Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Vurdering av historiske kilder

Vurdering av historiske kilder

Innlevering i historie, VG3.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
30.11.2010


a) Vurdering av ei historisk kjelde:

 

Kjelde 3 og 6:

Kjelde tre:

Den første kjelda, kjelde tre, er ei jente på elleve år som fortel. Hennar bakgrunn er arbeid i gruva til far sin, og kjelda blei presentert i ein rapport frå ein offentleg komitè i 1842. kjelda vi får lese er ikkje fullstendig, det er berre eit utdrag. Kjelda er brukt til å få fram korleis industrialiseringa føregjekk, og korleis folk sleit hardt for svært lite. Dette kjem tydeleg fram. Validiteten til kjelda kan sjølvsagt setjast spørsmål ved, men vi har mange gangar høyrt om barnearbeid i gruver, og der gangane var smale var det naturleg å bruke små menneske (born) fordi dei lett kom til og fikk henta ut det dei skulle. Så eg trur nok ikkje det er tvil om sanninga, men i og med at dette er eit så gammalt eksempel, og historier blir fortalde om at igjen og igjen, er sannsynet òg stort for at enkelte ting har forandra seg i historia, sjølv om bodskapen sannsynlegvis er reell.


 

Å bruke born er jo eit virkemiddel som ofte blir brukt i media den dag i dag, nettopp fordi born er så små og uskyldige, og fordi misbruking av born til ulike arbeid og tenester set sinna i kok for det jamne mennesket, noko som i og for seg er heilt riktig. Kjelda vart til for å få fram korleis fattige folkegrupper måtte slite. Vi har her fått greie på kva som skjedde ein gjennomsnilleg arbeidsdag, kven som jobba i gruvene i dette tilfellet, og korleis dagane var. Dei som har skrive dette ville få fram i lyset korleis det var for ungane i gruvene. Effekta av å henvende seg direkte til born gjer jo som tidlegare sagt at vaksne menneske kjem litt ned og får opp augene, nettopp fordi mange har born sjølve, og føler at dette er noko som treff dei på eit spesielt punkt, då kjærleiken for sine born er noko av det sterkaste hos foreldre. Når ei elleveåring seier ”Eg har fått smake reima når eg ikkje har greidd kvoten. Eg er glad eg har gjort jobben, for eg blir veldig fort sliten.”, så er det klart at dei som les det blir påverka.

 

Samfunnet på denne tida var meir delt inn i fleire klasser, som til dømes bønder, handverkarar og industriarbeidarar. Dei utgjorde arbeidarklassa, medan dei geistlige og borgarskapet mellomklassa og adelen den høgste på rangstigen. Dermed er det adelen som er dei med alle godane, og den lave klassa som må betale for kostbarheitene deira med lange dagars slit og arbeid. Kjelda fortel vidare om korleis eit barn måtte slite under industrialiseringa, kva umenneskeleg arbeid og slit dei måtte gjennom. Dette er jo eit udrag i frå 1842 altså under industrialiseringa. Sannsynligvis er det så mange slike historier, både like og ulike, og at noko ala det vi har fått lese har heilt sikkert vore tilfelle, saman med det som både betre og verre er. Så korvidt denne eksakte kjelda er påliteleg, veit vi ikkje. Heile historia kan vere oppdikta frå botnen av, uansett kor lik ho er mange unge born sin skjebne.

 

Kjelda seier derimot lite om hennar følelsar og personlege opplevingar. Vi kan tenke oss at det ikkje var rare kvardagane, men det er likevel mykje meir informasjon vi kunne fått. Vi føler natulegvis med denne jenta som slit seg gjennom dette dag ut og dag inn. Stakkars menneske, såklart er ho sleta etter ein dags hard fysisk jobbing, der ho attpåtil fekk smake piska. Trekk vi ein parallell til dagens born som sleng seg totalt utslitne på sofaen etter ein ”hard” skuledag er det lett å få litt perspektiv på sakene. Historia er slik det ser ut for meg, ikkje direkte overdrive i alle fall. Derimot vil eg heller tru at det skjedde mykje der nede som vi ikkje får vete om, og eg ville gjerne fått vete meir om kva ho tenkjer, spesielt i forhold til familien hennar, om ho har ein. Det hadde hjelpe for å få ei meir truverdig kjelde. Det er klart at ho vil vekk frå gruvene, men eg hadde helst sett at eg fikk lese meir av utdraget om det er ufullstendig, for å kunne vurdere kjelda riktig. Eg vil tru at det som er skrive blei skrive på eit tidspunkt nær denne aktuelle hendinga, men i dette tilfellet er ikkje det eit stort tema, då dette dessverre er ting som foregår den dag i dag fleire stadar i verda.

 

Kjelde seks:

Kjelda er av ein historikar som fortel sitt syn på den industrielle revolusjonen. Han heiter T.S Ashton, ein engelsk økonomisk historikar som skriv i ”På vei mot industrisamfunnet 1770-1870.” Ho viser hans synspunkt på korleis det ville vert i England visst ikkje revolusjonen hadde vert. Han har argument som viser innsikt, men om han har rett eller ikkje er eit anna spørsmål. Dette ser og høyres meir seriøst ut enn kjelde tre. Vi får informasjon om T.S Ashton, kva han står for og kva han meiner ville skjedd og kva som kanskje kunne ha skjedd. Så eg vil tru dette er ei riktig kjelde, som ikkje er forfalska. Kjelda fortel om kva som kunne skjedd viss ikkje den industrielle revolusjonen hadde funne sted. Så det er eit godt tema å ta opp, som var relevant for mange på den tida, og som er av interesse for oss for å forstå korleis det gjekk føre seg. Den fortel og om kva tankar folk gjorde seg på den tida.

 

Kjelda røper ein mann som tenkte over ting, trakk slutningar og kom fram til ein konklusjon. Dette har han gjort på ein god måte, viser også innsikt og intelligens, som er viktig for å få ein bra tekst. Personen ser kanskje litt ned på den lågare klassa med bønder og handverkarar. Tippar han er av litt betre familie enn ein vanleg bonde eller handverkar. Referer til at han meinte at England ville blitt like utvandra og fattig som Irland, viss ikkje revolusjonen hadde kome til England.

 

T.S Ashton var født i 1899, altso etter det tidsperspektivet som ”På vei mot industrisamfunnet 1770-1870.” Så han har jo ikkje erfart korleis det var på den tida. Korleis folk sleit og kva grisearbeid dei måtte gjennom. Så det er vel ein rikmann sine ord. Det han reflekterer over er jo framleis klokt og godt sagt. Eg heller trur ikkje England ville fått den same suksessen utan revolusjonen. Så ja, eg trur kjelda er sannsynleg. Det som gjer denne beretninga svak er at han er født etter perioden, og han uttalar seg på ein måte som rakkar ned på dei som ikkje hadde det så godt i den perioden. Det sterke ved teksten er at han faktisk veit kva han snakkar om, England ville ikkje vert der dei er i dag viss ikkje dei hadde hatt revolusjonen. Eg ville stilt spørsmål ved kvifor han kan uttale seg sånn når han ikkje veit korleis folk sleit. Eller rettare sagt ikkje eigentleg bryr seg om dei som ikkje er i ei høgklasse. Vil og vite korleis han har kome fram til dette, korleis tenkje måten hans var.

 

b) Kva bilete gir kjeldene til saman av dei sosiale tilhøva i England under den fyrste industrielle revolusjonen?

 

Tilsaman tykkjer eg at kjeldene i alle fall gjev eit slags inntrykk av dei sosiale tilhøva på denne tida. Kjeldene viser innhaldsrike tekstar, men og tekstar som kunne sagt mykje meir. Det er som alltid dei som meinar at tilhøva er på topp, og folk snakka i lag og utvikla interesse for politikk og si eiga samfunnsklasse. Andre såg meir mørkt og pessimistisk på det og tek for seg kor dei sleit og styrte på for å få endane til møtast. Men dette er sjølvsagt, då ein alltid vil ha fornøgde og ikkje fornøgde menneske. Visse seier at revolusjonen måtte til for å få det England vi hadde på 1900-talet, ei stormakt over heile verda. Det blir også tatt opp at dei som driv med heimeindustri hadde det flott, medan andre seier dei blei skufla saman i små stygge hus i byane. Og det er klart at livssituasjonen til menneska har alt å seie for deira oppfatning av tilværelsen.  Med desse kjeldene ser vi kor mange som har innsikt i kva som eigentleg skjedde og korleis det var, og kven som ikkje har innsikt. Dei som ikkje har innsikt er dei som ikkje har opplevd nøda på nært hald. Dei såg ikkje korleis familiane hadde økonomiske problem, hygiene problem og problem med å skaffe ein god, anstendig jobb. Men det er i grunnen spennande å sjå, for berre oppfatninga til dei rike og velståande, at dei kom med utsagn som kan få ein til å lure på om dei ikkje visste beitre, er med på å gi oss ei oppfatning av dei igjen. Vi får vete mykje om korleis dei eigentleg hadde det, nettopp på grunn av deira (manglande) evne til å kunne setje seg inn i dei mindre formuande sine situasjonar.

 

c) Les perspektiv-teksten på side 28, framsteg eller katastrofe. Vil du med utg.punkt i teksten og kjeldene 1-7 støtte optimistane eller pessimistane i synet på den industrielle revolusjonen? Korttid og langtidsperspektiv.


 

Først og fremst vil eg seie at eg er veldig einige med begge to. alle saker har både positive og negative sider, i alle fall til ein viss grad. Denne revolusjonen er jo blant anna ein av dei klare grunnane til at vi i Noreg har ein slik velferdsstat som det vi har i dag.  Argument som at folk levde i små, utrivelege hus utan moglegheit til å stelle seg hygienisk, berre å slenge skiten ut på gata er eit godt pessimistisk argument. For det er klart at menneske ikkje hadde det bra på denne tida, sett frå vårt moderne perspektiv i dag. Men for alt vi veit, så syntes nok mange av desse menneska at dei hadde det veldig bra i forhold til kva dei kunne ha hatt. I tillegg fekk  mange betre lønn når dei gjekk til industrien. Det verste var vel barnearbeidet, men det kom jo sjølvsagt også noko positivt ut av det, nemleg at folk fekk opp auga for kor fælt barna hadde det, og det kom nye lover og reglar for fattige folk og barn som skulle betre levevilkåra deira. Barnearbeid blei blant anna forbode ved lov, og for kvart feiltrinn som blei tatt, så har vi til ei viss grad kunne brukt det og lært noko av det. Om ikkje med ein gong, so i alle fall etter kvart. Å feile er jo ein sentral del av å lære.

 

På kortsikt kan ein seie at det var mest negative verknadar med den industrielle revolusjonen, om ein tenker på arbeidarklassa, og dei som måtte jobbe der. Dei som derimot eigde fabrikkane kunne tene store pengar, sett utifrå at dei hadde kapital til å starte opp fabrikkane med. For investorar gav nok dette gode avkastningar sett i fleire tidsperspektiv. Men tilbake til arbeidarane, så jobba jo folk til tider under umenneskelege forhold, og standardane var dårlege på husa folk budde i, hygiene var det ikkje mykje snakk om. Mykje svolt og sjukdom spreidde seg mellom husa som stod tett i tett. Det at vatnet og lufta var forureina, gjorde vel saka ikkje noko særleg betre. Barnearbeid var også utbreidd, trass i forbuda som etter kvart kom.

 

På langsikt meinar eg at det var det positive som kom mest fram om vi ser på dei økonomiske aspekta i forhold til menneske generelt. Eg ser no ikkje lenger i forhold til ulike samfunsgrupper, fordi det i seinare tid påverka økonomien overfladisk sett stort sett positivt for alle klasser. Folk fekk høgare lønn, og eit fast arbeid. Dei fekk også opp auga for barnearbeid, og fekk inn nye lover som skulle betre levevilkåra til fattige folk og barn. Dette med lovendringar fekk jo samfunnet inn på ein mykje betre kurs, og på langsikt har jo lovene og rettighetene til folk betra seg veldig tydeleg. Levestandarden til arbeidarklassa har også betra seg på langsikt. Utan revolusjonen ville vi jo som sagt heller ikkje hatt velferdsstatane her i Vesten. På den andre sida kan vi her drage inn miljøet, som allereie har tatt skade av industrialiseringa.

 

Ein annan ting som ikkje er nemnd i teksten i boka som eg vil ta med, er situasjonen i dag. Denne revolusjonen var jo i vesten, og det skjer i desse tider akkurat det same i austen (india, kina..) og i afrika. Spørsmålet er då om vi skal unne dei den same revolusjonen som vi fekk for to hundre år sidan, med sine positive og negative sider? For ein ting vi òg må ta hensyn til er at viss vi tykkjer det er mykje forurensing i verda når vi står bak, kva skal då skje om vi skal unne kina og india og rundtomkringliggjande land same velferda som oss? Kva kjem til å skje med menneskeheta og naturen om alle ”der nede” finn ut at dei skal ha sin eigen bil, og unne seg reiser og resturantbesøk? Det ligg an til å bli ei natur og miljømessig katastrofe, og sett i det aspektet er eg nok pessimist. Ser ein derimot på korttid og langtidsverknadane i forhold til menneska sin trivsel, helse og evne til å overleve, er verknadane dei komande 100 åra på veg full fart oppover, men vi har nokk i alle fall i vestlige land snart nådd ein topp (befolkninga jamt over) kva trivsel og helse angår, og der er nok lite meir å hente for oss.

 

S. 85, oppgåve 2)

Fridommen i gåve- ikkje ein innsats av det Nordmenna gjorde, men eit resultat av ytre omstende?

I 1814 blei Noreg rive laus frå Danmark. Samtidig braut den norske politiske eliten med eineveldet. Grunnloven som blei offisiell 17. mai, og seinare erstatta av ei lett revidert utgåve 4. november, hadde sterke liberalistiske innslag, også på det politiske plan. Vurderinga av hendelsene i 1814 har dermed vore et av de store stridsspørsmåla i norsk historieforskning. Kom selvstendigheten til noreg som ei naturlig følge av en voksende nasjonalfølelse etter årevis med diskusjonar om tilhøyrighet og eige eller kom den som ei «gåve» utenfra?

 

To hovedsyn har lenge stått mot hverandre. Det ene synet hevdar jo klart at det var ytre omstendigheter som utløste opprøret i 1814. Medan eldre historikarar meinte at frigjeringa i 1814 kom som ein naturlig fylgje av ei langvarig  indre norsk utvikling, har spesielt Sverre Steen hevda at friheita i 1814 er eit direkte resultat av stormaktspolitikken Norge førte. I alle åra etter 1814 har norske historikarar diskutert årsakene til denne omveltinga i norsk historie. Var revolusjonen i 1814, med lausrivelse og grunnlov eit resultat av ytre utenrikspolitiske forhold, eller var den en naturlig videreføring av ei langvarig, indre utvikling i Norge som hadde gjort landet meir modent for sjølvstende? Mykje hadde jo skjedd dei siste tiåra og eg meinar at det norske folk, som vi veit lenge hadde hatt eit behov for noko eige og norsk, sat med tankar om å gripe einkvar eventuell sjanse som kunne lede til eit meir sjølvstendig land, og ei moglegheit til å bestemme meir over seg sjølve.

 

Like etter åpningen av Riksforsamlingen viste det seg at selvstendighetslinjen, eller Christian Frederiks linje, ikke hadde tilslutning fra alle. En del mente at det ikke var mulig å bevare en selvstendig norsk stat mot stormaktenes vilje, og at det derfor var best å forhandle om så gode vilkår som mulig i en svensk-norsk union. Denne gruppen, med grev Wedel Jarlsberg som den mest kjente leder, har fått navnet unionspartiet. Christian Magnus Falsen og Georg Sverdrup var de ledende blant dem som støttet Christian Frederiks linje, det såkalte selvstendighetspartiet. I grunnlovsarbeidet var det intet tilsvarende partiskille, og det var enighet om de fleste prinsipper.

 

17. mai 1814 ble Grunnloven vedtatt og Christian Frederik valgt til norsk konge. Nordmennene hadde aldri glemt at Norge var et selvstendig rike i middelalderen. Gjennom årene i union med Danmark følte de seg tilsidesatt og utnyttet, men de hadde bevart sitt nasjonale særpreg. Gjennom de siste unionsårene utviklet de en patriotisme og begeistring for det norske. Fredsslutninga i Kiel, der Fredrik 6. ble tvungen til å avstå Norge til Sverige, skapte ein uoversiktlig situasjon. Kristian Fredrik såg sitt snitt og greip den politiske muligheta som bød seg, og starta eit norsk opprør med sikte på sjølv å bli konge i et sjøvstendig Noreg. Eventuelt kan ein spekulere i om då sjansen baud seg i 1814, at det var nordmenna sjølve som starta opprøret og tok makta. Kanskje sjal ein sjå meir på Kristian Fredrik som et redskap for folket. Friheita i 1814 var med andre ord noe nordmennene sjølve hadde kjempet fram. Krigen som pågjekk mot Storbritannia var ein kystkrig, for kamphandlinger på land var det bare i 1808 og i 1814. Motstanderen var da svenske soldater. Grunnen til det var at Sverige var i forbund med Storbritannia. Mot britenes marine var den norske skjærgårdsflåten dårlig rustet, mens hæren i striden mot Sverige i 1808 klarte seg mye bedre. Det kan komme av at Sverige var presset på flere kanter og ikke hadde noen mulighet til å legge særlig vekt på det norske frontavsnittet. Krigen med Storbritannia rammet


