Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > 'Livsslaven' av Jonas Lie

'Livsslaven' av Jonas Lie

Bokreferat av 'Livsslaven' av Jonas Lie

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
16.03.2001
Tema
Livsslaven


”Livsslaven” er eit av dei viktigaste verka til Jonas Lie. Boka handlar om Nikolai, og hans kamp for tilværet i Kristiania. Den er inspirert av Êmile Zola sine tankar, og gjev eit realistisk bilete på korleis eit liv som har komme skeivt ut alt frå byrjinga av er dømd til å gå under.
Nikolai er son av Barbro, ei ”fjell-jenta” som har søkt seg til byen for å tjena pengar. Der får ho tilbod frå generalkonsul Weijergang om verta amme for borna hans, som han ikkje vil at kona hans skal måtta slita med. Barbro er ei ung og frisk jenta som passar utmerka i jobben. Etter mykje om og menn går ho med på dette, og set guten sin vekk til blikkenslagaren som ho har budd hos fram til no. Men blikkenslagaren får ikkje butikken til å gå rundt, så nauda vert stor der i garden og ungen fora med øl for at han skal vera stille.

Når Barbro får høyra om dette tek ho straks affære og får generalkonsulen til å omplassera guten til blokkmakar Holberg, som skal vera ein stødig kar med ei dugande kona. Dette går relativt bra, heilt til blokkmakarkona vert med born sjølv. Då misser ho interessa for Nikolai, og han vert berre ein slave for hennar eiga dotter, Silla. Lie gjer det klart at Nikolai er merkt for livet p.g.a. det han gjekk gjennom hos blikkenslagaren, sjølv om han ikkje hugsar det. Som eit resultat av denne oppsedinga er han uskikkeleg, og får difor mykje bank og straff av blokkmakarkona. Men han får mest bank på grunn av det voldsamme sinnet hennar, og frustarsjonen over mannen sin drikkfeldigheit.


Til tross for at Silla får mykje meir merksemd enn han gjer og at han må vera tjenaren hennar, vert han ikkje sjalu og hemnlysten på henne. Han vert fascinert av det vesle, uskuldige vesenet, og bestemmer seg for å verna det mot alt han har måtta gjennomgå.
Nikolai veks til, og flyttar frå blokkmakaren etter å slått ned son til generalkonsulen. Barbro misser jobben p.g.a. dette, og vil ha minst mogeleg med Nikolai å gjera.
Nikolai får seg jobb på ei smia og det verkar som om ting skal byrja å gå i orden. Men verden er ikkje så enkel. Når Nikolai flyttar ut, er det slutt den økonomiske støtten frå generalkonsul Weijergang, og dermed all velvilje frå blokkmakarkona si side. Ho legg difor ned forbod mot at Silla skal få møta Nikolai. Men dei to har vorte som søsken, og møter kvarandre i smug. Under eit slikt møte misser Silla to spesidalar som ho har hatt i lomma fordi ho skal kjøpa brød. Under kryssforhøret heima kjem det fram at dei to har møtt kvarandre, og blokkmakarkona stemplar med ein gong Nikolai som ransmann. På den måten kjem Nikolai for første gong i kontakt med politiet. At han slepp ut p.g.a. manglande bevis hjelp ikkje. Han er stempla for livet no. I smia kjem han i klammeri med dei andre fordi det sår tvil om hans uskuld, og han misser jobben. Det han fru Holman finn pengane i foret på kjolen til Silla nokre månader seinare har ikkje mykje å seia. Folk ser fortsatt på han som ein kriminell, men han får i alle fall jobbe tilbake.

Like etter dør Holman. Han har drukke seg i hjel, og Silla vert heilt knust av dette. Frå no av får Nikolai og Silla eit ande tettare forhold. Etter at Holman er daud, må Silla ta seg jobb for å hjelpa til me då dekka gjelda Holman har på kneipa. Gjennom den nye jobben på fabrikken kjem Silla, som no har vorte ei fager tenåringsjenta, i kontakt med son til generalkonsulen, Ludvig, og han utnyttar sin autoritet til å pressa Silla og venninnene hennar til å vera med han. Nikolai liker dette svært dårleg. Han og Ludvig er bitre fiendar frå før av. At Ludvig no prøver å ta frå han Silla også gjer ikkje situasjonen betre. Weijergang burde nøgd seg med å ta mora frå han! Under krangelen mellom Nikolai og Silla kjem det fram at dei to har sterke kjensler for kvarandre, og dei byrjar å planleggja giftarmål. Problemet er at fru Holman aldri vil gå med på dette fordi Nikolai har for låg status. Dermed byrjar han å leggja seg opp pengar som han kan slå i bordet med når han skal be om Silla.
Pengane får han fordi ha no har fått svennebrev og lønna difor har auka betydeleg. Det han ikkje reknar med er at mora skal komma tilbake. Men det gjer ho. Og med seg har ho planar om å starta butikk. Ho er av den formeining at sonen kan hjelpa til med startkapitalen, ettersom han ikkje har nokon andre å bruka pengane på så vidt ho veit. Og det skulle jo berre mangla etter alt ho har gjort for han! Dermed ryk pengane til han og Silla med, og planane må utsetjast fleire gonger fordi mora ikkje får butikken til å gå rundt. (Ho gjev vekk meir varer enn ho sel.)

Til slutt vert det Sankthansefta og Silla og veninnene hennar vert beden med på Marknad av Ludvig Weijergang. Det vert sjølvsagd ikkje Nikolai, så han leiter etter Silla over heile byen for å gi henne ein presang han har laga. Til slutt søkjer han opp mot Marknaden. Han prøver å komma seg inn, men har berre pengar til å komma inn i hagen, eit uteområde der ein kan sitja og drikka. Men Silla er ikkje å sjå. Så han prøver å komma seg inn i danseteltet, noko som ikkje går. Men medan han står der i opninga ser han Silla som dansar med Ludvig, og dermed kokar det over for han. Når Ludvig kjem innanfor rekkevidde slår Nikolai til han med skrinet han skulle gi Silla, og Weijergang går rett i bakken. Nikolai vert pågripen og satt i fengsel. Dagen etter vert det klart at Ludvig er daud, og at Nikolai dermed er drapsmann.

Silla klandrar seg sjølv for det som har skjedd og

”Neste morgen sås et stykke av en kjole stikke opp av den løse snømørje i dammen. Hodet var i det høye fall fra brua knust imot iskanten.”

Nikolai vert dømd til straffarbeid på livstid.
Boka endar med at Nikolai seier ”Slapp jeg ut, så kom jeg bare inn igjen…For, enten er det verden som skulle på slaveriet, eller også er det meg…og det siste får det vel stå ved!”

Boka er ei forteljing om korleis kvart enkelt menneske er dømd, heilt frå fødselen av. Same korleis dei ber seg åt, vil det gå slik samfunnet vil, eller slik samfunnstoppane vil. Nikolai kjem frå dårlege kår. Dermed har ikkje samfunnet tiltru til han, og same kva han rotar seg borti, er det naturleg å utpeika han som syndebukk. Dette er tankar og teoriar frå samtidas filosofar , og går igjen i dei aller fleste realistiske romanar. Det som er litt spesielt med Lie er at han legg så stor vekt på dei gode intensjonane til ”syndebukken”. Nikolai har høg moral (eit resultat av den harde oppveksten) og forsøker så godt han kan, men fordi han står så lavt i hierarkiet vert han straffa for syndene til dei som sit på toppen.

Ei anna side Lie ville vise var korleis borgarskapet både direkte og indirekte øydela liv. Han ville visa at ved å gje bornet deira ei ekstra mor, missa nokon andre si. Når dei brukte sin autoritet til å få seg kvinnfolk, øydela dei livet til den jenta eigentleg var glad i. Og så ville han sjølvsagd få fram korleis systemet er lagt opp til å gjera dei rikaste enda rikare.
"Livsslaven" vert rekna som eit av hovudverka til Jonas Lie. Boka vart faktisk så kjend at ein av Sverige sine mest berømte forfattarar, August Strindberg, henta inspirasjon til diktinga si frå den bl.a. i novellesamlinga si ”Giftas”.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil