Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Jon Demon" av Reidar Kjelsen

"Jon Demon" av Reidar Kjelsen

Boka er på bokmål, men anmeldelsen er på nynorsk.

Karakter: 5+ (10. klasse)

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
09.02.2011
Tema
Jon Demon

Eg har lese boka Jon Demon som er skreve av Reidar Kjelsen.

 

Boka dreier seg om ein demon som heiter Jon. Han har fådd gjesting av Hare Kristian i ein draum der han har sagt at Jon har anlegg for å vere snill. Han forteljer til demonkona si, Mona, at han vil opp på bakken for å finne ut korleis han skal bli snill. Han har berre vorte på overflaten ein gong tidlegare, og da synst han at sola stakk som knivar i auga. Da han vart ferdig med å grava seg opp, såg han månen. Men han trudde at det vart sola som har vorte sjuk, fordi den ikkje lyser like mykje som tidlegare. Man får dermed veta at Jon ikkje er den skarpaste kniven i skuffa, og det kjem også fram temmeleg ofte i boka.  Etter mange minuttar med roping på lemena, blei han fanga i ein ulvemunn. Ulven tar han med seg til dei andre i flokken. Der blei han teke imot av ulvehøvdingen Flink Biskop. Først trur Jon at han skal bli teke godt imot. Men da han seinare blei lenkje fast under vardøger (som er ein ulve-heilagdag) for å bli demontert, skjønar han at det er ugler i mosen. Han klarar å sleppe unna, og kome seg til lemena kor han ikkje blir noko betre teki vare på. Vidare i boka skal han møte både Hare Kristian, Muzilla og Gud.

 

Boka er eigentleg for born, men er kanskje enda meir morosam for dei som er eldre. Den er ikkje berre morosam pga. historia, men det kjem også fleire gode kommentarar og utsegn i boka. Og på dei to bakarste sidene er det forklara nokre ord som kan vere litt vanskeleg for dei minste. Som resta av boka har den fådd ein artig vri og overskrifta er “Bortforklaringa”. Her er nokon eksemplar:

Bissevov: Homofil hund.

Tradisjon: Noka du må gjere om og om igjen, til du er heilt sikker på at alle besteforeldra er daude.

Applaus: Uhemma bruk av handflater.

Vêrbiten: Tannmerker frå ein sau.

Helfrelst: Relgiøs i båe endar.

 

Eg likte sjølvsagd Jon best på grunn av den morosame karakteren han hadde og dei store manglane på hjerneceller og sosiale antenner.

 

Fordi det er ei bornebok vart det mange bilete. Dei kan verke litt skremmande fordi illustratøren har brukt virkemidla som mørke fargar og skumle skikkelsar. Bileta vert uvanlege for å verte ei bornebok, men passar veldig godt til temaet. Dei passar også bra fordi boka blant anna er om demonar, Gudar og ulvar. Eg synest bileta er utruleg kule og gjev den stemninga du skal ha når du lesar Jon Demon.

 

Eg vil rå denne boka til alle som har ein viss sans for humor, uansett alder og kjønn.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil