Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Ett, to, juletre!

Ett, to, juletre!

Et kåseri om norsk julefeiring.

Karakter: 5+ (VG3)

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
30.11.2010
Tema
Jul


Glade jul, helvete er laust. Fuglane og pinsevennane i bygda har sett kursen mot Ibiza, og det herskar enda ein viss fred i dei fleste heimar. Slik er det ikkje hos oss. Det er 10. November, og mor har tatt seg sju veker fri frå jobb for å pynte til jul. Alle veit at ho aldri blir ferdig uansett. Det har i grunn blitt eit utrykk i bygda, ”Grevinna på lisjejulafta”. Det er nemlig det folk seier når huset deira ikkje liknar grisen. Familie og naboar strøymer til utanfor oppkjørselen ettersom jula nærmar seg for å sjå korleis det artar seg. Ho har allereie pynta ferdig driftsbygningane på garden med kransar, frukter, nissar og englar enda vi ikkje er komne halvvegs i november ein gong. For ikkje å snakke om julekalendarane til mannen og dei fire borna, 120 pakkar i alt. Nøysommelig utvalde, pakka inn i bast og glansa papir, og hengde opp på store heimebroderte julekalendarar på kvar av romma. Ventinga er i gong. Mi mor er i motsetning til meg, ikkje ein person som går i kyrkja, set pris på det enkle, heilage og tek vare på naturen og det vi har. Ho er eit miljøsvin, eit julemenneske av dei sjeldne, og ei som verkelig tek sitt tak i kjøpefesten. Ho er glad i ting. Vakre, dyre, eksklusive ting. Og dei kjem i store mengder.


 

Alt skal gjerast på ein gong, og fred i heimen er ikkje oss forunnt før vi vaknar på sjølvaste julaftan. Då finn vi ho som regel i stova, sovande midt i ein haug av krepp-papir, fjør og glaskuler. Vi ryddar saman det som ikkje blei ferdig, og gøymer det nedst i eit hjørne av boda. Når ho då vaknar, trur ho at ho klarte å gjere seg ferdig, og går i gang med ein frukost som dødelege menneske sjeldan ser maken til.  Eg må i grunnen beundre ho der, for maken til pågangsmot når det gjeld å vere ei fantastisk vertinne for ein heil haug sytande og motbydelege familiemedlemmar er det ikkje ofte ein ser. Julegardiner skal også opp i alle rom, saman med julesengetrekk og juleputer.

 

Det ser ut som det er sølv og glas som gjeld i år, saman med lilla og djupraude kuler og fredsduer velakkompagnert med friske auberginar, kunstig snø og kvite roser. På gjestebadet. I kjøkkenet går ho som i fjor for gull. Masse gull. Karamelliserte eple og pærer, deretter rulla i sukker og tørka. Lassa opp i store glasskåler med forgylte fuglar av typen fasan, også her med litt av den kunstige snøen ho fikk kjøpt eit parti av førre år då favorittforhandlaren hennar måtte trappe ned. I år blir det dessutan ekstra stas, for no får ho ta i bruk gaveinnpakningsrommet vi bygde til ho i vår. Aktivitetsnivået der blir nok høgt, men det sparar oss likevel ikkje for Tsjernobyl i resten av huset. Akk.

 

Min far er som oftast vekkreist i jula, men svigermor tek seg godt til rette likevel. Far min jobbar nemleg med kjemikaliar, og reiser derfor ein del rundt i verden. Kjemikunnskapane fikk han godt bruk for det året ho skulle ha heimelaga raketter under julemiddagen. Den dag i dag viser holet i stovetaket, sjølv om det er enda så godt sparkla og malt. I alle fall, som ansatt i eit større rederi fyljer det eit par frynsegode med. Det er nemlig slik at kvart år får konene til desse reisande herremenna flotte gåver til jul. I fjor for eksempel, fikk min far ei koffertstropp frå bedrifta, medan dei valde å gje mor mi to store dekketallerkenar i massivt tinn, til den nette sum av tolvhundre kroner stykket. Nederlaget var derfor stort då dei i år måtte komme med den beklagelege nyheita at dei hadde kutta ut julegåvene og julebordet grunna finanskrisa, men heller donerte ein betydeleg pengesum til eit veldedig formål. Maken til dårlig oppførsel hadde ikkje mor mi sett maken til på dagevis, og det blei ståhei i heimen som også elles har det rimelig høgt under taket. Finanskrisa måtte jo vere desto større grunn til å spandere dyre gåver på konene til sine ansatte, meinte no ho. Og eg må på ein måte sei meg einig i protestane hennar, for julebordet tek jo opp att så mange av dei verkeleg gamle tradisjonane her i landet, som til dømes flatfyll, sex og nevekamp.

 

Hos oss dalar som kjent ikkje englane ned i skjul. Det gjer heller ikkje nissane, reinsdyra eller alvane. Dei kjem med eit brak, og flyg både hit og dit saman med girlander og misteltein til den hellige time. Sist år fann ikkje far anna utveg enn å henge det største juletreet frå møna i stovetaket, godt fasttjora i berebjelken. Men det hang som eit lodd, og nedlessa i kuler frå ei anna verd, såg det rimelig greitt ut til slutt. Ulempa er berre at mor mi ikkje klarer seg med ”rimelig greitt”. For å få den optimale gleda ut av feiringa, måtte treet opp og ned nokre gongar før ho var fornøgd. Er det nokon som veit kvar treet skal hengje og snøen skal liggje, så er det mor mi. Joda, snø har det vore hos oss alle år. Då det for to år sidan var fare for at vi ikkje skulle få ei kvit jul, fikk far min klar beskjed frå øvste hold om å rigge til eit bål i hagen, og brenne alle åtte dundynene vi hadde hatt liggjande på løa i nokre år. Og kvit jul blei det, i heile nabolaget.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil