Den store, runde sola skin ned på han der han spring som ein vind gjennom den gule kornåkeren. Dei høge kornstråa piskar han i andletet. Han fell, men reiser seg opp igjen og spring vidare. Det er eigentleg middagstid, han veit det godt, men det er så motbydeleg mat på barneheimen. Vemmeleg, grå havregraut som smaker lim.
I skogen er alt så flott og fargerikt. Lauvet som ligg på bakken. Gult. Raudt. Grønt. Han pustar djupt inn, før han går bort til treet sitt. Der han alltid har sete når han ikkje orkar meir og berre vil tenkje. Berre han aleine, nyte stilla. Plutseleg stoppar han opp og kniper igjen auga. Kjennar tåra som trillar nedover dei raude kinna hans...
Det var den sommaren, nokre dagar før bryllaupsdagen deira. Tenk at det berre var gått eit år. Han kjennar at han får vondt i magen av å tenkje på det. Eit år.
«Thomas, kom inn til meg er du snill,» hadde mora nesten skrike av sine siste krefter. Han visste det, han visste det godt. Heilt tilfeldig hadde han vore på toalettet då legen med den mørke stemma hadde snakka med faren rett utanfor. Ho var full i kreft. I korridoren hadde dei spilt favoritt songen hennar, og han hadde gått så sakte som mogleg for å utsetje det som han visste ho kjem til å sei.