 

Også viktige norske interesser som eksporten av trelast og skipsfarten. Samtidig blei det uår i jordbruket. I tillegg stoppet den livsviktige importen av korn opp fordi britene blokkerte sjøveien mellom Danmark og Norge. Resultatet var svolt og sjukdom, noe som førte til misnøye med det danske styret.

                                                                                                             

Historikeren Jens Arup Seip har derimot formulert det slik: «Storpolitikken i den turbulente napoleonstiden slo brått inn over et uforberedt Norge. Nordmennene visste ikkje bedre enn å følge spillet til en visjonær leder, Kristian Fredrik.» Historikere som forklarer hendelsene i 1814 på denne måten, legger vekt på den politiske historien og på Kristian Fredriks rolle som politisk aktør. Med andre ord var det norske folket uforberedt, og det meste kom meir som ein spontan reaksjon, og friheita vi fikk blei meir eit resultat av tilfeldigheiter. Det blir vidare hevda at Nordmennena sjølve var passive tilskodarar til det som føregjekk, og først i årene etter 1814 vokste det fram en norsk nasjonalfølelse. For å setje ting litt på spissen, ei formulering om «friheita i gåve» gir berre mening om ein oppfattar gåva som en utilsiktet gave – utilsiktet fra Napoleons og de andre europeiske statsledernes side. Dette er forklaringa som seier at det i etterkant av grunnlova og lausrivelsen  vaks fram ein følelse av nasjonal stoltheit, og eit behov for å byggje vidare på det som var blitt gjort, og markere Noreg som eit sjølvstendig land. For det ville heile tida vere ein baktanke og intensjon å byggje opp Noreg på ein eller annan måte.

 

Det er mange som meinar at disse to syna ovenfor ikkje nødvendigvis utelukker kvarandre, men de høyrer heime i ulike fagtradisjoner. Det kjem heilt an på bakgrunn og eigne tankar og fordommar korleis ein tolkar ein slik situasjon. Den generelle oppfatninga av omveltningene som eit resultat av ytre, utenrikspolitiske hendelser springer ut av et historiesyn som legger vekt på politiske hendelser og handlende enkeltpersoner. Historikere som tolker begivenhetene som et resultat av ein indre, norsk utvikling, rettar søkelyset mot mer langsiktige, økonomiske og sosiale prosesser. Dei er og meir opptatt av folket enn av enkeltindivid som drivkraft i historia. Det er som eg sa tidlegare, noke som har utvikla seg i og gjennom eit folk, og heller ikkje basert på enkelte hendingar og avtaler. meinar no eg. I våre dager mener historikere uansett at begge syn bidrar til å forklare det som skjedde i 1814. Den langsiktige, indre utviklingen blir betrakta som ein slags bakenforliggende årsaker, mens de ytre, utenrikspolitiske hendelsene var de utløsende krefter som satte opprøret i gang. Dermed har vi både indre, ytre, bakomforliggande og utløysande krefter og årsaker. Og eg meinar at alle spelar inn i den store heilheita, og at resultatet ikkje hadde vore det same om ikkje alle faktorane, store som små, hadde vore tilstades. Med andre ord er eg ikkje einig i at det kun var dei ytre omstendene som gjorde at prosessen resulterte slik den gjorde, men ei samansetning. For å diskutere noke sånt må ein vete utruleg mykje om kva som har skjedd og kven som har gjort kva i mange land fleire titalls, og kanskje hundre år før 1814. det er utruleg mykje som heng i hop, og mange faktorar som speler roller på kryss av kvarandre.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil