Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Teknologistaten

Teknologistaten

Krimaktig novelle.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
16.03.2001
Tema
Data


Frå guterommet hørdes det ein rar lyd. Faren i huset var sikkjer på at det var lyden av eit av dei gamle pc-tastatura som han hadde da han var lita, sjølv om det ikkje var noko særlig sannsynlig at det var det. Noko slikt hadde han ikkje sett på over 40 år. Han mintes dei gamle dagane før dei biologiske datamaskinane kom på marknaden. Jo, det var ein fin tid det. Det var da menneska verkeleg gjorde noe med maskinane, no til dags gjer dei jo alt sjølve, ikkje noko moro i det. Han huska tydeleg gleda da han fekk sin første pc for over 60 år sida. Sonen hans, Petter, hadde oppført seg rart den siste tida, han hadde berre sitte på rommet sitt eller vært på mystiske turar på natta. Men viss det var det han vil, så får han ta konsekvensane av det, tenkte faren. Han så ut av vindauget og bestemte seg for å vente litt før han så etter kva som hendte, det kunne jo hende at guten ikkje gjorde noko gale likevel. På utsida lavet snøen ned i hagen, han fikk vel sjå til at ein av robotane måka der.


Hadde han sett inn på rommet til sonen ville han sett at han hadde rett, sonen satt faktisk ved ein gamal PC. Han hadde funnet det i eit gamalt lagerhus på austkanten av Gamle Oslo. I det siste hadde han brukt mange netter der nede med dei nye venane sine. Plutselig, for 3 veker sia, hadde han plutseleg følt ei merkeleg kjensle av at noko var galen i livet hans. Han ville gjere ting som andre ikkje gjorde. Samtidig slo det ham at fortida fascinerte ham. Så blei det til at han begynte å gå rundt på austkanten, der kor dei fattige bor. I natt hadde han funnet denne gamle datamaskinen, den første han hadde funnet som virke. Datamaskinen, produsert i 2032, så akkurat ut som dei datamaskinane han hadde i historieboka på skulen. No satt han der og storkoste seg framfor denne teknologiens dinosaurus. Han tenkte på å fortelje faren om funnet, men bestemte seg for å vente til han hadde utforska den helt. Den sto der som et uutforska mysterium, i skarp kontrast til den 3 månader gamle datamaskina som stod ved sida. Til nå hadde han ikkje skjønt så mye av den gamle, tastatur og mus var noe han aldri hadde sett eller brukt før, og han hadde ikkje aning om korleis han kunne koble tankekontrollenheten til den, men han fikk vel teken på det snart.

Han tek til å trykke på knappane igjen. I ei mappe kom han over ein nybegynnarmanual. Den tok visst for seg alt det grunnleggande med å bruke datamaskina. Han begynte å lese. Det gjekk fort opp for ham at dette var noko heilt anna enn det han var vant til. Det så ut som at han måtte fortelje PC-en kva den skulle gjere. Etter å ha følje instruksjonane skjønte han plutseleg mykje meir. Riktig morosamt var det blitt. Datamaskina hadde tilhørt ein viss Leif Molina frå Oslo. Så vidt han kunne sjå, var han ein framtredande datagrafikar, ein pioner innan data, faktisk så kjent at han var komme inn i Guinnes’ database over rekordar som verdas meistproduserande grafikar. For ein utrolig flaks han hadde hatt med å finne denne skatten.

Bortsett frå mange samtidsfilmar og bildar innehald maskina berre ein anna interessant fil, ein kritisk novelle om teknologiens innverknad på samfunnet. Den var skrive av Leif sjølve, og kritiserte sterkt at man prøvde å implantere datamaskinar inn i menneskekroppen. Noe så idiotisk, tenkte Petter, det er jo ikkje noe gale med det, alle gjer det jo. Seinast i førre veke hadde forskarar i USA klart å klone fram eit menneske som hadde ein heilt dataintegrert hjerne. Korleis kunne folka på den tida tru at slikt kunne være negativt. Etter at regjeringa innførte tvungen implantering av overvakningsutstyr i alle menneske har kriminalstatistikken forbetra seg dramatisk. Berre i dei fattige slumstrøka rundt hovudstaden, der kor ingen har råd til slike ting, finnes det framleis forbrytarar. Viss nokon med dette i seg gjorde noko ulovlig kunne man berre sjekke loggen over kor dei hadde vori, og så var det ikkje noko å si på det, kriminelle handlingar vart hardt straffa. Berre det å tenkje på å snike på ein buss eller tog var nok til å bli sendt til fengsel for 2 år. På skulen hadde han hørt at han ikkje skulle kritisere styret i landet, dei hadde alltid rett i alt. Men kvifor skulle han det? Det dei seier er jo alltid rett, og alle dommar er rettferdige. Ingenting skulle stå i vegen for teknologiske framskritt. Når han tenkte seg om, så var det han gjorde akkurat da også ulovlig. Å bruke så gammal teknologi kunne ikkje være noko anna enn det nei. Men sjansen for å bli tatt var liten.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil