denne boka.
Halfred er naboen til eg-personen og han spelar curling. Vi får ikkje vite noko særlig meir om han, men han verkar som ein grei kar som kjem med gode råd stadig vekk.
Bent og Runar er dei to studiekameratane til Marianne.
Bent driv med termisk forskning, og verkar som han har eit ganske liberalt syn på det meste. Runar derimot har eit kristen livssyn, og studerar eit eller anna teologisk ved universitetet.
Nidar-Bergene er ei venninne av Marianne, med diabetes og deltidsjobb på Nidar-Bergene. Ho er aleinemor og har vanskeleg for å stå opp om morgonen. Ho verkar som ei sympatisk kvinne som alltid kan vere til hjelp i vanskelege situasjonar.
Glenn er ein mann som eg-personen blir kjend med i symjehallen. Dei diskuterer det meste saman og blir gode vennar. Glenn har ei kone som heiter Ruth, og dei har eg inntrykk av er komt eit stykke opp i åra.

Ellers får vi høyre om fleire bipersonar:
- Mirlinda
- Den svenske obersten (Kalle) og kona hans som også heiter Marianne, og er 25 år yngre enn obersten.
- Lollik
- Tor
- Herr Slind-Larsen (Marianne sin far)
- Roland (ein yngre halvbror av eg-personens farfar)

HANDLING

Boka ”Tatt av Kvinnen” handlar om ein mann som bor for seg sjølv. Han har ei venninne, Marianne, som i byrjinga kjem på besøk stadig vekk og berre når ho sjølv vil det. Oftast om kvelden når eg-personen skal sove. Ho snakkar og snakkar om kor deilig det er med stillheit, men han klarer ikkje alltid å følgje med på det ho har å seie.
Etter ei stund flyttar Marianne inn i leiligheita hans og tek så å seie over styringa.
Ho tek avgjerder for han og styrer store delar av livet hans.
Eg-personen går ofte i symjehallen for å koble av litt. Der møter han Glenn, som etter kvart blir ein god venn av eg-personen.
I forbindelse med vintersolhverv bestem Marianne at dei kan arrangere ein liten fest for dei nærmaste vennane sin.
Marianne ber Nidar-Bergene og to studiekameratar, Runar og Bent.
Eg-personen inviterar Halfred, Glenn og kona hans Ruth.
Det blir ein koseleg fest der alle blir godt kjende med kvarandre.
Etter ei stund blir eg-personen oppsagd frå jobben sin, og då bestemmer dei Marianne og han seg for å reise på ferie. Nærmare bestemt ein interrail i Europa, utan nokon spesielle mål.
Dei tek tog, og i byrjinga er alt berre bra. Dei les, snakkar og berre kosar seg.
Dei reiser til Frankrike, og bestemmer seg, etter mykje om og men at dei skal stoppe i Paris og overnatte der. Dette er imot Marianne sin vilje, sjølv om det eigentleg var ho som kom opp med ideen. Dei tek inn på eit hotell og dei første dagane snakkar dei nesten ikkje med kvarandre. Dei snakkar berre når det er høgst nødvendig.
Eg-personen går turar i parken og orienterar seg i Paris, median Marianne for det meste ligg på rommet og furtar.
Etter kvart innser Marianne att dette er dårleg gjort av henne og der bli venner igjen. Dei tilbringer eit par dagar til i Paris, før der dreg vidare.
Dei tek toget og bestem seg for å gå av når intuisjonen deira seier att no bør der gå av.
Toget stoppar på ein stasjon og noko seier Marianne at dette er staden der bør gå av på. Eg-personen er ikkje heilt enig, men han seier at det er greit.
Dei kjem til ein plass der det ikkje er ei sjel. Dei begynner å gå og kjem etter ei stund til eit vertshus der dei overnattar.

