Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Henrettelsen

Henrettelsen

Tentamensoppgave i nynorsk.

Karakter: 5+ (9. klasse)

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
07.03.2010


Ho har fortalt den same historia om att og om att. Mor mi har har fortalt same historia om att og om att. Den historia om korleis far min forsvant. Ho seier det same: Det var skodda den natta, og heile Alta var dekt med fleire meter med snø. Lavoane me budde i var iskalde, og det var vanskeleg og halde varmen. Du var berre to år når dette hendte, Thea, så du hugsar det sikkert ikkje. Far din stod utanfor og hogga ved, så ikkje me skulle frysa i hel. Når han kom inn med veden, var han heilt blå på fingrane, men han forsatte, for vår skuld. Han var ein flott mann, Thea, skulle ynskje du kunne vert kjend med han.

 

Han hadde vert der ute ei stund, da eg høyrde han byrja å snakka med nokon. Fyrst trudde eg han snakka med seg sjølv, men når eg gjekk ut for å sjå, stod lensmannen og nokre andre politimenn der. Eg sat deg i frå meg i teltet, og gjekk bort til lensmannen. Eg spurte kva som hadde skjedd, og kva politiet hadde her å gjera midt på natta. Dei sa at far din hadde tatt nokre rein i frå naboen, og visst ikkje han gav dei tilbake vart han arrestert. Hidjur sa at han ikkje hadde røyrt reina til naboen. Det var då politiet greip fatt i han, og drog han med seg ned til politistasjonen. Eg kunne ikkje vera med han ned midt på natta, sia eg hadde deg, så eg tenkte eg skulle ned om føremiddagen. Den natta var det vanskeleg å sova, det var kaldt og mannen min var under arrest. Eg kjende meg heilt ubrukelig og naken ut utan han. Han var ein del av meg, utan han var eg ikkje heil.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil