Det var fleire veker sidan eg hadde skrive det. Eg hadde fått ut alle kjenslene mine og skrivi om hendinga. Verkeleg letta på hjartet. Så hadde eg lagt arket i ei flaske og kasta ho så langt eg berre kunne ut på havet. Eg var litt redd for at flaska skulle knuse i dei skarpe steinane, så arket kunne ha komme inn til stranda att, men ho kom langt nok ut til at bølgjene tok ho. Dei tok flaska og hendinga med seg. Løyndommen var mellom meg og havet no. Det som hadde skjedd var ikkje lenger min bør, no hadde havet teke over, og sånn skulle det vere i all tid. Det var i hvertfall det eg hadde trudd.
Astrid var min beste ven og hadde fortent å få vete det. Sjølv om ho hadde blitt vonbrote og trist, veit eg at ho hadde forstått og tilgjeve meg. Likevel hadde eg ikkje tort å fortelje noko til ho.
Plutseleg hadde eg fått ein melding frå ho om at eg måtte kome til stranda med ein gong, fordi ho hadde funne noko ho måtte prate med meg om og ho skreiv at det var veldig viktig. Pulsen blei hyppig og hendene klamme, i laupet av nokon få sekunda. Eg kunne kjenne nervøsiteten og redselen komme, og det føltes som at nokon hadde gitt meg eit veldig slag i magen. Likevel tok eg på meg sandalane og håpa på det beste.