Innehavaren foreslår at dei kan besøke ein svensk oberst og hans kone som bor ikkje så langt frå vertshuset. Dei kan få låne bilen hans.
Det er greit for dei, og når dei nærmar seg ser dei eit stort hus, som liknar litt på eit gammalt slott. Der bor altså obersten, Kalle og kona hans som også heiter Marianne. Dei får servert mat og kjem godt overens alle fire. Huset har basseng, noko som passar eg-personen fint. Dei får beskjed om at alt står til deira disposisjon, og seinare på kvelden får dei tilbud om å overnatte. Det vil dei gjerne, og neste dag har dei det like hyggeleg som dagen før. På kvelden seier eg-personen at hen kjem til å reise heim neste dag. Marianne vil ikkje det, så ho blir igjen.
Eg-personen setter seg på toget og går av i ein by han meiner er passeleg stor. Han tek inn på eit hotell og neste dag treff han ei jente, Mirlinda, som treng hjelp til å skifte dekk på bilen sin. Ho ber han på middag som takk for hjelpa og dei har det svært hyggjeleg. Ho seier at han kan bo hos henne mens han er i byen og det takkar han sjølvsagt ja til.
Ein dag ringjer han til Marianne og han prøvar å få ut av henne kva tid ho har tenkt seg heim, men det har ho ingen anelse om. Han får berre vente å sjå.
Omsider dreg han heim og Mirlinda tek det tungt. Dei har blitt gode vennar.
Eg-personen kjem heim og han savnar Marianne veldig, men heilt overraskande kjem ho heim etter ei stund.
Eg-personen får seg jobb, og ikkje lenge etter får Marianne seg òg jobb.
Som lærar ved ein skule ute på ei øy. Ho må flytte og i byrjinga besøkjer dei kvarandre ofte og dei har det fint saman der ute med havet. Men det blir sjeldnare og sjeldnare, og Marianne begynner å sende han brev om at det ikkje passar at han kjem denne helga. Og ikkje den etter der eller den etter der igjen heller, men Marianne seier at alt er bra.
Han liker ikkje dette og ei helg tek han berre båten ut, utan å ha sagt frå på førehand.
Han finn ein mann ved kjøkkenbordet hennar. Marianne er overraska og forfjamsa. Ho forklarar at dette er Tor og at han er biolog, han driv for tid med ørn.
Eg-personen meinar at dette er for dumt, men Marianne seier at ho ikkje kan noko for det. Det berre er slik, og han må huske at med henne er det enten eller.
Neste dag reiser han tilbake til byen.
Han blir sjuk og ligg ei heil veke i senga.
Han har litt kontakt med Nidar-Bergene, og ho seier at ho forstår han godt og at ho aldri hadde trudd noko slikt om Marianne.
Eg-personen oppsøkjer framande cafèar, og ein dag kjem han i kontakt med ei vulgær jente som heiter Lollik. Ho blir med han heim og overnattar. Eg-personen foreslår at dei skal reise ut til sjøen og det vil Lollik gjerne. Dei reiser ut til Marianne og Tor.
I hybelen til Marianne var det ingen, så dei la seg og eg-personen fryda seg over at Marianne kom til å finne han i hennar seng med ei anna kvinne.
Men neste morgon vaknar dei og Marianne og Tor har ennå ikkje komt heim. Det viser seg at dei er på eit fjell for å fotografere og observere ørner.
Eg-personen og Lollik dreg like gjerne opp på fjellet og treff Marianne og Tor.
Marianne synest med ein gong at Lollik er vulgær, og eg-personen og Marianne går ned frå fjellet. Lollik vil vere der oppe for å sjå på ørn saman med Tor.
Marianne sa at Lollik var den mest slitsomme og utrivelige personen ho hadde vore i nærleiken av.

Neste morgon reiser Lollik og eg-personen tilbake til byen og han ber henne om å dra til helvete. Og det gjorde ho, eller ho forsvann i allefall.
Han begynner å jobbe igjen, og det blir vår. Han går ofte i parken og likar å berre sitte der å sjå på folk som går forbi. Han er no så godt som over Marianne, men plutseleg ein dag står ho i døra.
Ho har flytta tilbake til byen. Tor tenkte ikkje på noko anna enn ørn og det likte ikkje Marianne så godt.
Ho synest dei bør flytte saman igjen men det synest ikkje eg-personen er nokon god idè.
Dei er ofte i lag, og som før kjem Marianne når ho vil og snakkar mykje.
Ein kveld kjem det fram at Marianne er gravid og at Tor er faren.
Eg-personen blir sint, men Marianne meiner at han kan vel bli ein like god far for barnet som det Tor ville vore, og det er han vel eigentleg enig i når det kjem til stykket.
Marianne flyttar inn igjen og no blir alt som før.
Eg-personen tenkjer at den einaste som skal leve hans liv er han.

TEMA

Temaet i denne boka er kjærleik og forelsking mellom to unge menneske.
Den er også om korleis eit menneske kan komme inn i livet til ein annan person og dominere det slik som det var beskrive i denne boka.

VURDERING

Eg synest denne boka er veldig morosam fordi ho inneheld så mange finurlege vriar på forskjellige ting. Den er også veldig lett å lese pga. at den er lettfatteleg skrive og at den er skrive på ein veldig naturleg måte.
Den kan vere litt kjedeleg inn i mellom fordi dei to hovudpersonane kverulerar om så mange emne der det eigentleg ikkje er noko hensikt å krangle slik som dei gjer.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil