Det er morgon. Ein tidlig måndag morgon. Fuglane kvitrar. Det er kaldt og ganske fuktig. I eit lite blått hus på Noregs vestkant ligger Kalle i senga si med eit godt tak om dyna si. Han griner, kjenner tårene i munnen. Det renner nedover kinnet hans. Han trekker dyna godt over seg. Han vil ikkje stå opp. Ikkje så lenge han lever. Han vet kva som venter han. Angsten kryper gjennom han, langsamt.
Mora kommer og vekker han. Ho kan sjå på Kalle at det er noko, men Kalle vil ikkje snakke om det. Ikkje til nokon. Det forblir inni han og skal alltid holdast der. Det vil ikkje forsvinne. Men han må stå opp og komme seg på skolen. Der alle dei andre elevane er. Dei som han aldri snakkar med, han snakkar ikkje med noen. Det er som om dei ikkje ein gang merker at han eksisterer. Som om dei ikkje ser han.
Frukosten smaker ikkje godt denne morgonen, den har forresten ikkje gjort det på ein god stund nå. Tankane flyr rundt i hovudet hans, han sitter bare helt rolig og tenker. Tenker på dei dagane som gått sida dei flytta. Han og mora. Og på korleis det har vært på skulen. Han liker ikkje skulen. Den er forferdelig, elevane på skulen også, i vert fall mot han. Mora prøver å trøste, men ho vet ingen ting. Ingen verdens ting. Ho trur ho kan hjelpe, aner ikkje i det hele tatt korleis Kalle har det.