Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Regnskogen

Regnskogen

En fagtekst som tar for seg regnskogen generelt, rengskoghogst og de som blir påvirket av det.

Sjanger
Faktaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
01.02.2011


Regnskogen er verdens eldste økosystem og det har utvikla seg gjennom dei siste 100 millionar åra. Den strekk seg som eit belte langs ekvator, og dekkjer rundt 5-6 % av jordoverflata. Dyre- og plantelivet i regnskogen er rikt og ca 1000 ulike urfolkgrupper har heimane sine i skogen.

 

Trea som for det meste strekkjer seg 25-40 meter opp i lufta, er eviggrønne. Det vil seie at dei ikkje varierar med årstidene. For at ein skog skal kallast ein regnskog må den ha ein årleg nedbør på minst 2000 mm. Gjennomsnittstemperaturen ligg på 27-35 grader, så det er alltid fuktig.

 

<bilde>

 

Ein finn først og fremst regnskogane i Sør- og Sentral-Amerika, Afrika, Asia, og øyene rundt Australia. Regnskogen Amazonas er verdas største, og den finn ein ved eit låglandsområde som er lokalisert i fleire land i Sør-Amerika omkring elva Amazonas.


 

Regnskogen er heimen til ca 50-80 % av jorda sitt dyre- og planteliv, og mange av dei finst berre der. Av verdas ca 250 000 planteartar veks ca 170 000 av dei i dei tropiske regnskogen. 80 % av alle verdas kjente insektsartar lever og her. Sjølv om det største mangfaldet av artar finst her, er det berre eit fåtal av dei som er forska på og registrerte.

 

<bilde>

 

Mange menneske er også avhengige av regnskogen. Med dei omkring 1000 urfolksgruppene som finst i skogen har nokre av dei valt å leve isolert frå omverda i harmoni og fred med naturen. Dei er heilt avhengige av skogen, både når det gjeld kultur og materiale. Mange av dei ser på regnskogen som sin identitet og fundament for sin kultur. Det finst og andre, som ikkje er urfolk, som òg er avhengige av skogen, som nøttesankarar og gummitapparar. Eit fellesnamn på desse er skogfolk. Til saman er 350 millionar menneske avhengige av regnskogen. Den er altså eit livsgrunnlag for mange.

 

<bilde>

 

Det bur fleire hundre etniske grupper i skogane i Sentral-Afrika. Pygme-folket er ei av dei. Pygmeane er opprinneleg nomadar. Dei var dei aller første som busette seg i skogane i Sentral-Afrika, og har sidan den gong blitt sett på som jeger- og sankar folket.

 

<bilde>

 

Anna kvart sekund forsvinn eit område på størrelse med ei fotballbane av regnskogen. Ei av dei viktigaste årsakene til det er tømmerhogst. Regnskogen inneheld verdifulle treartar, som blant anna teak, mahogny, sedertre og merbau. Fellinga av desse tresortane er nesten alltid ulovleg. For eksempel er 70-80% av all hogsten gjort i Indonesia ulovleg.

 

<bilde>

 

Noreg har gjort eit tiltak for å redde regnskogen. Dei har lova å gi 3 milliardar kroner til Brasil si regjering fram til 2015. Pengane skal gå til verning og overvaking av regnskogen Amazonas. Regjeringa har og utreda moglegheitene for å innføre eit forbod mot import og bruk av tropisk tømmer, men noko lov er ikkje vedteke. Uansett, har fleire norske selskap og bedrifter minska, eller kutta heilt ut, bruk av regnskogtømmer. Grunnen til dette er at fleire og fleire er opptekne av å redde regnskogen, og regnskogtømmer er difor ikkje lengre like populært.

 

 

Heilt nord i Papua Ny-Guinea ligg landsbyen Simbukanam. Innbyggjarane i denne landsbyen har kjempa mot tømmerhogst sidan 1980. I følgje Det Norske Regnskogfondet si heimeside, www.regnskog.no, sa ein av innbyggjarane i landsbyen dette: ”I starten gjorde dei ikkje så mykje gale, men etter nokre år blei drifta overteke av eit malaysisk selskap. Selskapet haldt ikkje det dei lova. Ingen skule, dårlig veg, berre småpengar til sukker og ris. Då dei byrja å vaske hogstmaskinene i drikkevatnet vårt, skjønte vi at dette ikkje kunne halde fram. ”

 

Då fekk lokalbefolkninga nok, og dei bestemte seg for å kaste ut inntrengjarane. Ungdommane blokkerte tømmervegen, og til trass for at myndigheitene var på selskapet si side, fekk innbyggjarane stoppa hogsten. Skogen har sidan den gongen fått stått i fred.

 

<bilde>

 

Ei undersøking viser at dei som stoppar mest avskoging ikkje er alle dei utanforståande som donerar pengar, men faktisk lokalbefolkninga sjølv. Med den kunnskapen dei har om skogen, er dei utan tvil dei som burde få ta vare på den.

 

Ei anna hovudårsak til avskoging er kvegdrift. Dette er spesielt tilfelle i Amazonas. Der det før sto frodig skog, beitar no 65 millionar kyr. Grunnen til dette er at selskap med kvegdrift i Brasil sel meir kjøt enn nokon gong.

 

Mange kjemper framleis for rettane sine i forhold til regnskogen. Mange tusen har mista heimane sine, og mange lever i frykt for dette. Eg håpar at ein dag vil alle innsjå at vi må late regnskogen bli verande i hendene på dei opphavlege eigarane. Dei sit med erfaring og kunnskap som går mange generasjonar tilbake i tid. Framtida til regnskogen kunne vel ikkje ligge i betre hender enn indianarane og resten av skogbefolkninga sine.

 

 

Kjeldeliste

 

Generelt om regnskogen:

http://www.regnskog.no/Om+regnskogene

http://www.regnskog.no/Om+regnskogene/Skolestoff

http://www.regnskog.no/Om+regnskogene/Hva+er+en+regnskog

http://www.regnskog.no/Om+regnskogene/148.cms

http://www.regnskog.no/Om+regnskogene/Skolestoff/Ti+sp%C3%B8rsm%C3%A5l+om+regnskogen

 

Klima:

http://www.regnskog.no/Om+regnskogene/148.cms

 

Skogfolk:

http://www.regnskog.no/Om+regnskogene/Skogfolkene

http://www.regnskog.no/Om+regnskogene/Skogfolkene/Menneskerettigheter+og+regnskog

 

Truslar mot regnskogen:

http://www.regnskog.no/Om+regnskogene/Truslene+mot+regnskogen

http://world.mongabay.com/norwegian/504.html

 

Bilete:

http://assets.survivalinternational.org/static/lib/img/gallery/
Image_Galleries/pygmies/800x600/Pygmies-40_medium.jpg

http://inlinethumb25.webshots.com/42072/2448012260103329676S600x600Q85.jpg

http://www.regnskog.no/Om+regnskogene/Truslene+mot+regnskogen

http://media.photobucket.com/image/amazon%20rainforest/xoxjessecailyxox/to%20do/amazon_2.jpg?o=26


http://rlv.zcache.com/save_the_rainforest_poster-p228087113236123218trma_400.jpg

 

<bilde>

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil