Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Å flyge som ein ørn

Å flyge som ein ørn

Novelle med tema valg.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
19.05.2010
Tema
Død


Det grøne vatnet såg ut som ein stor diamant i den sterke vintersola. Sola hadde begynt å få skikkelig tak no. Ho varma godt sjølv om det berre var femte mars.

 

Eg var ni år. Eg trudde eg var tøff. Eg trudde eg var den tøffaste på skulen eg nett hadde flytta til. Eg skulle vere blant dei tøffaste. Eg fann den gjengen som såg tøffast ut. Eg skulle bli ein av dei.

 

Kvifor skulle eg absolutt vere så tøff? Kvifor skulle eg vere så dum? Hadde det ikkje vore fordi eg skulle vere så tøff, hadde eg ikkje vore nød å stå her i dag. Det blåser i dag. Det blåser mykje. Eg kjennar eit kaldt gufs nedover ryggen.

 

Eg fekk vere med i gjengen deira. Den tøffe gjengen deira. Eg vart ikkje leiaren i gjengen. Eg vart den svakaste i den tøffe gjengen. Det gjorde meg ingen verdas ting. Eg var med i gjengen.

 

Eg hatar meg sjølve. Eg hatar dette dumme valet eg tok.


 

Etter nokre månadar fekk eg et dårlig forhold til gjengen. Det vil seie at dei fekk eit dårlig forhold til meg. Eg ville halde fram med å vere ein av dei. Dei ville ikkje halde fram med meg i gjengen.

Eg fortalde at eg kunne gjere kva som helst for å bli med i gjengen att.

 

Kva som helst. Kva som helst. Eg er ein idiot. Det er det eg er. Ein idiot.

 

Dei sa at om eg hadde lyst å vere med i gjengen deira att, måtte eg gjere ting for dei. Eg måtte stele sa dei. Eg stal. Eg stal godteri, sigarettar, nokre gongar også pengar. Dei fortalde meg at om eg skulle bli teken for stelinga, var det mi eiga skull. Eg vart ikkje teken. Ikkje dei tre fyrste månedane. Men da hende det. Læraren  min tok meg i å stele.

 

Eg måtte vere med i møtar med foreldra mine, Læraren min og rektoren på skulen. Sjefen frå butikken der eg stal var også der. Det var ikkje noko stas. Der var ikkje noko morosamt.

 

Den kvite snøen låg framleis på bakken. Sola hadde enda ikkje klart å smelte den bort. Det var kaldt for føttane mine. Iskaldt. Eg skalv i heile meg.

 

Dei andre i gjengen fann ut at eg hadde vorte teken. Det likte dei ikkje. Dei måtte gjere noko. Eg sa at eg kunne gjere kva som helst dersom eg kom inn att i gjengen deira.

 

Kva som helst. Eg fattar det ikkje. At eg kunne seie noko slikt ein gong til. Eg blir galen av å tenke på kva eg har gjort.

 

Dei kviskra. Eg hørte ikkje kva dei sa. Dei snakka lenge saman. Etter ei stund kom dei fram til noko.

Nokon skulle bli mobba. Eg fekk valet. Det var enten meg, eller nokon uskuldige.

Eg valde dei uskuldige. Eg ville så gjerne vere med i gjengen. Den tøffaste gjengen.

 

Kva tenkte eg på? Mobbe nokon som ikkje hadde gjort noko gale mot meg.

 

Eg sa stygge ord til dei. Eg slo dei. Eg sparka dei. Eg kasta skulebøkene deira i elva. Eg spyla ned tinga deira i do. Eg vart frykta. Alle vart redd for meg. Eg vart den mest frykta på skulen.

 

Alle frykta meg. Eg fattar det ikkje. Eg var den som var den reddaste. Eg var redd for å ikkje bli godteken av den tøffe gjengen.

 

Den tøffe gjengen såg at eg vart frykta. Eg vart meir frykta enn det dei nokon gong hadde vore. Det skulle gå ut over meg. Dei skulle mobbe meg.

Dei sa stygge ord til meg. Dei slo meg. Dei sparka meg. Dei kasta skulebøkene mine i elva. Dei spyla ned tinga mine i do.

 

Eg vart ute av gjengen. Eg vart mobba av den tøffe gjengen. Det er grunnen til at eg må stå her i dag. Stå her å kjenne sola varme. Stå her å fryse fordi eg ikkje har på meg klede. Stå her i snøen den femte mars utan klede.

 

Dei ville at eg skulle opp på Helvetesklippa. Helvetesklippa, nær 50 meter over havet. Dei ville sjå kva som hende dersom nokon hoppa frå Helvetesklippa. Dei ville sjå kva som hende dersom eg hoppa frå Helvetesklippa. Dei ville sjå om eg døydde eller ikkje.

 

Det er her eg står no. På Helvetesklippa. Eg står her på Helvetesklippa utan klede, medan dei i den tøffe gjengen står rundt meg. Eg står her på Helvetesklippa og tenker på kva eg kunne gjort annleis for å unngå detta. For å unngå å måtte hoppe frå Helvetesklippa.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil